Hopp til innhold
X
Innhald

Etternamn

Bruken av faste etternamn er ein relativt ny skikk i norsk namnekultur. Noreg var mellom dei aller siste landa i Nord-Europa som fekk ei eiga lov om personnamn i 1923, med krav om faste og arvelege slektsnamn.

Tre av fire nordmenn ber eit gardsnamn som etternamn. Ingen andre land i Norden eller Europa elles har eit tilfang av etternamn med så stor dominans av gardsnamn. Den andre store gruppa etternamn av norsk opphav er sen-namn eller patronym. Samiske etternamn er få, men dei vanlegaste har høg frekvens. I tillegg kjem to grupper etternamn med utanlandsk opphav, ei gruppe etter dansk og tysk mønster med grunnlag i eldre innvandring, særleg yrkesnamn og innbyggjarnamn, og ei gruppe med grunnlag i nyare innvandring frå ikkje-vestlege kulturar, særleg vietnamesisk og muslimsk.
 
I dag er etternamn den vanlege nemninga for det siste leddet i ei namnerekkje, som både er i tråd med utbreidd språkbruk og ei vidareføring av dei innarbeidde nemningane fornamn og mellomnamn. Etternamn vart også teke i bruk i den siste lova om personnamn frå 1.1.2002. Før bruken av personnamn vart regulert ved lov i 1923, vart det gjerne skilt mellom tre slag etternamn. Slektsnamn, på nynorsk også ættenamn, var faste etternamn som følgde slekta frå generasjon til generasjon. Gardsnamn var etternamn som var bundne til garden meir enn familien. Når ein bonde fekk seg ny gard, tok han det nye gardsnamnet som etternamn. Farsnamn, også kalla patronym, var knytte til berre ein generasjon og var såleis ikkje faste etternamn, slik som dei to andre.
 
Mellomalderen
Like fram til 1800-talet hadde dei aller fleste nordmenn berre eitt namn, fornamnet, i samsvar med ein tradisjon som går tilbake til dei eldste skriftlege kjeldene vi har. Den mest kjende historiske personen i Noreg i mellomalderen, Olav den heilage, heitte Olav og bar det religiøse tilnamnet den heilage. Han bar også tilnamnet Digre (Olav Digre) etter kroppsforma og farsnamnet Haraldsson, som opplyste om kven faren var, Harald Grenske. Tilnamnet Grenske fekk Harald fordi han kom frå Grenland i Telemark.
 
Farsnamn som Haraldsson er opphavet til sen-namna eller patronyma (typen Hansen), som er så utbreidde i Noreg i dag. Kvinner bar på tilsvarande vis patronym med etterleddet dotter, som Ragnhild Magnusdotter. Såkalla matronym av namnet til mora med tillegg av son (Åsteson, Gunnhildsønene) eller dotter (Ragnhilddotter) var og er svært sjeldne.
 
Dagleg leiar i Allkunne har eit patronym og eit gardsnamn. Foto: Allkunne.
 
Dagleg leiar i Allkunne har eit patronym og eit gardsnamn. Foto: Allkunne.
 
Tilnamn av same slaget finn vi på mange personar kjende frå Snorres kongesoger, som Jorunn Skaldmøy, Aud den djuptenkte og Åsa den lyse, Olav Kyrre ('den rolege', opphav også til fornamnet Kyrre), Håkon Herdebreid ('den breiskuldra'), Inge Krokrygg og Magnus Berrføtt. Eit tilnamn av denne typen som opphavleg var knytt til berre ein person, kunne seinare få funksjon som eit fast etternamn og følgje generasjonane framover. I motsetnad til i andre land vart likevel denne namnetypen lite utbreidd her i landet. Dei fleste som i dag ber slike tilnamn som faste etternamn, har utanlandsk opphav. Tilnamnet Digre 'diger', 'kraftig' finst typisk nok ikkje som eit norsk etternamn, men derimot Groth frå tysk groβ 'stor', 'tjukk'.
 
