Hopp til innhold
X
Innhald

Bokmål

Bokmål, som blei skapt gjennom rettskrivingsreformer i 1907, 1917 og 1938, er mellom dei yngste skriftspråka i Europa.

Språkfamilie

Bokmål er eit nordisk (eller nordgermansk) språk. Nordisk er ei grein av germansk, som er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Nordisk har ei vestnordisk og ei austnordisk grein. Islandsk, færøysk, det utdøydde språket norn (som blei talt på Shetland, Orknøyane, Hebridane og i delar av det skotske fastlandet) og nynorsk (og dei tradisjonelle norske dialektane) er vestnordiske språk, medan svensk og dansk er austnordiske. Bokmål ligg på grensa mellom vestnordisk og austnordisk, moderat bokmål er austnordisk med nokre lånord frå norske dialektar, medan radikalt bokmål har fleire vestnordiske drag.

 

Nynorsk, bokmål, svensk og dansk utgjer eit skandinavisk dialektkontinuum, det vil seie eit språkområde der talemåla glid gradvis over i kvarandre og jamt over er innbyrdes forståelege. Dei blir ofte omtalt som skandinaviske eller fastlandsnordiske språk, i motsetnad til dei øynordiske språka færøysk og islandsk.

 

Språkhistorie

Under Kalmarunionen (1389/1397–1521) mellom Danmark, Sverige og Noreg var Danmark den dominerande makta, og dansk trengde bort det norske skriftspråket. Stillinga til dansk skriftspråk blei styrkt endå meir etter reformasjonen i 1536, då landet kom under dansk styre, og ein dansk bibel, Christian IIIs Bibel frå 1550, blei teken i bruk i Noreg.

 

På 1700-talet auka bruken også av dansk talemål i Noreg, ved at nordmenn i høgare sosiale lag tok til å snakke dansk, etter mønster av talemålet til dei høgare sosiale laga i København. Denne norske varianten eller aksenten av dansk talemål blei kalla «dannet dagligtale» til inn på 1900-talet. Dette talemålet var i utgangspunktet dansk, og det liknar dansk talemål på Færøyane og Island. Det fekk nokre norske drag i uttalen, som når b, d, g blei uttalte /p t k/ i ord som løbe /²løːpe/ ('laupe', 'springe'), Sæbe /²seːpe/ ('såpe'), lede /²leːte/ ('leite'), fed /¹feːt/ ('feit'), bleg /¹bleːk/ ('bleik') og syg /¹syːk/ etter mønster av norsk. I andre ord blei /b d ɡ/ ståande, som i Skib /¹ʃiːb/ ('skip'), haabe /²hoːbe/ ('håpe'), yde /²yːde/ ('yte'), Skud /¹skʉd/ ('skot'), Sprog /¹spɾoːɡ/ ('språk'), Smag /¹smaːɡ/ ('smak') og meget /²meːɡet/ ('mykje').

 

Mange stader blir «den dannede dagligtale» kalla «pent» språk, i motsetnad til det norske folkemålet (dei tradisjonelle dialektane), som blir kalla «breitt» språk. Det finst eigne «pene» uttalevariantar (aksentar) i storbyane – til dømes «penbergensk» i Bergen, «pent stavangersk» i Stavanger, «fintrøndersk» i Trondheim og «danna austnorsk» / «standard austnorsk» / «urban austnorsk» i Oslo.

 

I 1907 blei det sett i gang ei språkplanlegging der rigsmaalet – det danske skriftspråket – blei revidert etter mønster av «den dannede dagligtale» eller «dannede menneskers dagligtale» – ein idé som ikkje minst skulemannen og grammatikaren Knud Knudsen (1812–1895) hadde gjort seg til talsmann for i boka Den landsgyldige norske Uttale (1876). Skrivemåtar som riksmaal ('riksmål'), løpe ('springe'), lete ('leite') og blek ('bleik') kom inn i skriftspråket i staden for rigsmaal, løbe, lede og bleg – medan skib ('skip'), skud ('skot') og sprog ('språk') førebels blei ståande.

 

Ved skriftspråkreforma i 1917 blei fleire norske ord og bøyingsmåtar tekne inn som sideformer i det som frå då av heitte riksmål (med å i staden for aa), til dømes botn, fjøl, fjør, gammal, gras, hage, hås, jamn, mjøl, mjølk, mye, sju, snø, vatn, veke og hossen, i tillegg til dei tradisjonelle danske hovudformene bunn, fjel, fjær, gammel, gress, have, hes, jevn, mel, melk, meget, syv, sne, vann, uke og hvorledes/hvordan. Mange av dei norske formene blei hovudformer i 1938, då ein del danske former blei tekne ut. Men norske former har stort sett berre slått igjennom om dei blir nytta i «dannet dagligtale», som ku, sau, furu og dere, mot dansk ko, får, fyr og I/eder.

 

Dette nye skriftspråket bytte namn frå riksmål til bokmål i 1929. Etter 1929 levde ordet riksmål vidare som namn på ein meir tradisjonell, uoffisiell variant av bokmålet, men etter rettskrivingsendringane i 2005 blei skilnaden på skriftspråka bokmål og uoffisielt «riksmål» så å seie borte.

