Hopp til innhold
X
Innhald

Yngve

Yngve er eit mannsnamn frå det norrøne Yngvi, truleg ei utvida form av det urnordiske *Ingwaz. Sideforma Ingi er forledd i ei rekkje samansette namn. I norrøn mytologi er Yngve eit namn på guden Frøy. Namnet er kjent som førenamn sidan 1860-talet.
(* rekonstruert form)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.10.2013
Sist oppdatert: 31.10.2013