På slutten av mellomalderen dukkar dei første etternamna opp i adelsslekter gjennom dansk etter tysk mønster. Slekta Galtung er kjend alt frå 1300-talet med tilnamnet Galt 'galt', 'villsvin' etter adelsmerket. Aslak Bolt vart både erkebiskop (1428) og riksråd (1449). Namnet Bolt hadde han etter ein bolt 'jernpigg', 'bolt' i våpenskjoldet. Den siste katolske erkebiskopen Olav Engelbrektsson, fødd noko seinare, ca. 1480, bar derimot eit førenamn og farsnamn slik skikken var. Thorbjørn Olufsen Skaktavl (død 1577) var den siste katolske presten på Toten, med namn etter ein sjakkbrettmønstra skråbjelke i våpenskjoldet, tidlegare kalla 'skakktavla'. Godseigar Jens Bjelke (død 1559), som kom til Noreg frå Skåne i Danmark, bar namnet etter våpenskjoldet med ein bjelke i.
 
1500-talet
På 1500-talet flytte skikken med faste etternamn seg gradvis nedover i dei sosiale laga, til kjøpmenn, forfattarar og embetsmenn som futar, prestar og offiserar. Forfattaren Peder Clausson Friis (1545–1614) ber ei tradisjonell namnerekkje som signaliserer høg sosial status gjennom etternamnet Friis, opphavleg tilnamn 'frisar', 'person frå Friesland', på same måten som Absalon Pedersson Beyer (1528–75) med eit liknande tilnamn 'person frå Bayern'. Kona til Absalon, Anna, er derimot nemnd berre med patronymet Anna Pedersdotter, likeins forfattaren Dorothe Engelbretsdotter (1634–1716).
 
I hundreåra framover stig alle kjende personar i norsk samfunnsliv fram med faste etternamn. Johan Nordahl Brun (1745–1816) var biskop og diktar, med etternamn etter tilnamnet 'brun'. Forfattaren Johan Herman Wessel (1742–85) var presteson med etternamn etter ei kjæleform av mannsnamnet Werner. Far til Petter Dass (1646–1707) var innflyttar frå Skottland med namnet Dundas etter eit gælisk stadnamn.
 
Etternamn som Friis og Beyer med tydinga 'person frå ...' ligg nær den namnetypen som etter kvart kom til å dominere her i land. Danske prestar hadde lenge hatt som skikk å ta etternamn etter soknet. Til dømes tok far til Vidkun Quisling namnet etter Kvislemark sokn på Jylland. Prestenamn med norsk opphav er Leganger etter Leikanger sokn i Sogn, kjent frå ca. 1650, og Undahl (Undal) etter Undal sokn, i dag Audnedal i Vest-Agder.
 
Når diktaren Ludvig Holberg (1684–1754) bar namnet etter garden Holberg i Sør-Trøndelag og Henrik Wergeland (1808–1945) etter garden Verkland i Sogn, følgjer dei på ein måte eit mønster blant prestar i samtida. I Ringsaker i Hedmark budde på 1700-talet Marthe Hedemark, som høyrde til bondearistokratiet.
 
Patronym
Til godt frampå 1800-talet bar folk flest, det vil seie bønder, fiskarar og handverkarar, framleis berre eit førenamn og eit patronym eller farsnamn som naturleg nok skifte med kvar generasjon. Ei dotter av Tormod fekk patronymet Tormodsdatter og sonen Tormodsen med det opphavleg danske etterleddet sen for son eller søn(n). Denne skikken heldt seg i kyrkjebøkene til dei første tiåra på 1900-talet, men dei som hadde tilknyting til ein gard, fekk i tillegg ført opp gardsnamnet, i førstninga mest som ei adresse eller ei opplysning om kvar dei budde. Dette tillegget med gardsnamn er opphavet til den dominerande etternamntypen i Noreg.
 
Vi kan observere denne utviklinga i listene over emigrantar på veg til USA. Far til den norske utvandringa Kleng Pedersen (fødd 1783) (amerikanisert til Cleng Peerson), ber eit ekte patronym som son til Peder (Per). I lag med Kleng reiste Knut Olsen Eide med den etter kvart særprega norske namnerekkja fornamn+patronym+gardsnamn. Etterkomarane etter Knut ville halde på Eide som fast etternamn, og borna til ein Pedersen ville halde på Pedersen.
 
