Hopp til innhold
X
Innhald

Akkalasamisk

Marja Sergina, den siste kjende personen som snakka akkalasamisk. Ho døydde 29. desember 2003.

Ordhistorie

Akkalasamane kallar seg som nemnt áhk'el'saamla, og ordet áhk'el' heng klart saman med det samiske ordet for ‘bestemor’ – jamfør nordsamisk áhkku. Vi finn att áhk'el i Áhkk'el'sijjt ‘Bestemorlandsbyen’, ein av dei tradisjonelle bustadene til akkalasamane. Áhkk'el'sijjt ligg ved Áhkk'ejávvr' ‘Bestemorsjøen’. Det russiske namnet på Áhk'el'sijjt er Babino Бабино, og her er det ein klar samanheng med det russiske ordet baba баба ‘gamal kone’. På russisk går akkalasamisk òg under namnet babinskij saamskij jazyk бабинский саамский язык ‘det babinsk-samiske (bestemorsamiske) språket’.

Språkfamilie

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk. Det finst ni levande samiske språk. Mellom dei nyleg utdøydde samiske språka reknar vi akkalasamisk.

Sjå også artikkelen Samiske språk.

Språkhistorie

Tradisjonelt budde akkalasamane i landsbyane Babino (akkalasamisk Áhk'el'sijjt) og Jokostrov (akkalasamisk Čuk'suul) ved den store innsjøen Imandra på Kolahalvøya, eit stykke nord for Kandalaksja.

Den første samiskspråklege boka for samane i Russland blei utgitt i Helsingfors i 1878 og hadde tittelen Max'tveest Пas'-Evangeli Samas. Evangelìe ot" Matḟeja (na russko-loparskom" jazykě) Махьтвеест Пась-Евангели Самас. Евангеліе отъ Матѳея (на русско-лопарскомъ языкѣ) og inneheldt Matteusevangeliet – dei tjueto første kapitla på kildinsamisk og dei seks siste på akkalasamisk. Teksten var omsett av den finske språkforskaren og diktaren Arvid Genetz (1848–1915).

Etter revolusjonen i 1917 byrja eit systematisk vitskapleg studium av dei samiske språka i Sovjetunionen, og i 1926 tok Instituttet for dei nordlege folka til å arbeide med rettskrivingsspørsmål. I 1933 blei det gitt ut ei ABC-bok i latinsk skrift med tekstar på eit felles kolasamisk skriftspråk som bygde på kildinsamisk, skoltesamisk og tersamisk. Dette skriftspråket viste seg å fungere dårleg i undervisninga, og alt i 1934 blei det laga nye bøker på kildinsamisk. I 1937 gjekk ein over frå det latinske til det kyrilliske alfabetet. Det blei ikkje utvikla noko akkalasamisk skriftspråk.

Den største konsentrasjonen av akkalasamar i dag er kring 80 som bur i landsbyen Ëna [ˈjonǝ] Ёна i Kovdor kommune (russisk Kovdorskij rajon Ковдорский район) i Murmansk fylke (russisk Murmanskaja oblast' Мурманская область) i eit avstengt militært område nær finskegrensa, eit stykke vestanfor innsjøen Imandra. Som nemnt døydde den siste personen som snakka akkalasamisk flytande, i 2003, men det fanst kring 2010 minst eit par eldre menneske som har visse kunnskapar i språket. Alle andre har gått over til russisk. Ei gruppe midaldrande akkalasamar i Ëna driv og lærer seg kildinsamisk, i håp om at dei kan gå over til akkalasamisk når kunnskapane i kildinsamisk er gode nok. I 2010 skipa akkalasamane i Ëna eit språksentrum der dei held språkkurs og driv med andre språkrevitaliseringsaktivitetar.

Språksystem

Ei enkel setning som denne får fram viktige trekk ved språksystemet i akkalasamisk:

Mist' liaj vuojjim-hierrk'. ‘Vi hadde ein køyrerein.’

Setninga kan setjast om ord for ord til nordsamisk, og likskapen er tydeleg: Mis leai vuodjin-heargi. Både den akkalasamiske og den nordsamiske setninga kan setjast om ord for ord til norsk som «Hos oss var køyre-rein». Akkalasamisk mist' ‘hos oss’ er lokativ av mij ‘vi’, og liaj ‘var’ er 3. person eintal fortid av verbet lijje ‘vere’.

Akkalasamisk og nordsamisk har ikkje noko verb som tyder ‘ha’, og bruker – som dømet ovanfor viser – i staden ein konstruksjon som bokstavleg tyder ‘vere hos’, akkurat som på mellom anna finsk og russisk. Setninga ovanfor heiter U nas byl ezdovoj bolen' У нас был ездовой болень på russisk, som ord for ord tyder det same som den samiske setninga: «Hos oss var køyre-rein.»

