Hopp til innhold
X
Innhald

Akkadisk

Akkadisk blei talt av folk i Mesopotamia fram til 600-talet f.Kr., og det blei brukt som skriftspråk frå 2350 f.Kr. og fram til det første hundreåret e.Kr. Det blei skrive med ei kileskrift som var overteken frå sumerisk.

Ordhistorie

Første Mosebok 11,1–9 fortel om då Herren spreidde folk over jorda og forvirra språket deira fordi dei ville byggje ein by og eit tårn som nådde opp til himmelen. Difor kalla dei byen Babel, «for der forvirra Herren språket for heile jorda». 

Namnet Babel kjem av bibelhebraisk בבל båbæl, frå seinbabylonsk Bābil, av gamalbabylonsk Bābilim. Utanfor Bibelen kallar vi byen for Babylon, av gresk Βαβυλών Babulṓn.

Hebrearane meinte at namnet Babel hang saman med det hebraiske verbet בלל bålal 'blande' eller 'forvirre' – noko som har synt seg å vere ei feiltolking.

Babylon oppstod som ein liten akkadisk by kring 2300 f.Kr. Opphavleg skal han ha heitt Babilla, med ukjend etymologi. Kort tid før år 2000 f.Kr. endra akkadarane namnet til Bāb-ilim 'Guds port', som eit resultat av etymologisk spekulasjon.

Dei byrja samstundes å skrive namnet på byen med sumeriske ordteikn som tydde 'porten opp til Gud': 𒆍𒀭𒊏𒆠 ka.diŋir.raki.

Språkfamilie

Akkadisk høyrer til den austlege greina av semittisk, som er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Dei andre greinene er egyptisk (utdøydd), berbersk, tsjadisk, kusjittisk (kanskje fleire greiner) og omotisk (omstridt). Oversikta nedanfor viser hovudgreinene i den semittiske språkgruppa: 

1          Austsemittisk
1.1       Akkadisk
1.1.1    Babylonsk
1.1.2    Assyrisk
1.2       Eblaittisk
2          Vestsemittisk
2.1       Sentralsemittisk
2.1.1    Arabisk
2.1.2    Nordvestsemittisk
2.2       Sørsemittisk


Babylonsk og assyrisk var akkadiske dialektar. Det er usemje om eblaittisk – kjent frå 4500 år gamle innskrifter i oldtidsbyen Ebla (i det noverande Nordvest-Syria) – var eit eige språk eller ein gamalakkadisk dialekt.

Språkhistorie

Akkadisk er belagt tidlegast av alle semittiske språk. 

I hundreåra før 3000 f.Kr. var sumerisk det dominerande språket i Mesopotamia, men det fanst òg semittisktalande folk. Sumerisk døydde truleg ut som talemål litt før 2000 f.Kr. Akkadisk er påverka av sumerisk i lydsystem, grammatikk og ordtilfang.

Det er vanleg å dele akkadisk språkhistorie i fem bolkar, mest på grunnlag av mesopotamisk politisk historie:

1

2500–2000 f.Kr.

gamalakkadisk

2

2000–1500 f.Kr.

gamalassyrisk

gamalbabylonsk

3

1500–1000 f.Kr.

mellomassyrisk

mellombabylonsk

4

1000–600 f.Kr.

nyassyrisk

nybabylonsk

5

600 f.Kr.–100 e.Kr.

 

seinbabylonsk

 

Dei første skriftlege belegga for akkadisk er namn i sumeriske tekstar frå kring 2600 f.Kr. Samanhengande tekstar på akkadisk er kjende frå kring 2350 f.Kr.

Gamalakkadisk var språket i Det akkadiske riket, 𒆳𒌵𒆠 māt Akkadi (ca. 2334–2154 f.Kr.), det første store riket i Mesopotamia, med hovudstaden Akkad, som kong 𒈗𒁺 Šarru-kīnum 'sann konge' (hebraisk סרגון Sargon, i Jesaja 20,1) fekk bygd kring 2300 f.Kr.

Kring 2000 f.Kr. oppstod eit dialektskilje mellom assyrisk i Nord-Mesopotamia og babylonsk i Sør-Mesopotamia.

Assyrisk

Gamalassyrisk er primært kjent frå oldtidsbyen Kaneš (i dag Kültepe i Tyrkia). 

Mellomassyrisk er særleg kjent frå det mellomassyriske riket (1392–934 f.Kr.), med hovudstaden Aššur (Assur i norske omsetjingar av Det gamle testamentet, til dømes i Første Mosebok 2,14 – hebraisk: אשור ʔaššur).

Nyassyrisk var talemålet i det nyassyriske riket og er kjent frå innskrifter fram til dette riket gjekk under i 609 f.Kr.

Babylonsk

Gamalbabylonsk blei talt under det første dynastiet i Babylon (ca. 1894–1595 f.Kr.). Den mest vidgjetne kongen i dette dynastiet var 𒄩𒄠𒈬𒊏𒁉 Xammurapi (Hammurabi) (ca. 1792–1750 f.Kr.). 