Særleg blant handverkarar i byane vart dei stivna patronyma etter kvart nokså vanlege, medan folk frå primærnæringane i dei aller fleste tilfella tok gardsnamnet som fast etternamn og i ein periode brukte eit ekte patronym som mellomnamn. Sidan Anna, fødd 1913, var dotter til Tormod frå garden Helland, vart ho ført inn i kyrkjeboka med namnerekkja Anna Tormodsdatter Helland, eller Anna T. Helland som ho helst ville skrive seg. I neste generasjon ville patronymet ha falle bort, og den namnerekkja vi kjenner frå i dag, hadde teke over: Anna Helland.
 
Skikken med vekslande patronym i same slekta lét seg ikkje lett tilpasse eit meir byråkratisert samfunn på 1800-talet, sidan alle medlemene i ein familie kunne stå oppførte i offisielle lister med ulike patronym. Slike vekslande patronym kallar vi ekte patronym eller primærpatronym, i motsetnad til patronym som vart førte vidare i slekta. Dei kallar vi stivna patronym eller sekundærpatronym. Dei stivna patronyma vart på 1800-talet stadig vanlegare, men for samtida såg dei unekteleg naturstridige ut når døtrene til Knut vart heitande Knutsen i staden for Knutsdatter, og i neste generasjon kunne det godt hende at ingen var anten son (‑sen) eller dotter (‑datter) av Knut, men av Tormod! Knutsen heitte dei like fullt. Farsnamna med etterleddet sen (Knutsen) hadde vorte kjønnsnøytrale med ny funksjon som ordinære, faste etternamn.
 
Dei siste tiåra kan vi leggje merke til ein ny tendens til at særleg jenter får eit ekte patronym som mellomnamn, altså mellom fornamnet og etternamnet: Gregoriusdotter, Nilsdotter, Hildedatter. Naturleg nok vert ikkje desse mellomnamna førte vidare til neste generasjon.
 
Då den første norske namnelova kom med krav om at alle born fødde etter 1. juli 1923 skulle få eit fast etternamn, var denne praksisen alt vel etablert. Samstundes vart det lagt ned forbod mot å føre den eldgamle skikken med ekte patronym vidare. Islendingane valde i 1925 den motsette løysinga og vedtok som hovudregel at born skulle få eit fornamn og eit ekte patronym. I den norske namnelova frå 2002 vart det på nytt, altså 80 år etter forbodet, opna for bruken av ekte patronym etter ønskje frå innvandrargrupper med ein slik namnetradisjon.
 
Fire grupper etternamn
I det norske namnespekteret i dag kan vi observere fire nokså klart skilde grupper med kvar sine karakteristiske kjenneteikn. Ei gruppe er særmerkt norsk, dei tre andre internasjonale.
 
Gardsnamn. Største gruppa er etternamn med opphav i norske gardsnamn eller bustadnamn. Den gruppa er størst både i talet på namn og talet på berarar, snautt 75 prosent av alle nordmenn ber i dag eit gardsnamn som etternamn. Dominansen av gardsnamn gir nordmenn ei kjensle av at denne typen etternamn er den normale og ønskjelege. Derfor vil dei fleste som skifter etternamn, velje anten eit verkeleg gardsnamn lenger tilbake i slekta eller frå ektefellen ved giftarmål.
 
Dersom dei ikkje har høve til det, kan dei velje eit nylaga etternamn som dei fleste vil oppfatte som eit ekte gardsnamn. I 1940-åra vart det gitt ut to bøker med til saman 3722 framlegg til etternamn av gardsnamntypen som alle var konstruerte eller nylaga. Heile 1824 av desse nylaga namna vart faktisk tekne i bruk. Stålsett og Jagland er blant dei meir kjende. Dominansen av gardsnamn som etternamn gjer Noreg til det landet i Europa med flest etternamn av denne typen.
 
Mange etternamn finst i fleire skriftvariantar, Holseter finst i heile åtte variantar og Austrått i fem variantar. Ikkje så sjeldan er det slik at eit gardsnamn som etternamn har to variantar, ein i fornorska form frå tida etter 1900 og ein i danskspråkleg form, som ofte følgde med dei som reiste til byane frå landsbygda på slutten av 1800-talet. Dei som vart buande i bygda, tok i bruk den nyare og fornorska varianten, medan dei som var etterkomarar i byane, heldt på den eldre og danskspråklege. Døme på slike skriftvariantar er Vestly (Time på Jæren) og Westlye, Valheim (Årdal i Ryfylke) og Wallem, Stråpa (Suldal i Ryfylke) og Stråbø.
 