 

Ordhistorie

Den bundne fleirtalsforma barna utmerkjer seg ved endinga ‑a, som ein i tradisjonelt bokmål elles stort sett berre finn ved bena/beina. Barna og beina er nytta i den nyaste bibelomsetjinga (Det Norske Bibelselskap) til bokmål frå 2011, medan alle andre inkjekjønnsord endar på ‑ene i bunden form fleirtal, som husene og fjellene, i samsvar med dansk husene og fjeldene. I nynorsk og mellom anna tradisjonelt oslomål har slike ord endinga ‑a: husa og fjella.

 

Formene barna og bena blei lånte inn i det dansk-norske talemålet i hovudstaden frå svensk på slutten av 1800-talet, medan det i den norske dialekten i hovudstaden (austkantmålet) heitte båna og beina. Vanlege standardsvenske former er barnen og benen, men tidlegare var barnena og benena vanlege i talespråket i Stockholm, og desse formene blei dregne saman til barn'na og ben'na og vidare til barna og bena. Vi finn slike former hos den svenske diktaren og visesongaren Carl Michael Bellman (1740–1795), til dømes i «Fredmans epistel n:o 44», frå 1790, som tek til slik: «Movitz helt allena / På Tre Liljor satt en gång; / Harpan mellan bena / Glimmar bred och lång; ...»

 

Rettskrivinga i bokmål

Riksmål/bokmål har som nemnt ovanfor i avsnittet «Språkhistorie» vore igjennom ein lang språkplanleggingsprosess. Dei viktigaste endringane skjedde i 1907, 1917, 1938, 1959, 1981 og 2005. Svært kort fortalt var reforma i 1907 ei tilpassing til «dannet dagligtale», medan reformene i 1917 og 1938 innførte mange element frå norsk folkemål. Reformene i 1959, 1981 og 2005 var reverseringar av fornorskinga. Nokre norske former som kom inn i 1917 og 1938, er tekne ut att, og nokre danske former som forsvann i 1938, er tilbake.

 

Tabellane nedanfor viser korleis substantiva sten/stein, gade/gate, bro/bru, gulv/golv, sprog/språk og øie/øye og verba raadne/raatne/råtne, træffe/treffe og bide/bite blei bøygde i dansk før 1907 og etter rettskrivingsreglane i 1907, 1917, 1938 og 2005 for riksmaal/riksmål/bokmål. Liten forbokstav i substantiv var tillaten i Noreg frå 1877, men i Danmark ikkje før i 1948, og er gjennomført i tabellane.

 

Med rettskrivinga i 1917 kom det eit skilje mellom hovudformer og sideformer. Sideformene står i parentes i tabellen nedanfor. Hovudformene skulle nyttast i lærebøker, men elevane kunne òg nytte sideformene i sine eigne skriftlege arbeid. Systemet med sideformer blei avskaffa i 2005.

Bokmål_tabell Rettskrivinga.jpg?w=600

Sidan 1917 har det vore mogleg å skrive bokmål på to nokså ulike måtar. Dei to variantane blir kalla moderat bokmål (med flest mogleg danske former) og radikalt bokmål (med flest mogleg norske former). I dag dominerer den moderate varianten i bøker, presse, kringkasting og privat næringsliv. Mellom dei få skjønnlitterære forfattarane som skriv eit bokmål med sterke radikale innslag, er Per Petterson (f. 1952). Han slo igjennom internasjonalt med romanen Ut og stjæle hester (2003).

 

Språksystem

Ei avisoverskrift

Setninga nedanfor, som stod på framsida av Dagsavisen måndag 28. desember 2009, viser nokre særdrag ved det moderate bokmålet:

 

Glem ikke Gazas barn.           'Ikkje gløym borna i Gaza.'

 

Verbet glemme har dansk opphav og har utvikla seg frå mellomdansk glømæ ('gløyme'), av eldre gleyma, ved ei særdansk lydutvikling, ø > e framfor m, som vi òg ser i gjemme ('gøyme'), frå mellomdansk gømæ, av eldre geyma. På nynorsk finn vi dei eldre formene med øy: gløyme/gøyme. Radikalt bokmål har glømme/gjømme, og svensk har glömma/gömma.

 

Adverbet ikke kjem òg frå dansk. Frå nynorsk skriftspråk og tradisjonelle norske dialektar kjenner vi berre former av typane inkje, ikkje, itte, inte. Forma ikke blei lånt inn i nokre målføre på slutten av 1800-talet og seinare.

 

Formuleringa glem ikke er truleg òg eit dansk drag. Dansk og norsk tenderer til å ha ulik plassering av nektingsordet i høve til eit verb i imperativ. På dansk står det alltid etter imperativen, som i Luk ikke op døren for nogen! og Gør det ikke!, medan det på norsk er vanlegast å ha det etter: Ikkje lat opp døra for nokon! og Ikkje gjer det! Plassering av nektingsordet etter imperativen har på norsk ofte eit litterært preg, som i Fadervår (Matt 6,9–13) – jamfør la oss ikke komme i fristelse (bokmål) og lat oss ikkje koma i freisting (nynorsk) med led oss ikke ind i fristelse (dansk).

