Hopp til innhold
X
Innhald

Arabisk skrift

Arabisk skrift er utvikla av eit arameisk alfabet

Det omfattar ei monumental kufisk skrift, som vart utforma i byen Kufa, og fleire former for kursivskrift som er kjende frå både gamle handskrifter og moderne boktrykk. Arabisk skrift blir skriven frå høgre mot venstre. Alfabetet har 28 bokstavar. Desse har noko ulike former alt etter om dei er bundne saman på den eine eller begge sidene eller ikkje.

 Det er teikn berre for konsonantar, og visse konsonantteikn viser også til dei lange vokalane a, i og u. Korte vokalar blir vanlegvis ikkje skrivne, unnateke i Koranen, der særlege vokalteikn er brukte for å sikre ei korrekt lesing av den heilage teksten. Nokre bokstavar blir skilde ved å bruke såkalla diakritiske punkt over eller under linja.

 I tillegg til arabisk blir det arabiske alfabetet mellom anna brukt til å skrive pashto, persisk og urdu. Tidlegare vart også språk som tyrkisk og swahili skrivne med arabisk skrift.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017