Hopp til innhold
X
Innhald

Hebraisk skrift

Hebraisk skrift, omgrep som kan vise til fleire ting. Det blir for det første brukt om den hebraiske «kvadratskrifta» av arameisk opphav, som var i bruk i Palestina frå det 2. hundreåret f.Kr. For det andre blir det brukt om gammalhebraisk skrift, som var i bruk frå om lag det 10. til det 6. hundreåret f.Kr. Begge alfabeta har 22 bokstavar og blir skrivne frå høgre mot venstre. Frå det 6. til det 2. hundreåret f.Kr. vart hebraisk skrive med arameisk skrift.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017