Faktaboks

arameisk
Uttale
aramˈeisk
Språkkodar
arc (ARC)
ISO-639:3
arc
Hermologion: Heirmos 705-709. Fra Kathrina-klosteret på Sinai-fjellet
Bok fra 1000-tallet skrevet på arameisk med det syriske alfabetet.
Hermologion: Heirmos 705-709. Fra Kathrina-klosteret på Sinai-fjellet
Av /Schøyen-samlingen MS 577.
Hebrew Bible, Shelfmark: MS. Kennicott 3
Hebraisk (til venstre) og arameisk (til høgre) i ein hebraisk bibel frå 1299

Arameisk er eit språk som høyrer til den nordvestlege gruppa av semittiske språk. Det er i nær slekt med hebraisk. I antikken var arameisk lenge det viktigaste språket i Midtausten. Det var administrasjonsspråk i det akemenidiske riket (Persarriket) frå om lag 539 til 330 fvt. og eit viktig lingua franca i det same området fram til 600-talet evt.

I dag snakkar rundt ein halv million menneske arameiske språk. Dei høyrer tradisjonelt til i Sørvest-Asia: i Tyrkia, Syria, Iran, Irak, Libanon, Israel og Palestina. Talarane er for det meste kristne, jødar og mandearar, og sjeldnare muslimar. På grunn av religiøs forfølging i det ottomanske riket under første verdskrigen og på grunn av fleire krigar sidan 1980-åra har mange flykta frå Midtausten og lever i eksil over heile verda.

Det seinarameiske språket klassisk syrisk er det liturgiske og litterære språket i syrisk kristendom. I Rojava, eit i røynda autonomt kurdiskdominert område i det nordaustlege Syria, har arameisk status som offisielt språk, i tillegg til arabisk og det kurdiske språket kurmandsji. Dette er den einaste staden der arameisk har ein slik status i dag.

Arameisk heiter 𐡀𐡓𐡌𐡉𐡀 ארמיא ʔarāmājā på gamalarameisk og ܐܪܡܝܐ aromojo på klassisk syrisk. Klassisk syrisk ܠܶܫܳܢܳܐ ܣܽܘܪܝܳܝܳܐ lešono surjojo tyder 'det syriske språket'.

Ordhistorie

Navnet Jesus skrevet på jødisk arameisk
Navnet Jesus skrevet på jødisk arameisk
Av .

På Jesu tid var arameisk det viktigaste talemålet i Palestina. Det er ei vanleg oppfatning at morsmålet til Jesus var arameisk. Fleire stader i Det nye testamentet blir han sitert på dette språket. Her er tre velkjende døme – dei arameiske orda er skrivne i kursiv:

Bibelstad Sitat
Markus 5,41 Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!»
Markus 7,34 Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!»
Matteus 27,46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

Også namnet Jesus har arameisk opphav. Vi har fått det via gresk Ιησοῦς Iēsoûs, som er ei attgiving av gamalarameisk ישוע Jšūʕ [jǝˈʃuːɑʕ]. Gamalarameisk ישוע Jšūʕ [jǝˈʃuːɑʕ] er òg namnet på medhjelparen til Moses, han som på gamalhebraisk heiter יהושﬠ Jhošuʕ [jǝhoˈʃuɑʕ] og som i den norske bibelen heiter Josva.

Språkfamilie

Arameisk høyrer til dei semittiske språka, som er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Dei andre greinene er egyptisk (utdøydd), berbersk, tsjadisk, kusjittisk (kanskje fleire greiner), og omotisk (omstridt).

Språkhistorie

Arameisk har ei samanhengande historie som både talemål og skriftspråk på nær 3000 år. Mellom språk som framleis er levande, har berre kinesisk ei lengre historie.

Den arameiske språkhistoria kan delast i fem periodar (alle årstala er omtrentlege):

  1. Gamalarameisk, 850–600 fvt.
  2. Riksarameisk, 600–200 fvt.
  3. Mellomarameisk, 200 fvt.–250 evt.
  4. Sein arameisk, 250–1200 evt.
  5. Nyarameisk, 1200–i dag

Gamalarameisk, 850–600 fvt.

Kring år 1000 fvt. blei arameisk talt av stammer som budde i Aram, i sentrale delar av det noverande Syria. Aramearane spreidde seg i Babylonia, der arameisk alt på 700-talet fvt. fekk ein sentral posisjon ved sida av akkadisk (assyrisk og babylonsk).

Riksarameisk 600–200 fvt.

Mynt med bilde av Aleksander den store. Arameisk inskripsjon.
Mynt med bilde av Aleksander den store. Arameisk inskripsjon.
Mynt med bilde av Aleksander den store. Arameisk inskripsjon.
Av .

På 600–500-talet fvt. hadde arameisk erstatta akkadisk som internasjonalt diplomatisk språk i Midtausten, ikkje minst fordi babylonske kjøpmenn nytta arameisk som lingua franca, og fordi den babylonske staten dreiv med massedeportering av folkegrupper, slik at arameisktalande folk blei spreidde over store delar av Midtausten, frå Mesopotamia til Egypt.

Då det akemenidiske riket (Persarriket) la Babylonia under seg i 539 fvt., gjorde dei riksarameisk til administrasjonsspråk. Det akemenidiske riket strekte seg frå Indus i aust til Nilen og Bosporos i vest. Riksarameisk hadde ei fast, standardisert form og bygde truleg på den babylonske arameisken til velutdanna persarar.

Eit stort riksarameisk papyrusarkiv er funne på øya Elefantine i Nilen, rett ved byen Aswan. Medan Øvre Egypt var okkupert av det akemenidiske riket (525–402 og 343–332 fvt.), budde det arameiskspråklege jødiske leigesoldatar på Elefantine.

I det akemenidiske riket fortrengde riksarameisk ikkje berre andre arameiske dialektar – slik at alle seinare variantar stammar frå riksarameisk – men i stor grad også dei ulike dialektane av kanaaneisk, til dømes fønikisk og hebraisk.

I Det gamle testamentet finst det fire avsnitt på bibelarameisk, som er ein variant av riksarameisk: Første Mosebok 31,47; Jeremia 10,11; Esra 4,8–6,18 og Esra 7,12–26.

Aleksander den store innlemma det akemenidiske riket i det makedonske riket i 330 fvt., fekk gresk rolla som administrasjonsspråk i staden for riksarameisk.

Mellomarameisk 200 fvt.–250 evt.

Det riksarameiske skriftspråket var framleis i bruk i den mellomarameiske perioden, men arameisk talemål utvikla seg til ulike dialektar. Det oppstod eit hovudskilje mellom austlege og vestlege dialektar.

Ein austleg dialekt er kjend frå over 4000 innskrifter i den antikke oasebyen Palmyra (klassisk syrisk ܬܕܡܘܪܬܐ tedmurto 'mirakel', 'vedunder') i Syria. Innskriftene er daterte til tidsrommet 44 fvt. til 274 evt.

I det nabateiske kongedømet (200-talet fvt.–106 evt.), med hovudstaden Raqmu (i dag kjend som Petra, arabisk البتراء al-Batrāʔ) var ein vestarameisk dialekt offisielt språk, trass i at nabatearane snakka arabisk. Nabateisk arameisk blei skrive med ein variant av det arameiske alfabetet som er opphavet til den arabiske skrifta.

Arameisk var eit viktig lingua franca i det iranske Partarriket (247 fvt.–224 evt.).

Sidan det babylonske fangenskapet på 500-talet fvt. hadde arameisk byrja å erstatte hebraisk som dagleg talemål mellom jødane i Palestina. I det siste hundreåret før vår tidsrekning måtte opplesing av den hebraiske bibelen følgjast av ei tolking på arameisk, ein såkalla targum (hebraisk תַּרְגּוּם targum 'omsetjing', 'forklaring', tolking'). Denne tradisjonen var levande fram til tidleg i mellomalderen. I dag blir ordet targum nytta om den arameiske omsetjinga av den hebraiske bibelen, det dei kristne kallar Det gamle testamentet.

Eit avsnitt i Det gamle testamentet – Daniel 2,4–7,28 – blei skrive på mellomarameisk tidleg i denne perioden.

Sein arameisk 250–1200 evt.

Tidleg i den seinarameiske perioden blei den arameiske dialekten i byen Edessa i Nord-Mesopotamia utvikla til eit standardisert skriftspråk, kjent under namnet klassisk syrisk. Edessa heiter i dag Şanlıurfa og ligg i Tyrkia.

