Bokstaven omikron i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven omikron i det greske alfabetet i ulike skrifttypar

Omikron er den 15. bokstaven i det greske alfabetetet (Ο, ο). Lydverdien var i gamalgresk ein trong, kort å-lyd (IPA-lydskrift: o), til skilnad frå omega (Ω, ω), som var ein lang å (IPA-lydskrift: ɔː). I moderne gresk (nygresk) er uttala av omega og omikron lik, og dei læt om lag som norsk å (IPA-lydskrift: ).

Faktaboks

Uttale
ˈomikron
Etymologi
gresk ‘liten o’

Omikron i samansetjingar

Omikron vert kombinert med ypsilon til digrafen ου for å skriva lyden [u]. Den tidlegare diftongen omikron-iota, οι, vert uttala [i] i moderne gresk .

Omikron har verdien 70 i det greske talsystemet.

Omikron i andre vitskapsgreiner

Ein av variantane av sars-CoV-2, viruset som er årsaka til covid-19-pandemien, har fått tildelt namnet omikron av Verdsorganisasjonen for helse – WHO.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg