Hopp til innhold
X
Innhald

Cree

Elvenamnet Mississippi kjem frå cree misi-sīpīy ᒥᓯᓰᐲ, som tyder ‘stor-elva’.

Ordhistorie

Pemmikan ‘hermetisk næringsmiddel av feitt og hakka kjøt’ er det mest kjende lånordet vårt frå cree. På cree heiter det pimihkān ᐱᒥᐦᑳᐣ, og er opphavleg namnet på ein delikatesse av tørka elgkjøt og elgfeitt. Cree-folk har i uminnelege tider sett ekstra smak på pemmikanen med misāskwatōmin ᒥᓵᐢᑿᑑᒥᐣ, eit blåbærliknande bær som òg har gjeve namn til Saskatoon, hovudstaden i den kanadiske prærieprovinsen Saskatchewan. Cree misi-sīpīy ᒥᓯᓰᐲ ‘stor-elva’ kjenner vi att i elvenamnet Mississippi.
Missisippi. Foto: Shubert Cuerncia CC BY 2.0
Missisippi. Foto: Shubert Cuerncia CC BY 2.0

Språkfamilie

Cree er eit algonkisk språk. Vi deler dei 27 algonkiske språka i aust-algonkisk og ikkje-aust-algonkisk. Mellom dei 17 aust-algonkiske språka finn vi micmac, aust- og vest-abenaki, massachusett, narragansett, mohegan-pequot, mahican og powhatan, og mellom dei 10 ikkje-aust-algonkiske kan nemnast blackfoot, arapaho, cheyenne, ojibwe, potawatomi og cree. I lag med wiyot og yurok i California utgjer dei algonkiske språka den algiske språkfamilien.
Det er store målføreskilnader i cree. Nēhiyaw ᓀᐦᐃᔭᐤ ‘cree’ er uttalen i prærie-målføret slette-cree. Lenger aust finst målføre der folk seier nīhiðaw (skog-cree), nēhinaw (myr-cree), nēhilaw (elg-cree) og nīhiraw (r-cree).

Språkhistorie

Dei eldste grammatikkane og ordbøkene som skildrar cree skriv seg frå 1600-talet. Frå 1700- og 1800-talet finst det omsetjingar til cree av religiøs litteratur. På 1840-talet fekk cree si eiga skrift, laga av pastor James Evans (1801–1846), ein engelsk misjonær som arbeidde hos Norway House Cree Nation – cree-folka i Norway House (Kinosēw-sīpīy ᑭᓄᓭᐤᓰᐲ ‘gjedde-elva’ på cree; på kart finn ein mest skrivemåten Kinosao Sipi) ved Winnipeg-sjøen i Manitoba. Cree er mellom dei mest livskraftige av alle nordamerikanske urfolk-språk.

Språksystem

Cree har to grammatiske kjønn, animatum ‘levande’ og inanimatum ‘ikkje-levande’. manitow ᒪᓂᑐᐤ ‘Gud’, ahcāhk ᐊᐦᒑᕁ ‘ånd’, iskwēw ᐃᐢᑵᐤ ‘kvinne’, nāpēw ᓈᐯᐤ ‘mann’ og atim ᐊᑎᒼ ‘hund’ er animatum og slike som wāwi ᐙᐎ ‘egg’, maskisin ᒪᐢᑭᓯᐣ ‘mokkasin’ og sīpīy ᓰᐲ ‘elv’ er inanimatum.
Verbet i cree har mykje bøying, mellom anna med prefiks og suffiks som fortel om både subjekt og objekt, som i kipakamahwin ᑭᐸᑲᒪᐦᐏᐣ ‘du slår meg’, kipakamahwitin ᑭᐸᑲᒪᐦᐏᑎᐣ ‘eg slår deg’ og nipakamahwāw ᓂᐸᑲᒪᐦᐚᐤ ‘eg slår han/ho’.

Uttale

Cree har eit enkelt lydsystem, med tre korte og fire lange vokalar:
i ī
ē
o ō
a ā
– og kring ti–elleve konsonantar. Slette-cree har alle som ikkje står i parentes i tabellen, elg-cree har i tillegg š:
p
t
c
k
s
(š)
h
m
n
w
y
Y står for [j]. P t c k er ustemde ([p t tʃ k]) fyrst og sist i ord og etter frikativ (s, š og h) pimihkān ᐱᒥᐦᑳᐣ ‘pemmikan’ [pimihkaːn]. Dei er stemde ([b d dʒ g]) mellom vokalar: kipakamahwitin ᑭᐸᑲᒪᐦᐏᑎᐣ ‘eg slår deg’ [kibagamahwidin].

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 05.01.2012
Sist oppdatert: 25.04.2016