Uttale

Akkalasamisk har ikkje nokon konvensjonell ortografi, så her skriv vi språket i ein ortografi som i hovudsak byggjer på dei same prinsippa som ortografien til samiske grannespråk i vest som blir skrivne med det latinske alfabetet. Framstillinga byggjer på ein kritisk gjennomgang av Zajkov (1987), med nokre detaljar frå Sammallahti (1998).

Fremst i eit ord har språket konsonantane i tabellen nedanfor, om vi ser bort frå nye lånord frå russisk. Kvar konsonant er attgitt i kyrillisk ortografi, latinsk translitterasjon og – i klammer – uttalen i IPA-transkripsjon.

p [p]

t [t]

c [ʦ]

č [ʧ]

k [k]

f [f]

s [s]

š [ʃ]

x [x]

h [h]

m [m]

n [m]

ň [ɲ]

v [v]

l [l]

j [j]

r [r]

Konsonantar i framlyd har ein tendens til å vere palataliserte framfor vokalen i [i], jamfør miejjn [mʲiejːn] ‘rogn’ og piell' [pʲielʲː] ‘øyre’. I den første – og trykksterke – stavinga i ordet har språket vokalane (monoftongane og diftongane) i tabellane nedanfor.

korte monoftongar

lange monoftongar

i [i]

ɨ [ɨ]

u [u]

ii [iː]

ɨɨ [ɨː]

uu [uː]

e [ɛ]

o [o]

ee [ɛː]

oo [oː]

á [a~æ]

a [ɑ]

å [ɒ]

áá [aː]

аa [ɑː]

åå [ɒː]

diftongar

ie [ie]

ɨe [ɨǝ]

ue [ue]

uo [uo]

ia [ia]

[ua]

ua [uɑ]

ea [ea]

oa [oɑ]

Inne i ord og i slutten av ord har akkalasamisk konsonantane i tabellen nedanfor. Konsonantane finst åleine og i geminatar (doble konsonantar) og andre konsonantgrupper.

p [p]

t [t]

c [ʦ]

č [ʧ]

k [k]

b [b]

d [d]

ʒ [ʣ]

ǯ [ʤ]

g [ɡ]

f [f]

s [s]

š [ʃ]

x [x]

h [h]

v [v]

z [z]

ž [ʒ]

m [m]

n [n]

ň [ɲ]

ŋ [ŋ]

l [ɫ]

j [j]

r [r]

Alle konsonantane i tabellen ovanfor – med unntak av č, ǯ, š, ž, j, x – har ei palatalisert utgåve som vi merkjer i ortografien med ein apostrof etter bokstaven, som i nijjp' [nijːpʲ] ‘kniv’. I ei gruppe er det apostrof berre etter den siste konsonanten, men alle konsonantane i gruppa er palataliserte, som i ebbr' [ɛbʲːrʲ] ‘regn’, kieddg' [kiedʲːɡʲ] ‘stein’, jieŋŋk' [jieŋʲːkʲ] ‘myr’, jieŋg'ist [jieŋʲkʲist] ‘i myra’ og jieŋŋk'a [jieŋʲːkʲɑ] ‘til myra’.

Akkalasamiske plosivar og affrikatar kan vere preaspirerte, og det er merkt i ortografien med h, som i kiht [kiht] ‘hand’ og čáhc' [ʧæhʲʦʲ] ‘vatn’. Jamfør nordsamisk giehta ‘hand’ og čáhci ‘vatn’.

Litteratur om akkalasamisk

Rogier Blokland & Michael Rießler: «Komi-Saami-Russian contacts on the Kola Peninsula», i Cornelius Hasselblatt, Peter Houtzagers & Remco van Pareren: Language Contact in Times of Globalization. Rodopi, Amsterdam & New York 2011

Leif Rantala: «De ryska samernas ställning». Vedlegg 2 i Nordisk samekonvensjon. Utkast fra finsk-norsk-svensk-samisk ekspertgruppe. Dokumentet finst her: http://www.regjeringen.no/Upload/AID/temadokumenter/sami/sami_samekonvensjon_norsk.pdf [lesedato 18.12. 2012]

Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998 (sidene 145–147 handlar om akkalasamisk)

Elisabeth Scheller: «Samernas språksituation i Ryssland», Multiethnica. Meddelande från Centrum för multietnisk forskning. Uppsala universitet 2010 (32) (sidene 3–8)

Elisabeth Scheller: «Samisk språkrevitalisering i Ryssland – möjligheter och utmaningar», NOA. Norsk som andrespråk 2011, volum 27 (1) (sidene 86–119)

Pëtr Mefod'evič Zajkov: Babinskij dialekt saamskogo jazyka (fonologo-morfologičeskoe issledovanie). Karel'skij filial Akademii Nauk SSSR, Petrozavodsk 1987 / Петр Мефодьевич Зайков: Бабинский диалект саамского языка (фонолого-морфологическое исследование). Карельский филиал Академии Наук СССР, Институт языка, литературы и истории, Петрозаводск 1987

Tilrådd litteratur om språk i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 28.07.2017