Hopp til innhold
X
Innhald

Burmesisk

Etymologisk er Burma og Myanmar det same ordet.

Ordhistorie

Burmesisk finst i to variantar, ein formell (F), som blir nytta i litteratur, offisielle publikasjonar, kringkasting og formelle talar, og ein uformell (U), som er vanleg talespråk. F er svært konservativ og skil seg sterkt frå U. På F heiter landet Myăma မြန်မာ, og på U Băma ဗမာ, men historisk er det to uttalevariantar av det same namnet. Myăma မြန်မာ har alltid vore det offisielle burmesiske landsnamnet, men i 1989 endra militærjuntaen det offisielle engelske namnet frå Burma til Myanmar. Burma og Myanmar er engelske skrivemåtar av høvesvis Băma ဗမာ og Myăma မြန်မာ. R-en på slutten av namnet skal ikkje uttalast, han markerer at a-en framfor er lang og har låg tone. N-en i Myanmar gir att ein n န som blir skriven i den burmesiske skrifta, men som ikkje blir uttalt. Mjama ville ha vore ein meir høveleg norsk skrivemåte.

Språkfamilie

Burmesisk høyrer til den sinotibetanske språkfamilien, som har to greiner: sinittisk og tibetoburmansk. Tibetoburmansk blir av dei fleste delt i åtte–ti undergrupper, mellom anna lolo-burmesisk, som igjen blir delt i lolo-språk og burmesiske språk.

Språkhistorie

Burmesisk har vore skrive sidan 1000-talet, med ei skrift som har opphavet sitt i granthaskrifta, som blei nytta i Sør-India frå 500-talet f.Kr. til 1500-talet e.Kr. for å skrive pāli, det liturgiske språket i theravādabuddhismen, den dominerande forma for buddhisme i Sør-Asia og Søraust-Asia. Granthaskrifta, som nesten alle indiske skriftsystem, hadde utvikla seg frå brāhmī-skrifta, som igjen hadde opphav i det arameiske alfabetet.

Den eldste kjende innskrifta på burmesisk står på ei søyle frå år 1113 ved Myazedi-pagoden, Myạzeidi မြစေတီ ’smaragdstupaen’, sør for byen Bagan (Băgan ပုဂံ). Dette er ein lokal «Rosetta-stein», med innskrifter på pāli, mon, burmesisk og det gamalburmesiske pyu.

Språksystem

Burmesisk er eit SOV-språk – det vil seie at som ein hovudregel kjem subjektet først og verbet sist, medan objektet og andre ledd kjem imellom, som i dette dømet:

subjekt

objekt

verb

ကျွန်တော်

နေသို့

နေရာ

ရှ

နေတယ်

căno

nei-bọu

neiya

sha

nei-de

’eg’

’vere’-føremål

’stad’

’leite etter’

’vere’-røynleg

’Eg held på med å leite etter ein bustad.’

Căno ကျွန်တော် ’eg’ blir berre nytta i hankjønn. I hokjønn heiter det căma ကျွန်မ, og det finst ei familiær form cou’ ကျုပ်, som er kjønnsnøytral. Verbet nei နေ, som er omsett med ’vere’, tyder meir presist ’bu’, ’opphalde seg på ein stad’, slik at neibòu neiya နေသို့ နေရာ tyder ’bustad’. Det same verbet er nytta i uttrykket sha neide ရှ နေတယ် ’halde på med å leite etter’, der det uttrykkjer ’halde på med’. Suffikset -de တယ် uttrykkjer at handlinga er røynleg, og kan setjast om med både notid og fortid. Hadde vi i staden nytta suffikset -me မယ်, ville setning ha uttrykt noko som ikkje er røynleg, til dømes framtid.

Uttale

Tabellen viser dei burmesiske konsonantfonema og korleis dei blir skrivne i burmesisk skrift. Under kvart teikn står det ein latinsk transkripsjon i kursiv, følgd av ein IPA-transkripsjon. Nokre konsonantar kan skrivast på fleire måtar. Dette heng saman med at den burmesisk skrifta har indisk opphav. Til dømes blir တ og ဋ begge uttalte t på burmesisk, men på pāli stod တ for [t] og ဋ for [ʈ], og burmesisk skriv lånord frå pāli etymologisk.

တ, ဋ

ကျ, ကြ

က

p [p]

t [t]

c [tʃ]

k [k]

/ʔ/

ထ, ဌ

ချ, ခြ

hp [pʰ]

ht [tʰ]

hc [tʃʰ]

kh [kʰ]

ဗ, ဘ

ဒ, ဍ, ဓ, ဎ

ဂျ, ဂြ

ဂ, ဃ

b [b]

d [d]

j [dʒ]

g [ɡ]

န, ဏ

ည, ဉ

m [m]

n [n]

ny [ɲ]

ng [ŋ]

မှ

နှ

ညှ

ငှ

hm [m̥]

hn [n̥]

hny [ɲ̊]

hng [ŋ̊]

ယှ, ယြ

th [θ]

s [s]

sh [ʃ]

h [h]

hs [sʰ]

ဇ, ဈ

z [z]

လ, ဠ

ယ, ရ

w [w]

l [l]

y [j]

လှ

hl [l̥]

Skiljet mellom ein uaspirert og ein aspirert frikativ – som i sa [sa] စာ ’brev’ mot hsa [sʰa] ဆာ ’vere svolten’ – er uvanleg i språka i verda.

Burmesisk har dette vokalsystemet:

orale

nasale

i [i]

u [u]

in [ĩ]

un [ũ]

ei [ei, e]

ou [ou, o]

ein [ẽĩ]

oun [õũ]

e [ɛ]

ă [ǝ]

o [ɔ]

a [a]

an [ã]

ai [ai]

au [au]

ai [ãĩ]

aun [ãũ]

Ei og ou blir uttalte [ei] og [ou] føre [ʔ]; i andre omgivnader blir dei uttalte [e] og [o]. I burmesisk skrift blir vokalane skrivne med teikn som står, føre, over, under og etter konsonantteikn.

Burmesisk har tre tonar, men det som skil dei tre tonane, er meir enn tonehøgd:

1 Låg tone – umerkt i transkripsjonen og i burmesisk skrift: lei [lè] လေ ’vind’.

2 Høg tone – merkt med [´] over vokalen i transkripsjonen og med း i burmesisk skrift: léi [lé] လေး ’fire’.

3 Fallande tone som endar i knirkestemme – merkt med prikk [ . ] under vokalen i transkripsjonen og med ့ i burmesisk skrift: lẹi [lḛ] လေ့ ’vane’.

Det er ikkje toneskilnader i stavingar som har vokalen ă eller som endar på [ʔ].

Litteratur om burmesisk

William S. Cornyn og D. Haigh Roop: Beginning Burmese. Yale University Press, New Haven/London 1968

John Okell, U Saw Tun og Daw Khin Mya Swe: Burmese (Myanmar). An Introduction to the Spoken Lanugage, Book 1. Northern Illinois University Press, DeKalb 2010

San San Hnin Tun: Colloquial Burmese. Routledge, London / New York 2014

Tilrådd litteratur om språka i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 28.02.2017