Babylonsk var eit internasjonalt lingua franca i Midt-Austen frå gamalbabylonsk tid og til 600–500-talet f.Kr., då arameisk overtok denne rolla. Babylonske tekstar er ikkje berre funne i Mesopotamia, men òg i Anatolia, Levanten og Egypt.

Mellombabylonsk blei talt under det kassittiske dynastiet (ca. 1531–1155 f.Kr.), då gamalbabylonsk fekk status som klassisk akkadisk, og skrivarar i både Assyria og Babylonia skreiv eit gamalbabylonsk som vi i dag kallar standardbabylonsk. Det er språkforma i kjende litterære verk som skapingseposet 𒂊𒉡𒈠𒂊𒇺 Enûma eliš og helteeposet 𒄑𒂆𒈦 Gilgameš.

Nybabylonsk blei talt fram til Assyria gjekk under på 600-talet f.Kr., då arameisk fortrengde akkadisk som talemål. Akkadisk blei likevel nytta som lærd og liturgisk språk til første hundreåret e.Kr. Perioden då akkadisk berre var skriftspråk, kallar vi seinbabylonsk.

Språksystem

Akkadiske substantiv har eitt av to genus (maskulinum og femininum), og dei blir bøygde i status (konstrukt og absolutt), kasus (nominativ, akkusativ og genitiv) og numerus (singularis, dualis og pluralis).

Konstrukt var overledd i genitivkonstruksjonar: ēkal šarrim 'palasset til kongen'. Ēkal er konstrukt singularis av ēkallum 'palass', og šarrim er genitiv singularis av šarrum 'konge'.

Adjektiv blei bøygde i genus, numerus og kasus. I ein substantivfrase stod adjektivet etter substantivet, som i šarrū dannūtum 'sterke kongar', og blei bøygd i samsvar med substantivet. Dannūtum 'sterke' er maskulinum, pluralis, nominativ.

Akkadisk er – på grunn av sumerisk påverknad – eit SOV-språk, der subjekt (S), objekt (O) og verb (V) har denne rekkjefølgja. SOV er uvanleg i semittisk, som frå gamalt hadde VSO. Adverbial kjem mellom objektet og verbet. Her er eit døme:

bēlum abam ša šarratim ina ālim is'bat 'herren greip faren til dronninga i byen'

 

SUBJEKT

OBJEKT

ADVERBIAL

VERB

bēl-um

ab-am

ša

šarr-at-im

ina

āl-im

is'bat

herre-NOM

far-AKK

DRP

konge-F-GEN

i

by-GEN

gripe:3SG.PFV

Forkortingar: NOM = nominativ, AKK = akkusativ, GEN = genitiv, DRP = determinativt-relativt pronomen, F = femininum, 3SG = 3. person singularis, PFV = perfektiv.

Som i andre semittiske språk er verbbøyinga omfattande og komplisert. Dei fleste verb har ei rot med tre konsonantar, som s'‑b‑t 'gripe'. I tillegg til perfektive former som is'bat 'ho/han greip' har vi mellom mykje anna imperfektive former som as'abbat 'eg grip' og perfektumformer som nis'tabat 'vi har gripe'.

Uttale

Akkadisk hadde stavingar av fire typar, V, VK, KV og KVK, der K står for ein konsonant og V står for ein kort eller lang vokal. Stavingar som byrjar med vokal, fanst berre fremst i ord, som i ēkallum 'palass'. 

Vokalar

Det er vanleg å framstille vokalsystemet som i tabell 1, med korte, lange og kontrakte vokalar.

Tabell 1. Akkadiske vokalfonem


KORT

LANG

KONTRAKT

i

u

ī

ū

î

û

e

 

ē

 

ê

 

a

ā

â

 

Dei kontrakte vokalfonema hadde oppstått ved at to tidlegare vokalar var blitt samandregne: panû 'først' kjem av eldre panīu, medan panū 'andlet' har ein gamal lang vokal. Det er usikkert om lange og kontrakte vokalar blei uttalte ulikt. 

Konsonantar

Gamalbabylonsk hadde dei 20 konsonantfonema i tabell 2, der š = IPA [ʃ].

Tabell 2. Akkadiske konsonantfonem

LABIAL

KORONAL

DORSAL

GLOTTAL

p

t

k

ʔ

b

d

g

 

 

t'

k'

 

 

s          š

x


 

z

 

 

 

s'

 

 

m

n

 

 

 

 

r

 

w

l

j

 

 

Konsonantane t' k' s' – skrivne q i semittisk språkvitskap – var truleg ejektivar.

Ursemittisk hadde 29 konsonantfonem. Det hadde skjedd ei forenkling i akkadisk, under påverknad frå sumerisk.

Trykk

Trykket blir plassert etter reglar som tek omsyn til om ei staving endar på ein konsonant eller ikkje og skiljet mellom kort, lang og kontrakt vokal. Har siste staving ein kontrakt vokal, er ho trykksterk, som i panû 'først'. 

