Hopp til innhold
X
Innhald

Bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk

Ordet krabat 'vilter gut', 'fyr', 'knekt' kjem av folkenamnet kroat.

Ordhistorie
Ordet krabat 'vilter gut', 'fyr', 'knekt' har vi lånt frå nedertysk, men det er ei omlaging av Hrvat Хрват 'kroat'. Ordet Hrvat Хрват har òg kome inn i mange språk som namn på slipset. Slipset kan sporast attende til trettiårskrigen (1618–48). Kroatiske leigesoldatar i fransk teneste gjekk med eit tradisjonelt halstørkle som franskmennene tok til å kalle cravate, og dette ordet har spreidd seg til andre språk, jf. tysk Krawatte, kastiljansk corbata, fransk cravate og vietnamesisk cà vt – og bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk kravata кравата.
Bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk er førstespråket til om lag 23 millionar menneske i Bosnia og Hercegovina, Kroatia, Montenegro og Serbia. Her er fotballtilhengjarar frå Kroatia. Foto: Cha Già Jose, flickr.com CC By
Bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk er førstespråket til om lag 23 millionar menneske i Bosnia og Hercegovina, Kroatia, Montenegro og Serbia. Her er fotballtilhengjarar frå Kroatia. Foto: Cha Già Jose, flickr.com CC By 2.0
Språkfamilie
Bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk (BKMS) utgjer i lag med slovensk vestgreina av sørslavisk. Dei slaviske språka er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien.
Språkhistorie
Serbarar og kroatar har skrifttradisjonar attende til kristninga på 800-talet. Då var det glagolittiske alfabetet i bruk, men på 1100-talet byrja det kyrilliske alfabetet å ta over. På 1300-talet kom det latinske alfabetet i bruk somme stader, mest i Kroatia. Etter kvart blei alfabet knytt til religion – dei katolske kroatane føretrekte oftast det latinske og dei ortodokse serbarane oftast det kyrilliske. På 1400-talet okkuperte tyrkarane Bosnia og Hercegovina, og mange gjekk over til islam.
På eit møte i Wien i 1850 blei serbarar og kroatar samde om eit felles skriftspråk, med to alfabet, bygd på dialekten i det austlege Hercegovina, på grunnlag av arbeidet til den serbiske filologen Vuk Stefanović Karadžić Вук Стефанович Капаџич (1787–1864), som blei teke til følgje av den kroatiske språkreformatoren Ljudevit Gaj Људевит Гај (1809–1872).
I republikken Jugoslavia gjekk BKMS under namnet serbokroatisk српскохрватски, men etter oppløysinga av Jugoslavia i perioden 1989–2008 har nemninga gått av bruk, iallfall offisielt, til fordel for bosnisk, kroatisk, montenegrinsk og serbisk. I dag blir kroatisk skrive med det latinske alfabetet, bosnisk stort sett med det latinske og montenegrinsk og serbisk mest med det kyrilliske, men ikkje berre det. Skilnadene mellom dei fire variantane er overflatiske og gjeld mellom anna mindre delar av ordtilfanget. Det er ikkje språklege, men kulturelle, religiøse og politiske tilhøve som primært skil dei fire etniske gruppene frå kvarandre.
Språksystem
Dialektane av BKMS blir klassifiserte ut frå to hovudkriterium. Etter forma på spørjeordet som tyder 'kva' – kaj кај, ča ча eller što што – deler ein dialektane i kajkaviske, čakaviske og štokaviske. Dei fleste dialektane i Bosnia og Hercegovina, Serbia og Montenegro er štokaviske, medan det særleg i Kroatia òg finst kajkaviske og čakaviske dialektar. For det andre deler ein štokaviske dialektar i tre undergrupper – ekavisk, jekavisk og ikavisk – etter utviklinga av urslavisk ě ҍ – som er blitt e e, ije ије eller i и. Jamfør 'vakker blome', som på ekavisk heiter lep cvet леп цвет, på jekavisk lijep cvijet лијеп цвијет og på ikavisk lip cvit лип цвит.
Uttale
BKMS har fem korte og fem lange vokalar, men ortografien skil ikkje dei korte og lange frå kvarandre. Språket blir skrive med både det latinske og det kyrilliske alfabetet, og begge er tekne med her, i tillegg til fonetisk transkripsjon:
i и [i / iː]
u у [u / uː]
e е [e / eː] 
o о [o / iː] 
a а [a / aː] 
Konsonantsystemet ser slik ut:
p п [p]
t т [t]
c ц [ts]
ć ћ [tɕ]
č ч [tʃ]
k к [k]
b б [b]
d д [d]
 
đ ђ [dʑ]
џ [dʒ]
g г [ɡ]
f ф [f]
 
s с [s]
 
š ш [ʃ]
h х [x]
 
 
z з [z]
 
ž ж [ʒ]
 
m м [m]
n н [t]
 
nj њ [ɲ]
 
 
 
r р [r]
 
 
 
 
v в [ʋ]
l л [l]
 
lj љ [ʎ]
 
j ј [j]
BKMS har eit aksentsystem som liknar det svenske og norske. Einstavingsord har fallande aksent, her merkt med [ ^ ]: sin син [sîːn] 'son', pas пас [pâs] 'hund'. Tostavingsord har ein fallande [ ^ ] eller stigande [ ˇ ] aksent på første stavinga: pivo пиво [pîːvo] 'øl', riba риба [rîba] 'fisk'; glava глава [ɡlǎːva] 'hovud' og žena жена [ʒěna] 'kvinne'. Lengre ord har fallande eller stigande aksent på ei staving framfor den siste: Jugoslavija Југославия [juɡǒslaːvija] 'Jugoslavia'.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 04.01.2012
Sist oppdatert: 21.05.2014