Hopp til innhold
X
Innhald

Kolon

Kolon, skiljeteikn (:) som i vanleg språkbruk blir brukt framfor noko som er varsla i det som kom før teiknet, særleg ved direkte tale og opprekningar.

 I meir teknisk og naturvitskapleg språkbruk blir det brukt til å markere eit forhold mellom to storleikar, til dømes ved divisjon (6 : 2 = 3), storleiksforhold (målestokk 1 : 50 000), eller forholdet mellom delane i ei blanding (sand og sement blir blanda i forholdet 1 : 3).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017