Hopp til innhold
X
Innhald

Cherokesisk

Cherokesisk blir snakka av det amerikanske urfolket cherokesarane. Cherokesarane har si eiga stavingsskrift, som blei laga av den cherokesiske sølvsmeden Sequoyah (ᏍᏏᏉᏯ) (ca. 1770–1843) for snart 200 år sidan.

Ordhistorie

Det kjempehøge raudtreet kystsequoia (engelsk coast redwood eller California redwood), som veks i California, kan bli over 115 meter høgt, med ein diameter på 9 meter i brysthøgd. Den vitskaplege fagtermen for arten er Sequoia sempervirens – eviggrøn sequoia. Den austerrikske botanikaren Stephan Ladislaus Endlicher (1804–1849) kalla i 1847 opp treet etter cherokesaren Sequoyah, som alt då var vidgjeten.

 

Språkfamilie

Cherokesisk er det einaste språket i den sørirokesiske greina av den irokesiske språkfamilien, som òg har ei nordirokesisk grein. Levande nordirokesiske språk er seneca, cayuga, onondaga, oneida, mohawk og tuscarora. Andre irokesiske språk enn cherokesisk og mohawk er sterkt truga.

 

Språkhistorie

Urirokesisk blei talt ved dei store sjøane. 1500 år f. Kr. utvandra nokre irokesarar til dei sørlege delane av Appalachane og tilgrensande område, og der oppstod cherokesisk. Cherokesarane budde i dette området fram til 1830-åra. Først på 1800-talet oppretta dei sin eigen stat, med ei grunnlov på cherokesisk og engelsk. Cherokesarane tok raskt i bruk europeisk teknologi. Det blei funne gull på territoriet deira, og i 1838 tvinga president Andrew Jackson (1767–1845) cherokesarane med militær makt til å flytte vestanfor Mississippi, til Indianarterritoriet (Indian Territory). Den dramatiske vintervandringa vestover, der om lag ein tredel av cherokesarane omkom, er kjend som Trail of Tears – tårevegen. Over femti amerikanske urfolk blei tvangsflytta til områda vestanfor Mississippi mellom 1830 og 1850.

 

Cherokesarane var relativt sjølvstyrte i Indianarterritoriet fram til delstaten Oklahoma blei oppretta i 1907. Kring 1100 cherokesarar gøymde seg bort i fjella i Nord-Carolina, og blei ikkje med vestover. Dei har i dag sitt eige reservat. Det har oppstått eit dialektskilje mellom vestcherokesisk i Oklahoma og austcherokesisk i Nord-Carolina.

 

Då cherokesarane budde i Appalachane, laga Sequoyah den cherokesiske skrifta, som han lanserte i 1821. Ho blei raskt populær. Nær 90 % av cherokesarane hadde lært seg skrifta rundt 1830. I 1828 byrja dei å gi ut avisa Cherokee Phoenix / jalagi julehisanvhi (ᏣᎳᎩ ᏧᎴᎯᏌᏅᎯ), med artiklar på cherokesisk og engelsk, og trykt på eige trykkjeri. Cherokee Phoenix kjem framleis ut i Tahlequah i Oklahoma, der språket blir talt, og ein kan sjå skilt med cherokesisk skrift. Nettutgåva av Cherokee Phoenix finn du her: http://www.cherokeephoenix.org/. (Vel «Bilingual» under «Culture» for å sjå den cherokesiske teksten.) Den lærde cherokesaren David Brown brukte den nye skrifta i omsetjinga av Det nye testamentet frå gresk til cherokesisk i 1825.

Oljemåleri som portretterer Sequoyah (ssigwoya, ᏍᏏᏉᏯ, ca. 1770–1843) – mannen som skapte den cherokesiske skrifta. Måleri av Henry Inman ca. 1830, etter kopi av Charles Bird King sitt måleri som gjekk tapt i ein brann i 1865. Kjelde The Smithsonian Institution (objektnr. NPG.79.174) (til fri bruk for personleg, pedagogisk og ikkje-kommersiell bruk).

Oljemåleri som portretterer Sequoyah (ssigwoya, ᏍᏏᏉᏯ, ca. 1770–1843) – mannen som skapte den cherokesiske skrifta. Måleri av Henry Inman ca. 1830, etter kopi av Charles Bird King sitt måleri som gjekk tapt i ein brann i 1865. Kjelde The Smithsonian Institution (objektnr. NPG.79.174) (til fri bruk for personleg, pedagogisk og ikkje-kommersiell bruk).

 

Språksystem

Cherokesiske substantiv som ikkje er avleidde frå andre ordklassar, kallar vi rotsubstantiv. Dei kan delast i menneskesubstantiv og tingsubstantiv (for ikkje-menneske). Menneskesubstantiv har eit personprefiks, til dømes a- (Ꭰ) ('ho/han'), som i ajalagi (ᎠᏣᎳᎩ) ('(ho/han) er cherokesar'). Jamfør òg jijalagi (ᏥᏣᎳᎩ) ('eg er cherokesar'). Tingsubstantiv manglar personprefiks, jamfør giihli (ᎩᏟ) ('hund(ar)') og jalagi (ᏣᎳᎩ) ('cherokesisk språk').

