Hopp til innhold
X
Innhald

Runer

Runer, skriftteikn nytta i Nord-Europa frå det første hundreåret e.Kr. og fram til 1400-talet. Runer er det eldste alfabetet til germanarane.

Runer var eit særeige skriftsystem for germansktalande folkegrupper. Dei eldste runeinnskriftene var rita på stein, våpen, smykke eller reiskapar og var jamt over stutte. Oftast var det berre namnet på eigaren, eller personen som gjorde runene, som var rita inn. I vikingtida var minnesteinar med lengre innskrifter vanlege. Mellomalderrunene var ofte rita på trepinnar. Dei fortel for det meste om kvardagslege hendingar, men dei kan òg innehalde bøner.

Runealfabetet vert ofte kalla fuþark, etter dei seks første teikna i runerekkja. Dei eldste innskriftene brukte eit alfabet med 24 teikn, det som vert kalla den eldre runerekkja. Ho var i bruk fram mot vikingtida. Talet på runer vart då skore ned til 16, samstundes som runeteikna endra form. Endringane enda opp i dei to nye variantane stuttkvistruner og langkvistruner. Rekkja med 16 teikn kallar vi den yngre runerekkja. På 1100-talet auka talet på runer, og fleire nye teikn kom til. Dei var tilpassa det latinske alfabetet, som vann større terreng på den tida, og som utetter 1400-talet avløyste runene.

Kjelder

Sophus Bugge og Magnus Olsen: Norges Indskrifter med de ældre Runer. Kristiania/Oslo 1891–1924 (5 band)

Gerd Høst: Runer. Våre eldste norske runeinnskrifter. Oslo 1976

Magnus Olsen ofl.: Norges innskrifter med de yngre runer. Oslo 1941–1980 (6 band)

Terje Spurkland. I begynnelsen var fuþark. Norske runer og runeinnskrifter. Oslo. 2001

Først publisert: 07.12.2018
Sist oppdatert: 07.12.2018