På 100-talet blei Det nye testamentet sett om til klassisk syrisk, og på 400-talet følgde Det gamle testamentet. Klassisk syrisk er framleis det liturgiske språket i fleire austlege kyrkjer:

  • Den syrisk-ortodokse kyrkja, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܬܪܝܨܬ ܫܘܒܚܐ ʕedto surjajto trišat šubħo
  • Den assyriske kyrkja i aust, ܥܕܬܐ ܕܡܕܢܚܐ ܕܐܬܘܪ̈ܝܐ ʕedto dmadnħa dʔoturoje
  • Den kaldeisk-katolske kyrkja, ܥܕܬܐ ܟܠܕܝܬܐ ܩܬܘܠܝܩܝܬܐ ʕedto kaldeto qatoliqajto
  • Den syrisk-katolske kyrkja, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܩܬܘܠܝܺܩܝܬܐ ʕedto surjajto qatoliqajto
  • Den syrisk-maronittiske kyrkja i Antiokia, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܡܪܘܢܝܬܐ ܕܐܢܛܝܘܟܝܐ ʕedto surjajto moronajto dʔanṭiokia
  • Tomaskristne i Kerala i Sør-India

Kring 90 prosent av all kjend arameisk litteratur er skriven på klassisk syrisk.

Det store jødiske etterbibelske verket Talmud (hebraisk תַּלְמוּד talmud 'studium', 'lære') er skrive 200–500 evt. på hebraisk og jødisk babylonsk arameisk, ein seinarameisk dialekt som blei talt i Nedre Mesopotamia.

Fram til 600-talet var det arameiske språkområdet delt mellom det bysantinske riket (Austromarriket) i vest og det iranske Sasanideriket (224–651 evt.) i aust. Arameisk var eit viktig lingua franca i Sasanideriket. Framleis finst det ein vestleg og ein austleg klassisk syrisk, med skilnader i uttale og skrivemåte.

Etter den islamske ekspansjonen frå og med 600-talet blei det store fleirtalet i Midtausten muslimar, og arabisk fortrengde i stor grad arameisk. Det markerte slutten på den dominerande posisjonen til det arameiske språket.

Seinarameiske dialektar kan delast i tre grupper – palestinske, babylonske og syriske. Dei som snakka palestinsk arameisk, var jødar, kristne og samaritanar. Babylonsk arameisk blei talt av jødar og mandearar. Dei som snakka syrisk arameisk, var kristne og jødar.

Nyarameisk frå 1200 til i dag

I dag finst det fleire arameiske språk, som kan delast i tre grupper:

  • vestleg nyarameisk
  • nordaustleg nyarameisk
  • nymandeisk

Vestleg nyarameisk har fram til vår tid blitt talt av om lag 15 000 menneske i Qalamūn-fjella nordaust for Damaskus i Syria, i tre landsbyar med dei arameiske namna מעלולא ܡܰܥܠܘܽܠܰܐ Maʕlula, בכעא ܒܰܟܥܰܐ Baxʕa ogגפעוד ܓܽܦܰܥܘܳܕ Guppaʕod. Innbyggjarane i Maʕlula var stort sett kristne, medan innbyggjarane i Baxʕa og Guppaʕod var muslimar, noko som er uvanleg mellom arameiskspråklege. Under borgarkrigen i Syria, som byrja i 2011, flykta innbyggjarane i Maʕlula til andre stader i Syria og til Libanon.

Nordaustleg nyarameisk omfattar eit ukjent tal med språk og dialektar som fram til byrjinga av 1900-talet blei talt av jødar og kristne over eit stort område, som omfatta Søraust-Tyrkia, Nord-Irak og Nordvest-Iran. Kring år 2000 blei dei nordaustlege nyarameiske språka talte av om lag ein halv million menneske. Dei fleste er syrisk kristne og snakkar ܣܘܽܪܝܶܬ suret, med variantane kaldeisk nyarameisk og assyrisk nyarameisk. Etter det assyriske folkemordet – ܣܰܝܦܳܐ sajfo 'sverdet' – under første verdskrigen, då mellom 150 000 og 300 000 assyrarar blei drepne av ottomanske troppar, flykta mange assyrarar. Dei bur i dag over store delar av verda, i den assyriske diasporaen, ܓܰܠܘܽܬܰܐ galuta 'eksilet'. Det finst i dag mellom 3 og 4 millionar assyrarar, og truleg bur over halvparten av dei i eksil. Dei største eksilgruppene finn vi i USA, Sverige, Jordan og Tyskland.

