Hopp til innhold
X
Innhald

Amharisk

Ordet rastafari kjem frå amharisk.

Ordhistorie
I 1930-åra oppstod det på Jamaica ein ny religion, rastafari-rørsla eller rastafarianismen, med element frå kristendomen og jødedomen. Sentralt i denne religionen står trua på at den etiopiske keisaren Haile Selassie 1. (1892–1975) (ge'ez Hayle Sıllasé ኀይለ ሥላሴ 'krafta til treeininga') var guddomleg. Før han blei krona til keisar i 1930, heitte han Ras Teferi Mekonnın ራስ ተፈሪ መኰንን 'hertug Tafari Makonnın', og det er dette Ras Teferi ራስ ተፈሪ som er opphavet til ordet rastafari. Ras ራስ er det amhariske ordet for 'hovud', men det er òg ein tittel som kan omsetjast med 'hertug'. Teferi ተፈሪ er eit amharisk personnamn.
Språkfamilie
Amharisk høyrer til den transversale undergruppa av den sørlege greina av etiosemittisk. Etiosemittisk kjem inn under sørsemittisk, ei av dei tre hovudgreinene av semittisk, saman med austsemittisk (med det utdøydde språket akkadisk) og vestsemittisk (med mellom anna arabisk, hebraisk og arameisk). Semittisk utgjer ei grein av den afroasiatiske språkfamilien.
Språkhistorie
Semittiske språk er blitt snakka på den afrikanske sida av Raudehavet i minst 4000 år. Etiosemittisk har ei nordleg og ei sørleg grein. I den nordlege greina finn vi tigre (tıgré ትግረ), tigrinja (tıgrıñña ትግርኛ) og det utdøydde ge'ez (gıʕız ግዕዝ), som er liturgisk språk i den ortodokse etiopiske kyrkja. Dei etiosemittiske språka blir snakka i Eritrea og i Nord- og Sentral-Etiopia. Amharisk kjem opphavleg frå Amara-regionen i det nordlege Sentral-Etiopia. Keisar Yıkuno Amlak ይኩኖ ኣምላክ, som styrte frå 1270 til 1285 og atterreiste det salomoniske dynastiet i Etiopia, tok amharisk som lıssane nıgus ልሳነ ንጉሥ 'kongsspråk' og la grunnlaget for den rolla amharisk spelar i det moderne Etiopia. Språket blir skrive med det etiopiske alfabetet, som i si noverandre form har vore nytta til å skrive ge'ez sidan 300-talet.
Språksystem
Amharisk og andre moderne etiosemittiske språk har setningsstrukturen subjekt + objekt + verb (SOV), medan andre semittiske språk har rekkjefølgja VSO. Her er eit døme på ei amharisk setning:
Subjekt            Objekt             Verbal
wıššaw            lıjun                nekkese      'Hunden beit barnet.'
ውሻው            ልጁን             ነከሰ
'hunden'            'barnet'             'beit'
Wıššaw ውሻው 'hunden' har det bundne suffikset -w ው lagt til den ubundne forma wıšša ውሻ 'hund'. Lıjun ልጁን 'barnet' har akkusativsuffikset -n lagt til lıju ልጁን, bunden form av lıj ልጅ 'barn'. Det bundne suffikset er -w etter vokal og -u etter konsonant.
Amharisk og andre moderne etiosemittiske språk har adjektivet framfor substantivet i ein nominalfrase, til dømes tınnıš lıj ትንሽ ልጅ 'lite barn'. Både det bundne suffikset -u / -w og akkusativsuffikset -n blir lagde til adjektivet:
Subjekt            Objekt             Verbal
wıššaw            tınnıšun  lıj      nekkese      'Hunden beit det vesle barnet.'
ውሻው            ትንሹን  ልጅ     ነከሰ
'hunden'            'vesle'  'barn'    'beit'
Uttale
Amharisk har sju vokalar, her attgitt i etiopisk skrift og IPA i kombinasjon med konsonanten b ብ. I den etiopiske skrifta blir vokalane uttrykte med små tillegg eller endringar av konsonantbokstavane. Ein bokstav utan tillegg blir uttalt med vokalen a. Transkripsjonen samsvarer med IPA, bortsett frå symbola é [e], ı [ɨ] og e [ɜ].
ቢ bi
ብ bı
ቡ bu
ቤ bé
በ be
ቦ bo
ባ ba
Når ein vokal ikkje følgjer ein konsonant, blir han skriven i lag med አ eller ዐ, som representerte ʔ og ʕ i ge'ez. Vokalen e finst ikkje i denne posisjonen.
Språket har 26 konsonantar, her skrivne i lag med vokalen e, som i grunnforma av dei etiopiske bokstavane. Etter h har grunnforma vokalen a. Konsonantane s og h kan skrivast på høvesvis to og tre måtar kvar. Dei svarer til ulike konsonantar i ge'ez som har falle saman i amharisk. Konsonantane er skrivne i samsvar med IPA, bortsett frå c, j, c', š, ž, ñ, y, som står for IPA [tʃ, dʒ, tʃ', ʃ, ʒ, ɲ, j].
ፐ pe
ተ te
ቸ ce
ከ ke
በ be
ደ de
ጀ je
ገ ɡe
ጰ p'e
ጠ t'e
ጨ c'e
ቀ k'e
ፈ fe
ሰ ሠ se
ሸ še
ሀ ኀ ኸ ha
ዘ ze
ዠ že
ጸ s'e
መ me
ነ ne
ኘ ñe
ረ re
ወ we
ለ le
የ ye
Amharisk skil mellom enkle og doble konsonantar, men dei blir ikkje skilde i den etiopiske skrifta.
Det finst ingen offisiell translitterasjon av det etiopiske alfabetet, og vi nyttar ein translitterasjon med så få diakritiske teikn som råd. Vokalane i, é, ı, e, u, o, a blir translittererte på svært mange måtar, og ein annan vanleg måte er i, e, ï, ä, u, o, a.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 01.11.2011
Sist oppdatert: 01.11.2011