Hopp til innhold
X
Innhald

Kileskrift

Kileskrift, skriftsystem der kvart skriftteikn inneheldt éin eller fleire kileforma strekar.

Kileskrifta vart utvikla av sumerarane om lag 3000 f.Kr – først til ei biletskrift, og frå om lag 2500 f.Kr. som stavingsskrift. Etter 1200 f.Kr. finst også alfabetisk kileskrift. Den yngste teksten er frå om lag 75 e.Kr. Kileskrift vart brukt til å skrive mellom anna sumerisk, akkadisk, ugarittisk, hettittisk og gammalpersisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017