 

Menneskesubstantiva dannar eintal, total og fleirtal med eigne personprefiks – jamfør ageehyúúja (ᎠᎨᏳᏣ) ('(ho er) jente') og aniigeehyúúja (ᎠᏂᎨᏳᏣ) ('(dei er) jenter'). Tingsubstantiva er ubøyelege og får berre fram skiljet mellom ulike tal med prefiks på verbet. Verbet i cherokesisk er komplekst. Mellom mykje anna har det prefiks som uttrykkjer både subjekt og objekt, som i setninga nedanfor, der verbet deegéehla har prefiksa dee- og g-. Prefikset dee- fortel at fleire er involverte i handlinga, eller at handlinga blir utført fleire gonger, medan g- fortel at subjektet er 3. person eintal, og at objektet er 3. person og levande (menneske eller dyr).

 

saasa deegéehla (ᏌᏌ ᏕᎨᏝ)               'Ho/han matar gjæsene.'

 

Utan prefikset dee- får vi setninga saasa géehla (ᏌᏌ ᎨᏝ) ('Ho/han matar gåsa.')

 

Uttale

Her er eit oversyn over fonema i vestcherokesisk. Skrivemåten følgjer Cherokee reference grammar (2015) av Brad Montgomery-Anderson. Legg merke til at v er brukt for ein nasal schwa: [ǝ̃].

 

Vokalar

Tekst i kapittelet «Uttale» (vokalar) gjort om til tabell i artikkelen om cherokesisk.

 

Konsonantar

Tekst i kapittelet «Uttale» (konsonantar) gjort om til tabell i artikkelen om cherokesisk.

 

Konsonantane d, j, dl, g og gw er stemte mellom vokalar: ajalagi (ᎠᏣᎳᎩ) [ɑʤɑlɑɡi] ('cherokesar') og gaagééda (ᎦᎨᏓ) [kɑɑɡéédɑ] ('tung').

 

Typisk for cherokesisk og andre irokesiske språk er ein nesten fullstendig mangel på labiale konsonantar. Cherokesisk har m, men lyden er svært sjeldan i cherokesiske arveord. Nokre døme er ama (ᎠᎹ) ('vatn') og áama (ᎠᎹ) ('salt'). Han finst i lånord som geémíli (ᎨᎻᎵ) ('kamel').

 

Cherokesisk er eit tonespråk. Ved korte vokalar skil ein mellom høg og låg tone. Høg er merkt med ein akutt aksent (´ ), medan låg ikkje er merkt, som i ajáʔdi (ᎠᏣᏗ) ('fisk(ar)'), der stavingane a (Ꭰ) og di (Ꮧ) har låg tone, og stavinga jáʔ (Ꮳ) har høg tone. Lange vokalar har seks tonar:

 

høg

fallande

stigande

låg

høg stigande

stød

˦

˦˨

˨˦

˨

˦˥

˨˩ˀ

áa

áà

aa

áá

 

I kaáhwi (ᎧᏫ) ('kaffi') har kaá stigande tone og hwi låg tone. I oosíyo (ᎣᏏᏲ) ('hallo') har oo (Ꭳ) låg tone, (Ꮟ) høg tone og yo (Ᏺ) låg tone. I nvvwóòti (ᏅᏬᏘ) ('medisin') har nvv (Ꮕ) låg, wóò (Ꮼ) fallande og ti (Ꮨ) låg tone. Tonen som er kalla stød (frå dansk), er ein låg tone med knirkestemme, jamfør guù (Ꭻ) i guùgu (ᎫᎫ) ('flått(ar)').

 

Den cherokesiske stavingsskrifta

Cherokesarskrifta har 6 bokstavar som står for vokalar, éin bokstav som står for ein konsonant og 77 som står for konsonant+vokal. Ein siste, Ꮐ (nah), som står for konsonant+vokal+konsonant, er lite brukt i dag, og er ikkje med i tabellen. Skrifta skil ikkje mellom korte og lange vokalar, og tonar er ikkje markerte.

Tekst i kapittelet «Den cherokesiske stavingsskrifta» gjort om til tabell i artikkelen om cherokesisk. Tabellen syner den cherokesiske stavingsskrifta.

 Tabell som syner den cherokesiske stavingsskrifta. Trykk på biletet for å sjå større versjon. 


Cherokesisk skil mellom uaspirerte og aspirerte konsonantar. Dei uaspirerte er d, j, dl, g, gw, m, n, l, y og w, og dei aspirerte er t, ch, tl, k, kw, hn, hl, hy og hw. Tre lydar – s, h og ʔ – står utanfor dette systemet, og m manglar aspirert motsvar. Oftast valde Sequoyah å ha same symbolet for uaspirerte og aspirerte konsonantar. Til dømes står Ꭸ for både ge og ke (ge/ke i tabellen) og Ꮑ for både ne og hne ((h)ne i tabellen).

 

Litteratur om cherokesisk og cherokesarar

Margaret Bender: Signs of Cherokee Culture. Sequoyah's Syllabary in Eastern Cherokee Life. Chapel Hill & London 2002

Ellen Cushman: The Cherokee Syllabary. Writing the People's Perseverance. (American Indian Literature and Critical Studies Series, volume 56). Norman 2013

Ruth Bradley Holmes and Betty Sharp Smith: Beginning Cherokee, Second Edition. Norman 1978

Gloria Jahoda: The Trail of Tears. The Story of the American Indian Removals 1813–1855. New York 1975

Brad Montgomery-Anderson: Cherokee Reference Grammar. Norman 2015

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 18.10.2017
Sist oppdatert: 19.10.2017