Hopp til innhold
X
Innhald

Albansk

Dei albanske orda natë, nata og net tyder 'natt', 'natta' og 'netter'!

Ordhistorie
Norsk eller grannespråka våre har ikkje lånt ord frå albansk. Albansk har derimot lånt mange ord frå latin, særleg i dei første 500 åra e.Kr., og mange velkjende latinske ord har endra form så sterkt at det ikkje er lett å kjenne dei att: Mbret 'konge' og shëndet 'helse' kjem av latin imperātor 'keisar' og sānitātem 'helse'.
Språkfamilie
Albansk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien.
Språkhistorie
Det oppstod tidleg eit dialektskilje langs elva Shkumbin. Nordafor Shkumbin finn vi gegiske dialektar (gegë) og sønnafor toskiske (toskë). I hundreåra mellom 1000 og 1500 utvandra mange toskisk-talande til Hellas. Frå Hellas skjedde det så ei albanske utvandring til Sør-Italia og Sicilia.
Albansk har lånt mange ord frå grannespråka, mellom anna frå latin – ei viktig lånordkjelde dei første 500 åra e.Kr. Den eldste kjende trykte boka på albansk er Meshari 'messebok' frå 1555. I 1635 kom den første latinsk-albanske ordboka.
Sidan albansk blei teke i bruk som skriftspråk på 1500-talet, er det blitt skrive med fleire alfabet – arabisk, gresk, kyrillisk og latinsk, pluss to alfabet som blei laga for å skrive albansk. På Monastir-kongressen i 1908 møttest albanske forfattarar og intellektuelle og blei samde om ein einskapleg albansk ortografi, basert på det latinske alfabetet, og ikkje med fleire spesialteikn – ë og ç – enn ein fann på ein fransk skrivemaskin. Det moderne albanske skriftspråket, som byggjer på toskisk og fekk si endelege form i 1972, følgjer prinsippa frå Monastir-kongressen.
Språksystem
Fleire språk på Balkan – som rumensk, bulgarsk og albansk – har svært lik struktur.
Eit Balkan-drag i albansk uttale er vokalen ë [ə], som i hënë [hən] 'måne'. Vokalen finst òg i bulgarsk vəlk вълк 'ulv' og rumensk măr [mər] 'eple'.
Eit Balkan-drag i albansk grammatikk er at substantiva tek eit suffiks i bunden form, nett som i nordiske språk. Natë tyder 'natt', og nata tyder 'natta'. Jamfør bulgarsk nošt нощ 'natt' / noštta нощта 'natta' og rumensk noapte 'natt' / noaptea 'natta'.
Uttale
Albansk har sju vokalar, her skrivne ortografisk og i fonetisk transkripsjon:
i [i]
y [y]
u [o]
e [ɛ]
ë [ə]
o [ɔ]
a [a]
Språket har desse 29 konsonantane:
 
p [p]
t [t] 
c [ts] 
ç [tʃ] 
q [tɕ] 
k [k] 
 
 
 
b [b] 
d [d] 
x [dz] 
xh [dʒ]
gj [dʑ] 
g [ɡ] 
 
 
 
f [f] 
th [θ] 
s [s] 
sh [ʃ] 
 
 
h [h] 
 
 
v [v] 
dh [ð] 
z [z] 
zh [ʒ] 
 
 
 
 
 
m [m] 
n [n] 
 
 
nj [ɲ] 
 
 
 
 
 
r [ɾ] rr [r] 
 
 
 
 
 
 
 
l [l] ll [ɫ] 
 
j [j] 
 
 
 
Trykket ligg som regel på den siste stavinga i stamma, med trykklette bøyingssuffiks: punë [ˈpun] 'arbeid', punëtor [punəˈtɔɾ] 'arbeidar' og punëtori [punəˈtɔɾi] 'arbeidaren'.
 
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 02.11.2011
Sist oppdatert: 14.11.2019