Hopp til innhold
X
Innhald

Bustrofedon

Bustrofedon (av gresk bous, ’okse’, og strefein, ’snu’), måte å skrive på som er kjend frå runesteinar og gammalgreske innskrifter, der linjene skiftevis går frå venstre mot høgre og frå høgre mot venstre – akkurat som oksen når han trekkjer plogen og snur for kvar fòr. Adjektivet er bustrofisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017