 

Formuleringa Gazas barn, med s‑genitiv, har òg dansk opphav. S‑genitiv er lite nytta på nynorsk, der det i staden heiter borna/ungane i Gaza.

 

Fleirtalsforma barn, med bunden form barna, er mellom nokre få svenske lånord i bokmålet, i staden for dansk børn, børnene. Jamfør avsnittet «Ordhistorie» ovanfor.

 

Nokre jamføringar

Tabellen nedanfor viser bøyinga av fem verb på dansk (i 1800-talsortografi, som var offisiell rettskriving i Noreg fram til 1907), moderat bokmål (bokmålM), radikalt bokmål (bokmålR), tradisjonelt folkeleg oslomål og nynorsk. Oslomålet er skrive i ein slags ortografi, for å gjere samanlikninga enklare.

 

GRIPE

infinitiv

presens

preteritum

perf. part.

dansk

gribe

griber

greb

grebet

bokmålM

gripe

griper

grep

grepet

bokmålR

gripe

griper

greip

grepet

oslomål

gripe

griper

greip

gripi

nynorsk

gripe

grip

greip

gripe

 

SKYTE

infinitiv

presens

preteritum

perf. part.

dansk

skyde

skyder

skjød

skudt

bokmålM

skyte

skyter

skjøt

skutt

bokmålR

skyte

skyter

skøyt

skutt

oslomål

skyte

skyter

skøyt

skyti

nynorsk

skyte

skyt

skaut

skote

 

LEITE

infinitiv

presens

preteritum

perf. part.

dansk

lede

leder

ledte

ledt

bokmålM

lete

leter

lette

lett

bokmålR

leite

leiter

leita

leita

oslomål

leite

leiter

leita

leita

nynorsk

leite

leitar

leita

leita

 

TJUKNE

infinitiv

presens

preteritum

perf. part.

dansk

tykne

tykner

tyknede

tyknet

bokmålM

tykne

tykner

tyknet

tyknet

bokmålR

tjukne

tjukner

tjukna

tjukna

oslomål

tjukne

tjukner

tjukna

tjukna

nynorsk

tjukne

tjuknar

tjukna

tjukna

 

BYGGJE

infinitiv

presens

preteritum

perf. part.

dansk

bygge

bygger

byggede

bygget

bokmålM

bygge

bygger

bygget

bygget

bokmålR

bygge

bygger

bygde

bygd

oslomål

bygge

bygger

bygde

bygd

nynorsk

bygg(j)e

bygg(j)er

bygde

bygd

 

Uttale

I Oslo og andre stader på Austlandet har talt bokmål fonema som er sette opp i tabellane nedanfor. Fonem som av ein eller annan grunn er perifere, står i parentes. Fonemet /ɽ/ er alltid blitt sett på som «vulgært» eller «stigmatiserande», og mange talarar bruker /l/ eller /ɭ/ i staden. Mellom yngre talarar har /l/ gått av bruk, til fordel for /ɭ/. Det er òg tendensar til at /ç/ blir bytt ut med /ʂ/.

 

Vokalar

Tekst i kapittelet «Uttale» (vokalar) gjort om til tabell i bokmål-artikkelen.

 

Konsonantar

Tekst i kapittelet «Uttale» (konsonantar) gjort om til tabell i bokmål-artikkelen.

 

Bokmål skil, som dei fleste andre norske talemål, mellom to tonem (tonelag, aksentar), som vi ser i orda huset /¹hʉːse/ og huse /²hʉːse/, der tala fortel at den trykksterke førstestavinga har høvesvis tonem 1 og tonem 2.

 

Du kan lese meir om språkstoda i Noreg i artikkelen «Norsk».

 

Meir informasjon

Knud Brekke: Bidrag til dansk-norskens lydlære. Kristiania 1881

Andreas Drolsum Haraldsrud: Dæt læses mæd Æ. En komparativ undersøkelse av norsk og dansk danna talemål 1750–1850. Masteroppgåve i nordisk språkvitskap. Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo 2012

Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo: Norsk referansegrammatikk. Oslo 1997

Einar Haugen: Riksspråk og folkemål. Norsk språkpolitikk i det 20. århundre. Oslo 1969

Knud Knudsen: Haandbog i dansk-norsk Sproglære. Kristiania 1856.

Kjersti Wictorsen Kola: Bokmålsbruk – hvorledes/hvordan/åssen og hvorfor? Om bruken av morfologiske og ortografiske varianter i bokmålsnormalen. Masteroppgåve i nordisk, særleg norsk, språkvitskap. Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo 2014

Amund B. Larsen: Kristiania bymål. Vulgærsproget med henblik på den utvungne dagligtale. Kristiania 1907

Helge Sandøy og Agnete Nesse (red.): Norsk språkhistorie I–IV. Oslo 2016–2017

Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag av norsk språkhistorie. Oslo 2014

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 05.10.2017
Sist oppdatert: 18.10.2017