Hopp til innhold
Ill.: Stina Aasen Lødemel
Ill.: Stina Aasen Lødemel
X
Innhald

Personnamn og førenamn

Førenamn høyrer til gruppa personnamn, og nemninga fortel at eit førenamn i dag står fremst i ei namnerekkje, på same måten som nemninga etternamn fortel at det kjem «etterpå» i namnerekkja. I namnerekkja Hulda Garborg er såleis Hulda førenamnet og Garborg etternamnet. Tidlegare vart døypenamn nytta i same tyding, men den nemninga er uheldig av to grunnar. For det første vert namnet gjerne meldt inn til folkeregisteret før ein eventuell dåpsseremoni, og for det andre vert slett ikkje alle born døypte i dag.

Funksjon

Førenamnet har først og fremst ein praktisk og sosial funksjon, det skil ut eit barn frå andre og knyter det til eit sosialt fellesskap gjennom familie og slekt. Til å fylle den oppgåva var eitt førenamn nok. Skikken med fleire førenamn kom frå utlandet og breidde seg gjennom embetsklassen (t.d. Johan Herman Wessel, f. 1742, Jacobine Camilla Collett, f. 1813, begge av presteslekt) til folk flest på 1800-talet. Jamvel Ivar Aasen, f. 1813, hadde to førenamn: Iver Andreas.

 

Namn og tilnamn

I tida fram til etternamna feste seg på slutten av 1800-talet, gir det såleis ikkje meining å bruke nemninga førenamn, sidan folk berre hadde det (t.d. Eivind), med eit tillegg som viste farskapet (Aadneson), og eventuelt kva gard dei budde på (Garborg). Kong Håkon Håkonsson på 1200-talet heitte berre Håkon, var son til Håkon Sverresson og bar tilnamnet «den gode», etter personlegdomen. Og på same måten heitte Hallgjerd Hoskuldsdotter berre Hallgjerd, men var dotter til Hoskuld og bar tilnamnet «langbrok» etter klesdrakta.

 

Runeinnskrifter

Dei eldste namna vi kjenner til, finn vi på runeinnskrifter frå urnordisk tid, i hundreåra etter Kristi fødsel. Dei er gjerne fleirledda, til dømes AnulaibaR, HarjawaldaR og Ingeboro, i norrønt Óláfr, Haraldr og Ingiborg, som vi i dag lett kjenner att som Olav, Harald og Ingeborg (Ingebjørg).

 

Innhald og tyding

Opphavleg kan namna ha hatt ei tyding som var viktig for foreldra og beraren, men alt i norrøn tid (700–1350) hadde dei fleste namna truleg mist denne funksjonen. Det kan vi sjå mellom anna av toledda namn som Hallstein ('stein' + 'stein') og Gunnhild ('strid' + 'strid'), utan nokon logisk samanheng ledda imellom. Såleis er det ikkje fagleg grunnlag for å tolke til dømes Herbjørn med dei to ledda her 'hær’ eller ‘strid' og bjørn 'bjørn' som 'stridsbjørn'. Oppkallinga med namn etter slektningar var viktigare enn innhaldet i namna.

 

Opphavlege tilnamn som Kåre, 'krøllhåra', og Snorre, 'den villstyrne eller uvørdne', vart nok først gitt etter utsjånad og lynne, men seinare kunne namna fungere som vanlege personnamn, altså gitt til barn utan desse trekka.

 

Toledda og einledda

Dei fleste namna i norrøn tid var toledda, slik som Hallstein og Gunnhild. Frekvente namn som Unn og Hild, Geir og Bjørn var einledda både i form og opphav, medan andre einledda namn kunne vere opphavlege tilnamn (kjæleformer), til dømes Kåre, Snorre og Sverre, 'villstyring', eller kortformer av toledda namn, som Tord (av Torfrød), Åsa (av namn på Ås‑), Tora (av namn på Tor‑ eller ‑tora) og Gerd (anten av ‑gjerd eller opphavleg usamansett). Det vanlegaste leddet i mannsnamn i norrøn tid var Tor. I Snorres kongesoger finst det 24 ulike mannsnamn og to kvinnenamn med føreleddet Tor‑.