Patronym. Patronyma i den andre store gruppa etternamn er færre. Det finst om lag 2000 mannsnamn som kunne vere aktuelle, men berre ca. 1400 patronym var i bruk blant ca. 25 prosent av folket i år 2000. Det vanlegaste patronymet, Hansen, hadde 56 228 berarar i 2008. Dersom vi legg til Johansen på andreplassen, er det godt over 100 000 personar som ber desse to namna. Til samanlikning har det vanlegaste etternamnet av gardsnamntypen Berg berre 18 407 berarar og det neste, Haugen, 14 625.
 
Sidan patronyma er mindre identitetsskiljande eller meir anonyme enn gardsnamna, er dei på retur. Vi har i mange år sett ein klar tendens til at folk med sen-namn ønskjer å skifte til eit gardsnamn. I 1975 heitte 74 808 personar Hansen. Det inneber ein tilbakegang på 18 580 fram til 2008. Etternamna Helland og Tveit gjekk i perioden 1993–2008 fram med til saman 382 berarar, ei popularitetsutvikling vi kan sjå i dei fleste etternamna av gardsnamntypen.
 
Eldre lån. Den tredje gruppa etternamn er eldre namn av utanlandsk opphav som kom til Noreg gjennom Danmark i unionstida og framover på 1800-talet med embetsmenn som prestar og offiserar med utdanning frå Danmark, handelsmenn som følgde hanseatane og slo seg ned langs kysten med hovudsete i Bergen, handverkarar, bergverksfolk med røynsle frå tysk gruvedrift osv. Etternamna til desse innvandrarane følgjer til vanleg eit tysk mønster, stundom i ei meir danskspråkleg form.
 
Nokre av dei mest vanlege er yrkesnamn som Müller 'møllar' eller Møller i dansk form, Schmidt 'smed' med varierande skrivemåtar, Meyer 'godsforvaltar', 'forpaktar', 'bonde' og Bødtker 'bøkkar', 'tønnemakar'. Ei anna stor gruppe har utvikla seg frå geografiske tilnamn, som Friis, Beyer og Holst 'person frå Holstein'. Etternamn laga av tilnamn frå kroppslege trekk eller eigenskapar er Brun (Bruun), Groth, Lange og frå Skottland Campbell 'person med skeiv munn'. Ein type for seg er Winther, Sommer og Paasche etter årstider og ei høgtid.
 
Ein av dei vanlegaste etternamntypane i Europa er yrkesnamn, og smeden fekk namn på mange språk: tysk Schmidt, engelsk Smith, fransk Lefèvre, portugisisk Ferreira, italiensk Ferrari osv. Yrkesnamn vart ikkje til etternamn i Noreg, ingen smedar, snikkarar eller fiskarar kalla seg Smed, Snekker eller Fisker.
 
Pyntenamn eller ornamentale etternamn som er så vanlege i Sverige (Strandmann, Ågren), har ingen tradisjon i norsk namnekultur, heller ikkje humanistnamn som dei svenske Leander, Tegnér og Norén med namneledd av gresk og latinsk opphav.
 
Nyare innvandrarnamn. På namnestatistikken dukkar ei fjerde gruppe av nyare innvandrarnamn opp, med det vietnamesiske Nguyen på topp på 59. plass i 2008. Det mest frekvente muslimske etternamnet er Ali på 106. plass, etterfølgt av Ahmed på 125. plass, men dersom vi hadde slått i hop alle variantane av Muhammed, ville det namnet ha nådd svært langt opp på frekvenslista.
 
Samiske namn
Av dei samiskspråklege etternamna høyrer flest til den nordsamiske greina, godt over 50, med Eira, Sara, Hætta og Gaup på topp i 2008, med ca. 500 berarar kvar. Det er eit større sprang til Utsi på femteplass, med 330 berarar.
 
Vi veit ikkje heilt sikkert korleis skikken med etternamn i samisk kultur opphavleg oppstod. Han kan ha vakse fram etter eit eldre samisk førelegg med namn på større familiegrupper eller i samverknad med oppkomsten av nordiske etternamn frå 1600-talet av.
 
