Hopp til innhold
X
Innhald

Æ

Æ, bokstav som er danna ved samanskriving av a og e, som blir brukt i fleire språk for å gi att ae på latin (til dømes Cæsar, latin Caesar).

Han blir brukt som ein vanleg bokstav i norsk, dansk, islandsk og færøysk. I mellom anna svensk, finsk, tysk og tyrkisk brukar ein bokstaven ä.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 01.08.2020