 

Kristendomen – dørene opnar seg

Fram til innføringa av kristendomen kring år 1000 var namna så godt som reint nordiske eller germanske. Då kong Magnus den gode fekk eit namn av latinsk opphav i 1024, var det så uvanleg at Snorre nemner det særskilt i kongesogene: «Kongen sa: 'Kvifor lét du guten heite Magnus? Det er ikkje brukt i vår ætt.' Sigvat svara: 'Eg kalla opp att kong Karlamagnus [Karl den store]; han var den beste mannen eg visste i verda.'»

 

Alt på 1000-talet kom kristne namn som Maria (ca. 1050) og Jon (Johannes), og i åra som følgde særleg helgennamn som Nikulas (Nils), Lafranz (Lavrans, Lars), Cecilie (Sissel, Silje) og Birgitte (Berit, Bergit, Brita). Dei kristne namna var av hebraisk, gresk eller latinsk opphav. Det vanlegaste mannsnamnet i perioden 1350–1450 var Jon, seinare Olav (Ola), etter helgenkongen Olav den heilage.

 

Reformasjonen

Då reformasjonen kom på 1500-talet, var framleis 75 prosent av alle namn på bygdene av norrønt opphav, men overgangen til innlånte namn skaut fart fram til namnerenessansen på 1800-talet. Stor utbreiing fekk etter kvart norske former av innlånte namn som Lars, Jon, Per, Anders, Nils, Anna, Berit (Brita), Marit, Kari (Katrine), Mari og Marte. Dei kyrkjelege namna styrkte stillinga si fram mot midten av 1800-talet, med tilsvarande tilbakegang for dei nordiske. Ofte førte presten namnet inn i kyrkjeboka med ein dansk skrivemåte (Ole, Oluff, Iver – for Ola, Olav, Ivar), noko som gav prestisje og popularitet til nye variantar.

 

Tyske namn og namneformer spreidde seg, ofte frå Danmark, gjennom tyskdominerte handelsbyar langs kysten, særleg Bergen, til dømes Engelbrekt, Fredrik, Henrik, Magnhild og Valborg.

 

Mange prestar motarbeidde norrøne namn og kalla dei «hedenske og af vilde Dyr tagne Nafne», mellom anna Bjørn, Ulf og Orm, og ville heller ha «Christelige og sømmelige Navne», som presten i Nes på Hedmark sa det på 1700-talet. Tradisjon og oppkallingsskikk hindra likevel at denne namnegruppa vart heilt borte. Bjørn har vore eit av dei mest populære mannsnamna like fram til i dag.

 

Namnemote

Frå førstninga av 1800-talet vart det ein mote med kvinnenamn avleidde av mannsnamn, til dømes Jensine, Josefine, Nilsine, Oline (mellom anna av Ole) og kvinnenamn med same suffikset, til dømes Gurine (Guri) og Randine (Randi). Mannsnamn kunne òg få tilsvarande suffiks: Elenius (av Elen) og Malenius (av Malene).

 

Den nordiske namnerenessansen

Fram mot midten av 1800-talet førte nasjonalromantikken til ein ny renessanse (blømingstid) for namn av norrønt opphav, gjerne kalla den nordiske namnerenessansen. Sentrale kulturpersonar som P.A. Munch og Ivar Aasen agiterte for nordiske namn. Aasen gav alt i 1855 ut ei liste over «norske Folkenavne», som han utvida til Norsk Navnebog i 1878. Etter kvart kom det ut fleire namnebøker for foreldre som ville velje nordiske namn. Omsetjingar av norrøn litteratur (kongesogene og islendingesogene), Bjørnsons bondeforteljingar (Øyvind, Ingrid) og Ibsens drama (Solveig, Åse) gav òg inspirasjon til valet av nordiske namn.

 

Nordiske namn som alt var i bruk, fekk auka popularitet, og namn som berre var kjende frå norrøn tid, vart tekne i bruk att, til dømes Sverre (frå 1817), Tryggve (frå 1842), Snorre (frå 1893) og Svanhild (frå 1850). Norrøne namneledd vart kombinerte i nylagingar som Oddveig (frå 1886), Solfrid (frå 1894) og det populære Oddvar (frå 1884), med heile 4856 berarar i 2016.