Fleire typar er representerte. Den vanlegaste er etternamn med grunnlag i fornamn som Eirá av mannsnamnet Eirik, Gaup av samisk Gávpa av Jakob, og Mággá av kvinnenamnet Margareta. Nokre har opphav i stadnamn om lag som norskspråklege etternamn av gardsnamn, som Hætta av Heahttá etter det svenske stadnamnet Hedenäset i Övertorneå, og Gáski av eit finsk gardsnamn til kaski 'sve', 'rydning'. Andre kan byggje på tilnamn som Utsi av uhcci 'liten' og Smuk av norsk smuk 'gjevmild', 'gjestfri'.
 
Sidan talet på sørsamar er svært lågt, finst det få typisk sørsamiske etternamn. Ei gruppe er namn etter fjellområdet der dei held til, som Jåma etter fjellet Jåavma (Jomafjellet) i Røyrvik og Kappfjell etter eit fjell i Grane, av gaebpie 'kam', 'taggete fjellrygg'.
 
Etter fleire hundreår med fornorskingspress har vi dei siste tiåra sett ein overgang til eit meir samiskspråkleg namneverk, også innanfor personnamn.
 
Lov om personnamn 1923
Den første norske lova om personnamn frå 1923 kravde at alle innbyggjarar skulle bere eit fast slektsnamn. Denne hovudregelen gjorde samstundes slutt på den eldgamle skikken med ekte farsnamn eller primærpatronym. Det var ikkje tillate med doble slektsnamn av typen Aas Lund eller Aas-Lund.
 
Namnelova 1964 og seinare endringar
Lova vart revidert i 1964 med ei viss liberalisering som eit resultat av arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn. Born kunne ta mora sitt etternamn ved ei enkel melding, og kvinner kunne halde på etternamnet ved giftarmål. Fleire endringar for å fremje likestilling følgde i åra etterpå. Ei endring i 1979 slo fast at foreldra skulle velje etternamn for barnet når dei ikkje fekk sams etternamn ved giftarmål. Dersom ikkje foreldra melde frå om val av etternamn, fekk barnet automatisk mora sitt etternamn. Born fødde utanfor ekteskap fekk mora sitt etternamn ved fødselen.
 
Rettsvernet for slektsnamn vart oppmjuka mot slutten av 1900-talet. Eit eldre krav om tilknyting til eit slektsnamn for å kunne velje det som nytt etternamn, vart gitt opp. Ein person kunne ved ei enkel melding til folkeregisteret melde frå om skifte til eit namn som var såkalla 'fritt', det vil seie bore av meir enn 300 personar. Seinare vart denne grensa auka til 500 personar, og departementet gav ut lister over etternamn som folk fritt kunne velje.
 
Namnelova 2002
Namnelova av 2002 førte til ei sterk liberalisering av regelverket og ein forenkla saksgang. Grensa for rettsverna namn er sett til 200. Alle namn som er borne av fleire enn 200 personar, kan fritt veljast til etternamn, likeins dersom namnet finst i slekta hos besteforeldre eller oldeforeldre, utan omsyn til kravet om minst 200 berarar. Ekte patronym (Sveinsdotter, Sveinsson) eller matronym (Karidotter, Karison) kan veljast, men følgjer personen og kan dermed ikkje overførast til nye slektledd. Slike patronym kunne tidlegare berre brukast som mellomnamn.
 
Full likestilling vart gjennomført ved at ektefellar fritt kan velje den andre sitt etternamn eller begge med bindestrek, born kan få etternamnet til mora eller faren eller begge etternamna med bindestrek mellom. Doble etternamn utan bindestrek er framleis ikkje tillatne. Det neste siste etternamnet i ei namnerekkje utan bindestrek vil som før ha status som mellomnamn som ikkje automatisk vert ført vidare til neste generasjon. Berre eitt dobbelt etternamn med bindestrek er tillate.
 