Skrift

Akkadisk blei skrive med kileskrift – oftast ved å trykkje ein griffel inn i ei våt leirtavle, men òg på stein og metall. Over ein million tekstar er funne, og talet aukar stadig. Tekstane dekkjer eit stort utval av sjangrar, frå personlege brev til ekteskapskontraktar, matematiske tekstar, grammatikkar og litterære verk.

Den akkadiske kileskrifta var overteken frå sumerisk. Dei skreiv normalt frå venstre til høgre, som i dette dømet, presentert med translitterasjon (i halvfeit), transkripsjon (i kursiv) og omsetjing:

𒁹𒄩𒄠𒈬𒊏𒉿𒈗𒆍𒀭𒊏𒆠𒄑𒈠𒅕𒅗𒀊

dxa-am-mu-ra-pi lugal ka.diŋir.raki gišma ir-ka-ab

Xammurapi šar Bābilim eleppam irkab

'Hammurapi, kongen av Babylon, entra (= gjekk om bord i) båten'

 

Det finst tre typar teikn, som her er markerte med kvar sin farge: stavingsteikn (blå), ordteikn (grøn) og determinativ (raud):

𒁹𒄩 𒄠 𒈬 𒊏 𒉿𒈗    𒆍 𒀭 𒊏𒆠𒄑𒈠𒅕 𒅗 𒀊
dxa-am-mu-ra-piLUGALKA.DIŊIR.RAkigiMAir-ka-ab
XammurapišarBābilimeleppamirkab
HammurabikongeBabylonbåtentra

Stavingsteikna står for vokal (V) eller ein kombinasjon av vokal og konsonant (K) før og/eller etter: V, VK, KV, KVK. Verbet irkab 'entra' blir skrive med stavingsteikn av typane VK og KV: 𒅕 ir, 𒅗 ka og 𒀊 ab. Typane V og KVK finn vi i 𒂊𒆗𒈝 e-kal-lum, ein mogleg skrivemåte av ēkallum 'palass'.

Ordteikna står for heile ord. Dei blir translitterte med den opphavlege sumeriske uttalen, skriven med store bokstavar. 𒈗 lugal 'konge' står for akkadisk šar, som er konstrukt singularis av šarrum 'konge'. Dei tre sumeriske ordteikna 𒆍𒀭𒊏 ka.diŋir.ra tyder 'porten opp til Gud' og står for akkadisk Bābilim 'Babylon'. Når fleire ordteikn står for eitt akkadisk ord, skil vi dei i translitterasjonen med punktum.

Determinativa skil seg frå stavingsteikna og ordteikna ved at dei ikkje blir uttalte. Dei blir translittererte i heva skrift. Dei står før eller etter eit ord og gir informasjon om tydinga: 

  • Determinativet 𒁹 d, for sumerisk diš 'namn', står framfor mannsnamn, her Xammurapi 'Hammurapi'.
  • Determinativet 𒆠 ki, sumerisk for 'land', 'område', står etter namn på land og byar, her Bābilim 'Babylon'.
  • Determinativet 𒄑 giš, sumerisk for 'tre', 'ved', 'tømmer', står framfor substantiv som viser til ting som er laga av tre, i dette tilfellet eleppam 'båt', som blir skrive med ordteiknet 𒈠 ma, sumerisk for 'båt'.

I akkadisk skilde ein til vanleg ikkje mellom korte og lange vokalar – mutum 'husbonde' og mūtum 'død' blei begge skrivne 𒈬𒌈 mu-tum. Men lang vokal kunne markerast med eit ekstra vokalteikn: 𒈬𒌋𒌈 mu-u-tum mūtum. Kontrakte vokalar i slutten av ord blei vanlegvis merkte med eit ekstra vokalteikn: 𒉺𒉡𒌋 pa‑nu‑u panû 'først'.

Skrifta var ikkje heilt eintydig. 𒆠 stod for både ke og ki, 𒁍 stod for både bu og pu. På den andre sida fanst det fleire stavingsteikn med same uttale: sa kunne skrivast 𒊓, 𒁲, 𒈿, 𒊷, 𒉚 eller 𒉛.

 

Litteratur

Giorgio Buccellati: «Akkadian and Amorite Phonology», i Alan S. Kaye (red.): Phonologies of Asia and Africa (Including the Caucasus), s. 3–38. Winona Lake 1997

Irving Finkel og Jonathan Taylor: Cuneiform. London 2015

John Huehnergard: A Grammar of Akkadian, 3. utg. Winona Lake 2011

John Huehnergard og Christopher Woods: «Akkadian and Eblaite», i Roger D. Woodard (red.): The Cambridge Encycloipedia of the World's Ancient Languages, s. 218–280. Cambridge 2004

Martin Worthington: Complete Babylonian. Abingdon 2010

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 14.12.2020
Sist oppdatert: 15.12.2020