Nymandeisk blir snakka av mandearane, som inntil nyleg budde i den iranske byen Ahvāz og i tilgrensande delar av Irak ved Šaṭṭ al-ʕarab. Mandearane er tilhengjarar av den gnostiske religionen mandeisme. Under krigen mellom Irak og Iran i 1980-åra blei alle mandeiske byar øydelagde, bortsett frå Ahvāz. Etter Irak-krigen (2003–2011) braut det mandeiske samfunnet i Irak saman. Dei fleste mandearane blei arabiskspråklege på 1900-talet, og mandeisk overlever først og fremst som liturgisk språk. Talet på mandearar er 60 000–70 000, og mange bur i diaspora-samfunn over heile verda. Dei største eksilgruppene finn vi i Sverige, Australia og Nederland.

Språksystem

Substantiv

Som andre semittiske språk har arameisk to genus (grammatiske kjønn), maskulinum (hankjønn) og femininum (hokjønn). Tabellane viser bøyingsformene til maskuline og feminine substantiv i bibelarameisk, som er ein variant av riksarameisk.

Bøyingsmønster for maskuline substantiv i bibelarameisk:

'konge' maskulinum Singularis Pluralis
Konstrukt מלך mlek מלכי malkē
Absolutt, ubunden מלך mlek מלכין malkīn
Absolutt, bunden מלכא malkā מלכיא malkajjā

Bøyingsmønster for feminine substantiv i bibelarameisk:

'dronning' femininum Singularis Pluralis
Konstrukt מלכת malkat מלכן malkāt
Absolutt, ubunden מלכה malkā מלכת malkān
Absolutt, bunden מלכתא malktā מלכתא malkātā

Konstrukt blir nytta som overledd i ein eigedomskonstruksjon, som i מלכי בבל malkē bābel 'Babylons kongar'. I andre samanhengar brukar ein absolutte former.

At eit substantiv er bunde (bestemt), blir i riksarameisk uttrykt med suffikset ־א ‑ā, som i מלכאmalk‑ā 'kongen'. Hebraisk og arabisk har her prefiks – jamfør gamalhebraisk המלך ham‑malk 'kongen', nyhebraisk ha‑mélex 'kongen' og arabisk الملك al‑malik 'kongen'.

Klassisk syrisk har også bøyingsformene som i tabellane over, men uttalen har endra seg litt, mellom anna ved at ā er blitt til o. Formene som enda på ā i riksarameisk, endar på o i klassisk syrisk, og dei er ikkje lenger bundne. Skiljet mellom ubunden og bunden er blitt borte, og formene på o er blitt hovudformer. Absolutte former utan o blir berre nytta i særskilde konstruksjonar, til dømes etter talord, og dei konstrukte er òg lite brukte.

I ein substantivfrase står adjektivet og andre underordna ledd etter substantivet, som i gamalarameisk מלך רב mlek rab 'stor konge', ord for ord: 'konge stor'.

I gamalarameisk og riksarameisk var det vanleg med setningsstrukturen VSO, det vil seie at verbet (V) kom først i setninga, følgt av subjektet (S) og objektet (O). Framfor verbet kan det stå eit adverbial. Første Mosebok 1,1 – «I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.» – illustrerer dette. Her er den klassisk syriske versjonen jamført med den klassisk bibelhebraiske og den klassisk arabiske:

  • Klassisk syrisk: ܒܪܵܫܝܼܬܼ ܒܪ݂ܵܐ ܐܲܠܵܗܵܐ ܝܵܬܼ ܫܡܲܝܵܐ ܘܝܵܬܼ ܐܲܪܥܵܐ brošít bro ʔalóho jot šmájo wjot ʔárʕo
  • Klassisk bibelhebraisk: בְּרֵאשִׁ֖ית בָּרָ֣א אֱלֹהִ֑ים אֵ֥ת הַשָּׁמַ֖֫יִם וְאֵ֥ת הָאָֽ֫רֶץ breʔšit båråʔ ʔlohim ʔet haššåmajm wʔet håʔårs'
  • Klassisk arabisk: فِي البَدءِ خَلَقَ اللهُ السَّماواتِ وَالأرْضَ fī lbadaʔi xalaqa llāhu ssamawāti walʔardˠa

Om ein analyserer setningane over får ein:

b-rošít bro ʔalóho jot šmájo w-jot ʔárʕo
i-opphav skapte gud OBJ himmel og-OBJ jord

Uttale og skrift

Arameisk er blitt skrive med ulike variantar av det arameiske alfabetet, som har opphav i det fønikiske alfabetet. Ein skriv frå høgre mot venstre.