Resultat av liberaliseringa
Overgangen frå patronym til særleg gardsnamn som etternamn ser ut til å halde fram også etter den siste lova om personnamn. Sidan det i dag er få avgrensingar i valet av etternamn, vil nokon søkje bakover i slekta etter namn med ein eldre skrivemåte (Wang for Vangen) eller etternamn som kan ha falle ut gjennom slektledda. Bruken av bindestreksnamn aukar på etter giftarmål og særleg som etternamn til born, typen Vangen-Tveit, og endå vanlegare enn før har det vorte med mellomnamn og etternamn av typen (Solveig) Vangen Tveit. Mange er ikkje klar over at mellomnamnet Vangen, som er eit etternamn av klassisk type, formelt fungerer som eit fornamn som ikkje vert ført vidare i neste generasjon. Dersom begge namna skal førast vidare, må dei skrivast med bindestrek Vangen-Tveit.
 
I massemedia har ein vore opptekne av nokre godtekne søknader om etternamn som klart er i strid med norsk namneskikk. Nokre dreiar seg om morosame eller ville påfunn (Hværsaagod, Bånnski, Kolaautomat), idol- eller medienamn eller meir eller mindre seriøse søknader som Eplet (ein fruktdyrkar) og Tog (ein togentusiast). Mange frå det namnefaglege miljøet meiner at liberaliseringa har gått for langt.
 
Nordiske etternamn
Vi avgrensar omtalen av etternamn i Norden til det nordiske språkområdet. Dei nordiskspråklege landa står kvarandre så nært kulturelt at vi skulle vente store likskapar i typen etternamn, men slik er det faktisk ikkje. Desse landa har alle sin særmerkte kategori etternamn som er nokså eineståande i Europa. Noreg er det landet i Europa som har flest etternamn med opphav i gardsnamn, Island har lovfest eit system med ekte patronym, Danmark er landet i Europa med størst dominans av sekundærpatronym (sen-namn) og Sverige har ei særmerkt gruppe av soldatnamn og såkalla borgarlege namn. Av historiske grunnar står Færøyane i ei mellomstilling.
 
Island
I 1925 vedtok islendingane å lovfeste det gamle nordiske systemet med ekte patronym eller primærpatronym. Over 90 prosent av alle islendingar ber dermed ikkje slektsnamn og skal nemnast berre med fornamnet. Den islandske artisten Björk Guðmundsdóttir (fødd 1965) heiter Björk og er dotter til Guðmundur, og presidenten Ólafur Ragnar Grímsson (vald første gongen i 1996) heiter Ólafur Ragnar og er son til Grímur. Primærpatronyma følgjer frekvensen av mannsnamn, med Jónsdóttir og Jónsson, Guðmundsdóttir og Guðmundsson på topp.
 
Dei personane som i 1925 bar arvelege slektsnamn, fekk løyve til å halde på dei. Blant dei eldste er det latiniserte Thorlacius etter biskop Þorlákur Skúlason på 1600-talet og Vídalín etter latinisert form Widalinius av gardsnamnet Viðidalstunga. Frå 1700-talet av oppstod fleire arvelege slektsnamn etter utanlandsk mønster, mange av stadnamn som Laxdal og Blöndal. Forfattaren Halldór Kiljan Laxness (1902–1998) ber namn etter gardsnamnet Laxnes. Nokre opphavleg ekte patronym gjekk over til å verte arvelege slektsnamn, som Thorarensen av Þórarinsson. I dag er det registrert om lag 2500 slektsnamn på Island.
 
Danmark
Sidan Danmark grensar til det tyske kulturområdet, kom skikken med faste slektsnamn tidleg hit, først til adelen med eit påbod i 1526, og seinare spreidde han seg nedover i dei sosiale samfunnslaga til kravet om faste slektsnamn for alle danskar vart innført i 1828.
 
Mange adelege tok namn etter våpenskjoldet slik den tyske skikken var, til dømes Bielke etter ein bjelke i skjoldet. Embetsmenn kunne leggje seg til med latiniserte namn som Pontoppidan etter stadnamnet Broby (latin pons 'bru'), ta namn i tysk form etter ei sokn eller ei bygd, som Tesdorff etter Testrup, eller yrkesnamn i tysk form (Müller, Schnitler) eller dansk form (Møller). Som i Noreg ber også mange danskar etternamn med grunnlag i gardsnamn og andre stadnamn, til dømes Vestergaard, Bolding og Grønkjær. Det er klare parallellar mellom namnebruken i Danmark og blant embetsmenn og innvandra handverkarar i Noreg, sjå framstillinga om norske etternamn.
 
