Faktaboks

baskisk

euskara, eskuara

Språkkodar
eu, eus, baq (EU, EUS, BAQ)
ISO-639:3
eus
Baskere.

Områda markert med grønt på spansk side viser Baskarland. Dei mørkegrøne områda på begge sider av grensa har baskisktalande befolkning.

Av /Store norske leksikon ※.

Baskisk er eit språk som blir talt i regionen Baskarland i Frankrike og Spania. 600 000–800 000 har baskisk som førstespråk i Spania og kring 80 000 i Frankrike. Språkforskarane har ikkje greidd å påvise slektskap mellom baskisk og nokon andre språk i verda, og det blir rekna som eit språkisolat.

Det baskiske språkområdet omfattar dei fire spanske provinsane Araba, Bizkaia, Gipuzkoa og Nafarroa (kastiljansk Álava, Vizcaya, Guipúzcoa og Navarra) og dei tre franske provinsane Lapurdi, Nafarroa Beherea og Zuberoa (fransk Labourd, Basse-Navarre og Soule). Baskisk har status som offisielt regionalspråk i Den baskiske sjølvstyrte fellesskapen og i dei baskisktalande delane av provinsen Nafarroa – i tillegg til spansk (kastiljansk), som er offisielt språk i heile Spania. Den baskiske sjølvstyrte fellesskapen, skipa i 1979, omfattar provinsane Araba, Bizkaia og Gipuzkoa.

Det finst ei baskiskspråkleg presse, radio og TV, og baskisk har sin plass i undervisninga. Dei fleste baskarar snakkar i tillegg til morsmålet sitt anten fransk eller spansk.

Euskal Herria er det baskiske namnet på den kulturelt definerte regionen Baskarland, medan den politiske eininga Den baskiske sjølvstyrte fellesskapen heiter Euskal Autonomia Erkidegoa, eller kortare Euskadi. Det baskisk språket heiter euskara, medan euskaldun tyder 'baskar'. Espainia og Frantzia er namna på Spania og Frankrike.

Språkfamilie

Språkforskarane har ikkje greidd å påvise slektskap mellom baskisk og nokon andre språk i verda, så det utgjer sin eigen språkfamilie med éin medlem, eit språkisolat.

Fleire teoriar om slektskapen til språket med andre språk har vore sett fram, mellom anna eit mogleg felles opphav med dei kaukasiske språka. Men baskisk blir framleis rekna å vere eit isolat som ikkje er i familie med andre kjende levande språk. Det er mogleg at baskisk er den siste representanten for ei gruppe før-indoeuropeiske språk som vart talt i det gamle Aquitania og i den nordlege delen av den iberiske halvøya.

Baskisk har ei rekkje innbyrdes svært avvikande dialektar, ei austleg gruppe i Vizcaya, og ein vestleg som mellom anna omfattar Guipúzcoa-dialekten og dialektane i Navarra.

Språkhistorie

For 2000 år sidan blei baskisk talt over eit større område enn i dag – nordover til elva Garonne (baskisk Garona Ibaia), vestover nesten til Andorra og sørover til Rioja (baskisk Errioxa). Utbreiinga vestover var berre litt større enn i dag. Sidan 1500-talet har den geografiske utbreiinga vore stort sett uendra.

Dei eldste språklege minnesmerka er baskiske ord i latinske gravskrifter frå 100-talet evt. I 1545 kom den første boka på baskisk ut: ei diktsamling av Dechepare: Linguae Vasconum Primitae. På 1800-talet blei dei første stega tekne for å skape eit baskisk standardspråk. I 1919 blei det skipa eit baskisk språkakademi, Euskaltzaindia, som i dag har ei sentral rolle i utforskinga og dyrkinga av det baskiske språket.

Under diktaturet til general Franco (1939–1975) var all bruk av baskisk i offisielle samanhengar forboden. Det moderne standardspråket, euskara batua 'sambaskisk, sameint baskisk', er først blitt utvikla etter 1968.

Språksystem

Baskisk grammatikk skil seg sterkt frå andre europeiske språk.

Substantivet blir bøygd i mange kasus, mellom anna absolutiv, ergativ, dativ, possessiv genitiv, komitativ, benefaktiv, instrumental, inessiv, allativ, ablativ, lokal genitiv og partitiv. I dømet nedanfor er Gernikara 'til Gernika' allativ av Gernika og gurasoekin 'med foreldre' komitativ av guraso 'foreldre':

  • Mikel Gernikara joan da gurasoekin.
  • Mikel Gernika-til reist er foreldre-med.
  • 'Mikel har reist til Gernika med foreldra.'

Verbsystemet er komplisert. Det er berre nokre få verb som blir bøygde, mellom dei nokre hjelpeverb. Dei bøyelege verba uttrykkjer grammatisk informasjon om både tempus, subjekt og objekt. Verbet samsvarer i bøying ikkje berre med subjektet, men også med direkte og indirekte objekt. Talet på bøyelege verb har stadig blitt redusert; på 1500–1600-talet fanst det om lag 60, i dag ligg er det berre kring 15 att.

Dei ubøyelege verba står normalt i ei partisippform følgd av eit bøyeleg hjelpeverb. Dette er illustrert i setninga over, der joan 'reist' er partisipp og da er eit hjelpeverb som tyder 'vere' i 3. person eintal presens. Partisippet joan er òg den forma av verbet som ein finn i ei ordbok.

Talorda har 20 som grunneining (vigesimalsystem). Frå hogei '20' dannar ein mellom anna berrogei '40', bokstavleg «dobbeltjue», og hirurogei '60', bokstavleg «tretjue». 75 heiter hirurogeita hamabost, bokstavleg «tretjue-og femten».

Lånord

Baskisk har lånt mange ord frå romanske språk, til dømes familia 'familie' og dentista 'tannlege'. Nokre ord har ei form som viser at dei må vere lånte frå latin, som bake 'fred', frå latin pacem /pakem/, akkusativ eintal av pax /paks/ 'fred'. Nabospråka har òg lånt ord frå baskisk. Det baskiske ordet ezkerda 'venstre' er lånt inn i både portugisisk (esquerdo/esquerda), spansk (izquierdo/izquierda) og katalansk (esquerre/esquerra), til erstatning for det latinske sinister.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg