Diakritiske teikn
Diakritiske teikn, hjelpeteikn i skrift som blir brukt saman med bokstavane for å skildre ein særleg uttale, bortfall av bokstavar eller tydingsskilnader (ein er artikkel, éin er talord). Dei viktigaste diakritiske teikna er akutt (á), gravis (à), cirkumfleks (â), trema (ä), tilde (ã) og cedille (til dømes ved ç).
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 07.12.2017