Sidan kravet om faste etternamn vart innført medan systemet med ekte patronym var levande, fekk dei fleste danskar eit sen-namn som etternamn. I dag er Danmark det landet i Europa der færrast namn er brukte av flest personar. På topp i 2008 er Jensen med 278 782 berarar, Nielsen med 275 744 og Hansen med 231 221. Såleis er berre tre etternamn i bruk blant 785 747 danskar. For å markere identiteten betre har mange danskar teke i bruk eit mellomnamn med eller utan bindestrek, over ein tredel av folket ber eit mellomnamn, som politikarane Uffe Ellemann-Jensen (fødd 1941) og Kirstine Ladefoged Jensen (1907–64).
 
Sverige
Etter Danmark er Sverige det nordiske landet med flest patronym. På topp ligg Johansson med 265 308 berarar, deretter Andersson med 263 518 og Karlsson med 201 681, til saman 730 507 berarar av tre etternamn (2008).
 
I Sverige som i Norden elles fekk storparten av adelsklassen faste slektsnamn frå 1500-talet og utetter, i nokre tilfelle direkte lån frå Danmark som Bielke og Gyllenstierna etter adelsmerket. Tysk namneskikk var mønsteret, og mange av namna fekk tyskspråklege trekk gjennom ledd som ‑en‑ i Oxenstierna og von i von Beijer.
 
Prestar tok gjerne etternamn med ledd frå gresk, til dømes ‑ander av gresk andrós 'mann', 'menneske' (Leander, Kjellander), og latin ‑ius, som var utbreidd i romerske namn (Horatius), til dømes Afzelius. Den finske komponisten Sibelius (1865–1957) var fødd i ein svenskspråkleg familie. Stadnamn kunne verte heilt eller delvis omsette til ei latinsk form, som Skog til Sylvanus av latin silva 'skog' og Högen til Celsius av latin celsus 'høg'.
 
På 1700-talet fekk fransk høgare status, og franskklingande ledd erstatta i mange tilfelle dei latin- og greskinspirerte avleiingane. Slik oppstod dei frekvente ledda ‑ell, ‑en, ‑in og ‑an, som vi kjenner frå dagens svenske etternamn: Forsell, Norén, Mellin, Montan.
 
Medan nordmenn tok heile stadnamnet som etternamn, vart det i Sverige på 1700-talet på mote å kombinere eitt ledd frå eit stadnamn med naturledd som ‑berg, ‑gren, ‑kvist, ‑lund, ‑ström. Stadnamnet Brevik kunne verte grunnlag for Bredström, Almby for Almgren osv. Seinare kunne namn lagast av meir tilfeldig samansette ledd, dei fleste frå planteriket. Denne namnetypen, som vi gjerne kallar dei toledda, borgarlege etternamna, vart så populær at han er ei markørgruppe i svensk namnetilfang og vert av andre folk i Norden gjerne oppfatta som typisk svensk. Sverige er det landet i Europa som har flest slike konstruerte, toledda namn, ofte kalla ornamentale.
 
Blant dei hundre vanlegaste etternamna høyrer om lag 40 til den siste gruppa, med Lindberg, Lindström, Lindgren, Lundberg og Bergström på topp. Dei aller vanlegaste ledda i dei toledda er ström (Sandström) og berg (Bergqvist, Strömberg). Mange svenskar ber tyskpåverka namn som Falk (tysk Falk, Falch), Nyman (tysk Neumann), Krüger 'krovert', Wolf 'ulv' og Vogel 'fugl'.
 
Ei heilt spesiell namnegruppe er dei såkalla soldatnamna, opphavleg tilnamn eller tenestenamn under verneplikta, som etter kvart fekk funksjon som etternamn: Hurtig, Rask, Svärd.
 
 
Kjelder
Eva Brylla: Andersson, Pettersson, Lundström och … Beachman. Uppsala 2009
Lov om personnavn. Tradisjon, liberalisering og forenkling, Norges offentlige utredninger 2001:1
Anders Løøv: «Sørsamiske etternamn», Norsk etternamnleksikon. Oslo 2000
Håkan Rydving: «Nordsamiske slektsnamn», Norsk etternamnleksikon. Oslo 2000
Olav Veka: Norsk etternamnleksikon. Oslo 2000
 
Peikarar
Nettsidene til Norsk namnelag
 

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 20.03.2014