 

Nordiske namn slo først igjennom i byane. På bygdene kunne den strenge oppkallingsskikken i ein viss mon bremse overgangen, men særleg etter oppløysinga av unionen med Sverige i 1905 og namnevala til den nye kongefamilien (med kong Haakon, kronprins Olav, prinsessene Ragnhild og Astrid og arveprinsen Harald) fekk dei nordiske namna etter kvart ei populær stilling, til det kulminerte i åra kring andre verdskrigen, med ein topp i 1925–29 for kvinnenamn og i 1945–49 for mannsnamn. Frekvente namn fram til etterkrigsåra var Aud, Bjørg, Inger, Jorunn, Bjørn, Harald, Helge og Kjell.

 

Internasjonalisering – mangfald

I tiåra etter 1950 har internasjonaliseringa skote fart. Filmar er tilgjengelege ikkje berre på bygdekinoen, men i alle stover og til alle tider, folk tek ikkje berre «dampen» til byen, men reiser til fjerne strøk, flyttar over landegrensene og hentar ektefellar i andre kulturar. Resultatet er ei internasjonalisering med utjamning og mangfald i skikk og bruk, motar og språk, med følgjer òg for valet av namn. Personleg smak og internasjonal popularitet pregar namnevalet i Noreg i større grad etter tusenårsskiftet.

 

Særleg gjennom moderne massemedium finn foreldre inspirasjon til å velje namn etter internasjonale stjerner innanfor idrett, film og musikk, mellom anna Liam, Julia og Emma. Også norske idrettsheltar, som skiløparane Hallgeir Brenden (1929–2007) og Gjermund Eggen (f. 1941) og kunstløparen Sonja Henie (1912–69), kunne vere førebilete, men ingen av desse namna nådde særleg høgt opp i popularitet. Litterære førebilete som Emil i Lönneberga og Ronja Rövardotter i Astrid Lindgrens barnebøker har sett tydelegare spor.

 

Namn på topp

I 2016 var Nora, Emma, Sara og Sofie på topp blant jentenamn, men av dei 20 på topp er nordiske namn representerte berre av Ingrid. Av gutenamn er William, Oskar, Lucas og Mathias på topp, og først på 20.‑plass kjem det nordiske Magnus, rett nok av latinsk opphav. Det neste, Håkon, ligg på 21.‑plass.

 

Fleire av toppnamna på listene i 2016 er henta frå amerikansk og britisk kultur og ofte i reint engelskspråkleg form, som Sarah, Sophie og Norah, Phillip, William og Lucas. Desse namna er òg representerte på dei amerikanske topplistene. Populariteten til dei bibelske namna ligg ikkje i ei fornya religiøs interesse, men i dominansen av anglo-amerikanske massemedium. Med innvandringa dei siste tiåra har vi fått eit utval av namn frå fjernare språksamfunn, men berre det muslimske Mohammad når så høgt opp som ein 30.‑plass.

 

Jan Johansen

Dersom foreldre vil velje eit namna som er minst mogleg markert, eller mest mogleg anonymt fordi det har lege blant toppnamna i over hundre år, er Jan valet for gutar og Anna eller Anne for jenter. Den absolutt vanlegaste namnekombinasjonen i Noreg er Jan Johansen, med 708 personar, kanskje ikkje så overraskande, då det finst 48 516 Jan og 49 786 Johansen i 2016. Variantane Anne og Anna gjer det ikkje så lett å samanlikne, men 512 Anne Johansen og 108 Anna Johansen skulle gi 620, altså nokså nær Jan Johansen. 60 913 Anne og 18 798 Anna slår Jan i popularitet ganske klart.

 

Underskog

Ein må likevel ikkje sjå seg blind på popularitetslistene som gjerne dominerer nyhendebiletet. Det finst ein frodig underskog av meir tradisjonelle namn og namn av nordisk opphav, både gamle og nyare. Særleg har mytologiske namn markert seg dei siste hundre åra, til dømes Frøya (særleg etter 1990), Idun (frå 1858), Siv (frå 1918), Odin (frå ca. 1800), Brage (frå 1874), Ask (frå 1898), og jamvel Loke, trass i at han er «ein listig og svikefull figur, som ofte gjer æsene stor skade» (Norsk personnamnleksikon 2013). Det meir ukjende Yme (frå 1947) er kanskje på veg inn. Denne namnebruken er i strid med skikken i norrøn tid, då gudenamn ikkje vart nytta som personnamn, med eitt viktig unntak for namnet Tor.