Gamalarameiske og riksarameiske konsonantar

Tabellen nedanfor viser konsonantsystemet i bibelarameisk, ein variant av riksarameisk, det offisielle språket i det akeminidiske riket. Kolonne I og II viser skrivemåten av konsonantane i det riksarameiske alfabetet og hebraisk kvadratskrift, ein stilisert «kvadratisk» variant av det arameiske alfabetet.

Dei riksarameiske konsonantfonema (III) og skrivemåten av dei i riksarameisk (I) skrift og i hebraisk kvadratskrift (II):

I II III R K U R K U
א א ʔ ט ט t' פ פ ף p
ב ב b י י j צ צ ץ s'
ג ג g כ כ ך k ק ק k'
ד ד d ל ל l ר ר r
ה ה h מ מ ם m ש ש š / ɬ
ו ו w נ נ ן n ת ת t
ז ז z ס ס s
ח ח ħ ע ע ʕ

Riksarameisk hadde 23 konsonantfonem, som blei skrivne med 22 bokstavar. Bokstaven ש stod for både š (IPA ʃ) og ɬ (ustemd lateral frikativ).

B d g p t k – dei såkalla bgādkpāt-konsonantane – hadde to allofonar (uttalevariantar). Etter ein vokal blir dei uttalte som frikativar, [v ð ɣ f θ x], og elles (etter pause, etter ein konsonant og når dei var doble/lange) blei dei uttalte som plosivar [p t k b d ɡ].

Når to konsonantar stod etter kvarandre fremst i ei staving, kom det ein kort vokal, [ǝ], mellom dei, som i שמא šmā [ʃǝˈmaː] 'namnet'. Denne vokalen blir ikkje rekna som eit eige fonem, men bgādkpāt-konsonantane blir realiserte som frikativar etter han, som t i מלכתה malktā [malkǝˈθaː] 'dronninga'.

Konsonantane t' s' k' var ejektivar i gamalarameisk, og truleg også i mellomarameisk.

I gamalarameisk var fleire bokstavar fleirtydige, som vist i tabellen nedanfor, som også viser endringar i konsonantsystemet frå gamalarameisk til riksarameisk. Etter desse endringane var det berre ש som var tvitydig.

Fleirtydige bokstavar i gamalarameisk og konsonantendringar frå gamalarameisk til riksarameisk:

Fleirtydige bokstavar i gamalarameisk Endringar frå gamalarameisk til riksarmeisk
ז z / ð ð > d
ח ħ / x x > ħ
ע ʕ / ɣ ɣ > ʕ
צ s' / θ' θ' > t'
ק k' / ɬ' ɬ' > ʕ
ש š / ɬ / θ θ > t

Klassisk syriske konsonantar

Frå riksarameisk til klassisk syrisk blei θ til s, slik at klassisk syrisk då fekk 22 konsonantfonem, like mange som det fanst bokstavar for.

Det klassiske syriske alfabetet, som er ein etterkomar av det riksarameiske alfabetet, finst i både ein eldre variant som heiter ܐܣܛܪܢܓܠܐ‎ est'rangelo og ein nyare austleg og vestleg variant, som vist i tabellen under.

Det klassisk syriske alfabetet, i variantane est'rangelo (I), ein nyare austleg variant (II), ein nyare vestleg variant (III) og uttale (IV):

I II III IV I II III IV I II III IV
ܐ ܐ ܐ ʔ ܛ ܛ ܛ t' ܦ ܦ ܦ p
ܒ ܒ ܒ b ܝ ܝ ܝ j ܨ ܨ ܨ s'
ܓ ܓ ܓ g ܟ ܟ ܟ k ܩ ܩ ܩ k'
ܖ ܖ ܖ d ܠ ܠ ܠ l ܪ ܪ ܪ r
ܗ ܗ ܗ h ܡ ܡ ܡ m ܫ ܫ ܫ š
ܘ ܘ ܘ w ܢ ܢ ܢ n ܬ ܬ ܬ t
ܙ ܙ ܙ z ܣ ܣ ܣ s
ܚ ܚ ܚ ħ ܥ ܥ ܥ ʕ

B d g p t k har dei same to uttalevariantane – frikativar og plosivar – som i riksarameisk. Når dei skal uttalast som frikativar, kan ein setje ein prikk under bokstaven.

