Hopp til innhold
X
Innhald

Arabisk

Europeiske språk lånte fleire hundre ord frå arabisk i mellomalderen. Koranen blei nedskriven på klassisk arabisk, som ligg til grunn for (moderne) skriftarabisk.

Ordhistorie

I mellomalderen var arabisk og islamsk kultur sterkt til stades i Europa – på Den iberiske halvøya og Sicilia, og til dels i Italia. På denne tida låg den arabiske kulturen langt framme i naturvitskap og filosofi, og store mengder arabiske ord fløymde inn i europeiske språk. Her er nokre ord som har nådd heilt til norsk:
admiral < amīr al-baḥr ﺍﻟﺒﺤﺮ ﺃﻣﻴﺮ 'hav-kommandør'
alkohol < al-kuḥūl ﺍﻟﻜﺤﻮﻝ 'alkohol'
algebra < al-jabr ﺍﻟﺠﺒﺮ 'algebra', 'tvang, fatalisme'
arsenal < dār al-ṣinā'a ﺍﻟﺼﻨﺎﻋﺔ ﺩﺍﺭ 'handverkshus'

Legg merke til at mange arabiske ord er lånte med den bundne artikklen al‑.

Avisa Al-Qabas. Foto: Samira, flickr.com CC BY 2.0
Avisa Al-Qabas. Foto: Samira, Flickr.com CC BY 2.0

Språkfamilie

Arabisk er eit semittisk språk. Dei semittiske språka blir delte i to hovudgrupper, austsemittisk (utdøydde språk i det gamle Mesopotamia) og vestsemittisk. Arabisk høyrer til den sentralsemittiske greina av vestsemittisk, saman med hebraisk, arameisk og fleire utdøydde språk.

Språkhistorie

Etter muslimsk tradisjon openberra Gud Koranen (al-Qur'ān ﺍﻟﻘﺮﺋﺎﻥ 'lesinga', 'framseiinga') for Muhammed (Muħammad ﻣﺤﻤﺪ) gjennom engelen Gabriel (Jibrīl ﺟﺒﺮﻳﻞ) frå år 610 og til han døydde i 632. Koranen blei openberra på klassisk arabisk, som ligg til grunn for (moderne) skriftarabisk. Frå slutten av 600-talet blei arabisk spreidd med islam frå den arabiske halvøya og utover eit islamsk arabisk imperium som tidleg på 700-talet strekte seg frå Spania til Persia. Talemålet i dette store området endra seg i ulike retningar og gav opphavet til dei moderne arabiske dialektane. Skriftarabisk er det offisielle skriftspråket i heile den arabisktalande verda, med unntak av Malta, som har eit skriftspråk basert på det maltesiske talespråket, skrive med det latinske alfabetet.

Språksystem

Eit særdrag ved arabisk og andre semittiske språk er at vokalane i heile ordet ofte vekslar sterkt under bøyinga. Substantivet baħr ﺑﺤﺮ 'hav' kan heite både biħār ﺑﺤﺎﺭ, buħūr ﺑﺤﻮﺮ, abħār ﺃﺑﺤﺎﺭ og abħur ﺃﺑﺤﺮ i fleirtal, medan det heiter baħrān ﺍﺮﺤﺑ (akkusativ/genitiv baħrayn ﻳﺮﺤﺑ) i total. Konsonantane b, ħ og r, som går att i alle bøyingsformene, blir kallar rota, og dei fleste arabiske røter har tre konsonantar. Ordet al-Qur'ān ﺍﻟﻘﺮﺋﺎﻥ 'Koranen' har den bundne artikkelen al‑ ﺍﻝ, og Qur'ān ﻗﺮﺋﺎﻥ har rota q-r‑', som vi mellom finn att i verbet qara'a ﻗﺮ 'lese', 'seie fram'.

Uttale

Arabisk blir skrive med det arabiske alfabetet, som blir lese frå høgre mot venstre. Klassisk arabisk har tre korte og tre lange vokalar:
i ī
u ū
a ā
Vokalane blir sterkt farga av grannekonsonantane, slik at q og dei emfatiske konsonantane dreg vokalane bakover, jamfør qāri' ﻗﺎﺭ [ˈqɑːriʔ] 'lesar, framseiar (særleg av Koranen)' og kātib ﻛﺎﺗﺐ [ˈkæːtib] 'skrivar', 'sekretær'.
Konsonantane i klassisk arabisk:
t
k
q
'
b
d
j
f
θ
s
š
x
ħ
h
ð
z
ɣ
'
m
n
r
w
l
y
Bokstavane med prikk under (i latinske skrift) står for emfatiske konsonantar, som blir uttalte med ei innsnøring i svelget. Legg elles merke til j [dʒ], š [ʃ], y [j], ' [ʔ] og ' [ʕ].


Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.

Routledge 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 18.09.2009
Sist oppdatert: 20.12.2017