 

Oppkalling

Skikken med oppkalling er gamal, men taper seg i vår tid. Ein trur at den eldste oppkallinga følgde det såkalla variasjonsprinsippet, der berre det eine leddet i eit toledda namn vart ført vidare, og ikkje heile namnet. Ei jente som heitte Hallgerd, kunne vere oppkalla etter farmora Torgerd, og ein gut kunne bere namnet Torgrim etter morfaren Torvald. Alt tidleg i mellomalderen ser vi eit parallelt system som har halde seg særleg på bygdene like fram til vår tid. Den eldste guten skulle bere namnet etter farfaren, den nest eldste etter morfaren, den eldste dottera etter farmora og den nest eldste etter mormora. Dette systemet kunne brytast i dei tilfella då barnet døydde tidleg og oppkallingsnamnet dermed vart ledig på nytt, eller ein nær og kjær slektning vart oppkalla utanom tur etter eit dødsfall.

 

Variasjonsprinsippet auka tilgangen på nye namn, medan oppkallinga etter kvart enda i eit stivna system med eit meir avgrensa namneutval til rådvelde. Sysken kunne bere same namnet, og i ei bygd kunne enkeltnamn dominere sterkt, til dømes Ola og Anna.

 

Det strenge oppkallingssystemet er i dag avløyst av ei meir fleksibel oppkalling. Foreldre hentar namn lenger bakover i slekta, ei oldemor Oline og ein oldefar Malenius kan verte oppkalla, men ikkje mormora Bjørg og farmora Åsa, og i mange tilfelle nøyer foreldre seg med å velje namn med like forbokstavar eller lik førestaving. Oliver kan vere oppkalla etter farfaren Ola og Thea etter Torbjørg.

 

Det vanlege i dag er likevel at mange foreldre vel namn på borna nokså fritt, utan skråblikk på tradisjonen, noko som topp 10‑listene illustrerer tydeleg.

 

Namnemotar kjem att?

Det har vore hevda at motar i namneval går i bølgjer, at dei tek seg opp att etter nokre generasjonar. I dag kan det sjå slik ut, sidan mange foreldre hentar namn tre generasjonar bakover, altså i oldeforeldregenerasjonen, men tendensen er at mange av desse namna har eit visst internasjonalt preg, mellom anna Thea og Mathilde, Jacob og Daniel. Andre namn som dominerte kring 1900, til dømes Johan, Karl og Hans, ser vi mindre til. Blant kvinnenamna derimot, ser populariteten ut til å vere større i dag for toppnamna, til dømes Anna, Marie og Marthe, men derimot ikkje for Ingeborg, Borghild og Gudrun. Førebels ser vi lite innslag av namn av norrønt opphav, som var så typiske for den nordiske namnerenessansen. I neste generasjon burde denne namnetypen igjen få ei dominerande stilling dersom sykluseffekten stemmer, med namn som Solveig, Gerd og Inger, Arne, Kåre og Odd. Svaret vil vi få om eit par tiår.

 

Namnelova

Etter den første reguleringa av personnamn i lovs form i 1923 er dagens lov gjeldande frå 1. januar 2003 den mest liberale vi har hatt. Lova set berre to grenser for namneval: Namn med funksjon som etternamn kan ikkje veljast, og namn med nedsetjande form eller innhald som kan verke støytande eller føre til mobbing av barnet, kan verte nekta. Både tolking og praksis med bakgrunn i den liberale haldninga som gjennomsyrer lova, viser at få namnesøknader vert avviste.

 

Kjelder

Odd Einar Haugen (red.): Handbok i norrøn filologi, 2. utg. Bergen 2012

Ola Stemshaug (red.): Norsk personnamnleksikon, 1. utg. Oslo 1982

Kristoffer Kruken og Ola Stemshaug: Norsk personnamnleksikon, 3. utg. Oslo 2013

 

Peikarar

Statistisk sentralbyrå: «Navn», namnestatistikk 

Frode Myrheim: «Personnavn i eldre tid» 

Først publisert: 10.03.2014
Sist oppdatert: 18.10.2017