Hopp til innhold
X
Innhald

Aymara

Verbforma sartayaraqsma tyder 'eg vekte han til ulempe for deg'.

Ordhistorie
Alpakkaen, ein søramerikansk underart av lamaen, har truleg fått namnet sitt frå aymara, der han heiter allpak'a. Vi nyttar ikkje ordet berre om dyret, men òg om ulla frå dyret og om stoff som er vove av denne ulla. Alpakkaen heiter allpaqa på grannespråket quechua, som blir snakka i Peru, Bolivia, Ecuador, Argentina, Chile og Colombia, og det er ikkje så lett å avgjere om ordet opphavleg kjem frå aymara eller frå quechua.
Språkfamilie
Aymara utgjer ein eigen aymaransk språkfamilie saman med jaqaru (kring 700 talarar i 2000) og kawki (9 talarar i 2005). Dialektskilnadene innanfor aymara er ikkje større enn at alle skjønar kvarandre.
Språkhistorie
Aymara blir snakka i eit ganske samanhengande område på høgsletta Altiplano (aymara Qullaw) i den breiaste delen av Andesfjella, frå Titicaca-sjøen i nord til saltsjøen Poopó i sør. Språket hadde tidlegare ei større utbreiing nordover i Peru, men har truleg vore snakka på den andinske høgsletta i over 2000 år. Somme knyter språket til den prekolumbianske tiwanaku-kulturen (kastiljansk Tihuanaco) (1500 f.Kr. – 1200 e.Kr.). Aymara-folket blei innlemma i riket til dei quechua-talande inkaene (frå 1200- til 1500-talet), fram til den spanske koloniseringa (1533). Den italienske jesuittmisjonæren Ludovico Bertonio gav ut den første aymara-grammatikken i 1603. Ei rettskriving som gav att lydsystemet i aymara på ein fullgod måte fekk språket først i 1968, og ei lett revidert utgåve blei godkjend som offisiell rettskriving av regjeringane i Bolivia og Peru i 1985.
Språksystem
Når ei setning inneheld subjekt (S), objekt (O) og verb (V), kjem setningsledda normalt i rekkjefølgja SOV:
subjekt
objekt
verb
Nayax
wawam
sartayaraqsma.
'eg'
'ungen din'
'eg vekte (han) til ulempe for deg'
'Eg vekte ungen din til ulempe for deg.'
Orda kan analyserast slik:
naya-x 'eg + tema'
wawa-m 'unge + din'
sar-ta-ya-raq-sma 'gå + oppover + få til + til ulempe for + eg–deg'
Suffikset -sma viser at 'eg' er subjekt, og at 'du' er objekt, og aymara uttrykkjer subjekt og objekt i same suffikset. Til dømes heiter 'eg gir (det) til deg' chur-sma, 'du gir (det) til meg' chur-ista og 'vi gir (det) til han/henne' chur-tan. Eit objekt i 3. person er aldri nemnt i suffiks til verbet.
Uttale
Aymara har tre korte og tre lange vokalfonem:
i [i, e]
u [u, o]
ï [iː, eː]
ü [uː, oː]
a [ǝ, ʌ, a]
ä [ǝː, ʌː, aː]
I/ï og u/ü blir uttalte som [e/eː] og [o/oː] ved sida av dei uvulare konsonantane q, qh, q’, x og som [i/iː] og [u/uː] elles. Uttalen av a/ä er [a/aː] i dialektar som er påverka av kastiljansk, og som [ǝ] eller [ʌ] elles.
Konsonantsystemet ser slik ut:
p [p]
t [t]
ch [tʃ]
k [k, x] 
q [q, χ] 
 
ph [pʰ]
th [tʰ]
chh [tʃʰ]
kh [kʰ] 
qh [qʰ] 
 
p’ [p’]
t’ [t’]
ch’ [tʃ’]
k’ [k’] 
q’ [q’] 
 
m [m]
n [n]
ñ [ɲ]
nh [ŋ]
 
 
 
s [s]
j [x]
x [χ]
 
r [ɾ, ɹ̝]
 
 
 
 
l [l]
ll [ʎ] 
 
 
 
w [w]
 
y [j] 
 
 
 
Trykket ligg normalt på nest siste stavinga i ordet, som i maya [ˈmʌjʌ] 'éin', paqallqu [pʌˈqʌʎqo] 'sju', men det ligg på den siste stavinga dersom ho har lang vokal: sarä [sʌˈɾʌː] 'eg skal gå'. Endar ordet på ein konsonant, har det oftast mist éin final vokal i ein grammatisk konstruksjon, og trykket blir plassert som om vokalen framleis var der, jamfør ch’iyara [tʃ’iˈjʌɾʌ] og ch’iyar [tʃ’iˈjʌɾ], som tyder 'svart'.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 02.11.2011
Sist oppdatert: 02.11.2011