T' s' k' blei truleg uttalte som ejektivar. I moderne uttale av klassisk syrisk blir dei uttalte som [tˠ sˠ q] eller [t ʦ k], men dei vekslar ikkje mellom plosiv og frikativ uttale, slik bgādkpāt-konsonantane gjer.

Når to konsonantar kjem etter kvarandre fremst i ei staving, er det ein kort vokal, [ǝ], mellom dei, akkurat som i riksarameisk. Eit klassisk syrisk døme er austleg ܫܡܵܐ šmɒ [ʃǝˈmɒ] / vestleg ܫܡܰܐ šmo [ʃǝˈmo] 'namn'.

Vokalar i riksarameisk

Det riksarameiske alfabetet var ei rein konsonantskrift, og kunnskapen vår om vokalsystemet i byggjer på rekonstruksjonar. Forskarane reknar med at det fanst fem korte og fem lange vokalfonem: i e a o u ī ē ā ō ū.

Vokalar i klassisk syrisk

I klassisk syrisk må vi skilje mellom eit austleg og eit vestleg vokalsystem. Vokalane blir uttrykte med diakritiske teikn over og under konsonantane.

I det austlege systemet blir vokalane uttrykte med eit system av prikkar. I tillegg blir halvvokalbokstavane ܘ w og ܝ j brukt som vokalteikn, såkalla matres lectionis 'lesemødrer'. I det vestlege systemet blir vokalane uttrykte med små utgåver av greske vokalbokstavar. Her kan i og e alternativt ha mater lectionis.

Trykk

I riksarameisk låg truleg trykket som regel på den siste stavinga.

Sein arameisk: I austleg uttale av klassisk syrisk ligg trykk på den nest siste stavinga. I vestleg uttale av klassisk syrisk ligg trykket på den siste stavinga dersom ho endar på ein konsonant og elles på den nest siste.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Louis Costaz: Dictionnaire syriaque–français. Syriac–English dictionary, 3. utg. Beyrouth 2002
  • Peter T. Daniels: «Classical Syriac Phonology», i Alan S. Kaye (red.): Phonologies of Asia and Africa (s. 127–140). Winona Lake 1997
  • Frederick E. Greenspan: An Introduction to Aramaic. (Resources for biblical study, 46). Atlanta 2003
  • John F. Healey: Leshono Suryoyo ܠܶܫܳܢܳܐ ܣܽܘܪܝܳܝܳܐ First Studies in Syriac. Piscataway 2005
  • Otto Jastrow: «>span class="normaltextrun"> i Robert Hetzron (red.): The Semitic Languages (s. 334–377). London og New York 1997
  • Alger F. Johns: A Short Grammar of Biblical Aramaic. (Andrews University Monographs, 1). Berrien Springs 1972
  • Stephen A. Kaufman: «Aramaic», i Robert Hetzron (red.): The Semitic Languages (s. 114–130). London og New York 1997
  • Alan S. Kaye (red.): Phonologies of Asia and Africa. Winona Lake 1997
  • Geoffrey Haig: «>span class="normaltextrun"> i Geoffrey Haig og Geoffrey Khan (red.): Languages and Linguistics of Western Asia (s. 305–353). Berlin/Boston 2019
  • Takamitsu Muraoka: Classic Syriac. A Basic Grammar with a Chrestomathy. (Porta Linguarum Orientalium. Neue Serie, 19). Wiesbaden 2005
  • Joseph L. Malone: «Modern and Classical Mandaic Phonology», i Alan S. Kaye (red.): Phonologies of Asia and Africa (s. 141–159). Winona Lake 1997
  • Theodor Nöldeke: Compendious Syriac Grammar. London 1904
  • Simon Schama: The Story of the Jews. Finding the Words. 1000 BCE – 1492 CE. London 2014
  • Gerard Russell: Heirs to Forgotten Kingdoms. Journeys into Disappearing Religions of the Middle East. New York 2014
  • Stanislav Segert: «Old Aramaic Phonology», i Alan S. Kaye (red.): Phonologies of Asia and Africa (s. 115–126). Winona Lake 1997
  • Miles V. Van Pelt: Basics of Biblical Aramaic. Grand Rapids 2011
  • Eulàlia Vernet: «Els papirs arameus d'Elefantina: Religió i culte d'una comunitat jueva preexílica i prebíblica», i Armand Puig Tarrès (red.): Església i comunitats jueves i cristianes en el món bíblic i postbíblic. Barcelona 2017

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg