Hopp til innhold

Arabisk

Europeiske språk lånte fleire hundre ord frå arabisk i mellomalderen. Koranen blei nedskriven på klassisk arabisk, som ligg til grunn for (moderne) skriftarabisk.

 

Les meir om Arabisk

Cherokesisk

Cherokesisk

Cherokesisk blir snakka av det amerikanske urfolket cherokesarane. Cherokesarane har si eiga stavingsskrift, som blei laga av den cherokesiske sølvsmeden Sequoyah (ᏍᏏᏉᏯ) (ca. 1770–1843) for snart 200 år sidan.

Les meir om Cherokesisk

Guaraní

Guaraní

Orda ananas og jaguar kjem frå guaraní. Guaraní høyrer til greina tupí-guaraní av den tupianske språkfamilien, som vert snakka over heile Brasil.
 

Les meir om Guaraní

Hausa

På hausa er det så innfløkte reglar for å bøye substantiv i fleirtal at ein stort sett må lære seg både eintals- og fleirtalsforma utanåt.
Les meir om Hausa

Kanuri

Kanuri er kjent i skriftlege kjelder sidan 1600-talet – lenger tilbake i tid enn dei fleste andre afrikanske språk.

Les meir om Kanuri

Koreansk

'Det regnar' kan seiast på seks måtar på koreansk, etter om ein vil uttrykkje seg nøytralt, fortruleg, familiært, endeframt, høfleg eller respektfullt.
Les meir om Koreansk

Mandarin

Mandarin

Dei største ordbøkene har over 40 000 kinesiske teikn, men under 10 000 er i vanleg bruk. Ein må kjenne om lag 3000 teikn for å lese ei kinesisk avis.

Les meir om Mandarin

Maya (yucatekisk maya)

Ordet sigar har me lånt frå spansk (kastiljansk) cigarro ‘sigar, sigarett’, men spansk har lånt ordet frå eit maya-språk, der me finn sik’ar ‘røyking’.
Les meir om Maya (yucatekisk maya)

Norsk

Norsk

Er nynorsk og bokmål to språk eller to former av det same språket? Både språkvitskapleg og språkpolitisk er både «to språk» og «to målformer» moglege svar – men «to målformer» er det offisielle svaret.

Les meir om Norsk

Nynorsk

Nynorsk

Det nynorske skriftspråket byggjer på norsk folkemål, det vil seie dei tradisjonelle norske dialektane, i motsetnad til bokmål, som har røter i den dansk-norske språktradisjonen. Dei fleste norsktalande nyttar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.

Les meir om Nynorsk

Oversorbisk

Oversorbisk skil mellom eintal, total og fleirtal, som i ruka ‘hand’, ruce ‘to hender’ og ruki ‘fleire enn to hender’.
Les meir om Oversorbisk

Romanes

Romanes skil mellom dei uaspirerte konsonantane p, t, k og dei aspirerte ph, th, kh. Romanispråka er dei einaste europeiske språka som har dette skiljet, som har indiske røter.
Les meir om Romanes

Ungarsk

Latin var offisielt språk i Ungarn frå 900-talet til 1400-talet. Ungararane helsar kvarandre framleis med det latinske ordet servus 'slave'.
Les meir om Ungarsk