Hopp til innhold
X
Innhald

Dansk

På moderne dansk blir lære 'lære', lærer 'lærer', 'lærar' og læger 'lækjarar' alle uttalte [ˈlɛːɐ].

Ordhistorie
Dansk mælk, sne, bund, selv (og bokmål melk, sne, bunn, selv, som er av dansk opphav) skil seg klart frå norsk mjølk, snø/snjo, botn, sjølv og svensk mjölk, snö, botten, själv. Går vi attende til språket i dei eldste danske handskriftene, frå 1275–1350, skilde ikkje dansk seg så sterkt frå annan fastlandsnordisk:
•     myølk, mialk, mielch, melch, mælk
•     snyø, snio, snø, sne
•     botn, bon
•     sialf, siælf, sælf
Forma snø finst framleis i danske dialektar.
Den lille havfrue. Foto: unnphotographepro, flickr.com CC BY 2.0
Den lille havfrue. Foto: unnphotographepro, flickr.com CC BY 2.0
Språkfamilie
Dansk, bokmål, svensk og nynorsk utgjer fastlandsnordisk – i motsetnad til øynordisk (islandsk og færøysk). Dei nordiske språka – eller nordgermansk – er ei grein av germansk, som igjen er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien.
Språkhistorie
Dansk målsoge blir delt i desse periodane:
•     800–1100: olddansk (runedansk) 'gamaldansk (runedansk)'
•     1100–1350: ældre middeldansk 'eldre mellomdansk'
•     1350–1500: yngre middeldansk 'yngre mellomdansk'
•     1500–1700: ældre nydansk 'eldre nydansk'
•     1700–i dag: nydansk 'nydansk'
I gamaldansk blei ei, au, ey til e, ø, ø. Jamfør norrønt breið, rauð, skeyta 'brei', 'raud', 'skøyte' med dansk bred, rød, skøde /ˈbʁeːˀð/, /ˈʁøːˀð/, /ˈskøːðǝ/.
I eldre mellomdansk blei p, t, k til b, d, g etter vokal. Jamfør norrønt gapa, eta, baka 'gape', 'ete', 'bake' med dansk gabe, æde, bage /ˈɡaːbǝ~ˈɡaːʋǝ/, /ˈɛːðǝ/, /ˈbaː(ɣ)ǝ/.
I eldre mellomdansk blei trykksvak i, a, u til /ǝ/ i sjællandsk. Jamfør norrønt vinir, hestar, klokkur 'vener', 'hestar', 'klokkor/klokker' med dansk venner, heste, klokker /ˈʋɛnǝʁ/, /ˈhɛstǝ/, /ˈklʌɡǝʁ/.
Med Kristian 3.s bibel frå 1550 fekk eldre nydansk ei fast rettskriving. Nydansk tok til på Ludvig Holbergs tid, då språket i hovudsak fekk si noverande form.
Språksystem
Få ting ved dansk språk skaper større vanskar for nordmenn enn tiarane frå og med 50: halvtreds '50', treds '60', halvfjerds '70', firs '80', halvfems '90'. Det finst òg nokre lengre eldre former: halvtredsindstyve '50', tresindstyve '60', halvfjerdsindstyve '70', firsindstyve '80' og halvfemsindstyve '90'. Tresindstyve tyder 'tre gonger tjue', halvtredsindstyve tyder 'halvtredje gonger tjue'. Halvtredje er 'to og ein halv', nett som halvannan er 'ein og ein halv'. Halvfjerdsindstyve er 'halvfjerde gonger tjue', der halvfjerde er 'tre og ein halv'. Denne 20-talsbaserte teljemåten dukka opp i eldre mellomdansk og tevla med ein eldre tiarbasert teljemåte med femti, seksti, syvti, otti, niti, som gjekk av bruk i talemålet på 1800-talet. I skriftspråket blei dei gjenoppliva då dei nordiske landa innførte kroner og øre, basert på titalssystemet, i 1875 (atten hundrede og femoghalvfjerds), og ein tok jamvel i bruk toti, treti og firti ved sida av tyve, tredive og fyrre/fyrretyve. Sidan 1957 (nitten hundrede og syvoghalvtreds) har det stått femti kroner på den danske femtikronesetelen. Danske ordenstal kan vere svært lange, som når brøken 1/73 heiter en treoghalvfjerdsindstyvendedel eller treogenhalvfjerdsendedel.
Dansk skriftspråk har lenge hatt berre to grammatiske kjønn, nemleg felleskjønn og inkjekjønn, slik at skov 'skog' og jord 'jord' har same grammatiske kjønn, i motsetnad til hus 'hus'.
felleskjønn
inkjekjønn
en skov – skoven
en jord – jorden
et hav – havet
Tilhøva i skriftspråket svarer likevel ikkje til det vi finn i dei tradisjonelle danske dialektane. Over store delar av Vest-Jylland finst det ikkje noko system med grammatisk kjønn i det heile, og ein nyttar ein førestilt bunden artikkel, æ, framfor alle substantiv i eintal, det vil seie æ skov, æ jord, æ hav 'skogen', 'jorda', 'havet'. Resten av Jylland, bortsett frå ein del av Nord-Jylland og Djursland, har eit tokjønnsystem, slik også København og skriftspråket har. Resten av landet har tradisjonelt tre kjønn. I Vendsyssel lengst nord på Jylland seier dei skovi, jorden, have 'skogen', 'jorda', 'havet' – det vil seie at bunden form endar på -i, -en og -e i høvesvis hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. På 1900-talet har ein gått over frå tre kjønn til to kjønn på heile Sjælland – som eit resultat av påverknad frå København.
Uttale
Dansk har elleve korte og ti lange vokalar – her i vanleg ortografisk attgiving og i IPA-transkripsjon:
i /i/
y /y/
u /u/
i /iː/
y /yː/
u /uː/
i, e /e/
y, ø /ø/
u, o /o/
e /eː/
ø /øː/
o /oː/
e, æ /ɛ/
ø /œ/
e /ǝ/
o, å /ʌ/
e, æ /ɛː/
ø /œː/
o, å /ɔː/
a /a/
a /aː/
Trykklause vokalar er korte. /ǝ/ er alltid trykklaus. I trykksterk staving finst både lange og korte vokalar: byde /ˈbyːðǝ/ 'byde', lytte /ˈlydǝ/ 'lyde'. /a/ og /aː/ høyrest vanlegvis ut som [æ] og [æː], som i mad /ˈmað/ 'mat' og maden /ˈmaːˀðǝn/ 'maten', men attmed /ʁ/ blir dei uttalte [ɑ] og [ɑː], som i straks /ˈsdʁaɡs/ 'straks' og grave /ˈɡʁaːʋǝ/ 'grave'.
Eit særdrag ved det danske konsonantsystemet jamført med svensk og norsk er mangelen på stemde plosivar:
/p/ [pʰ]
/t/ [tʰ, ts]
/k/ [kʰ]
/b/ [b̥]
/d/ [d̥]
/ɡ/ [ɡ̊]
/m/
/n/
/ŋ/
/f/
/s/
/ʃ/
/h/
/ʋ/
/ð/
/j/
(/ɣ/)
/ʁ/
/l/
/p/, /t/, /k/ finst fremst i ord og fremst i trykksterk staving, som i pude /ˈpuːðǝ/ 'pute', betale /bǝˈtaːˀlǝ/ 'betale' og ko /ˈkoːˀ/ 'ku'. I andre posisjonar finst berre /b/, /d/, /ɡ/:
•     labbe 'lepje' og lappe 'lappe' blir begge uttalte /ˈlabǝ/
•     lække 'leke' og lægge 'leggje' blir begge uttalte /ˈlɛɡǝ/
•     Didde og Ditte er to skrivemåtar av jentenamnet /ˈdedǝ/.
/ɣ/ finst berre hos nokre eldre personar, til dømes læge /ˈlɛːɣǝ/ 'lækjar', mot vanleg /ˈlɛːǝ/. Fugl 'fugl' manglar /ɣ/ hos alle: /ˈfuːˀl/.
Etter vokal (men ikkje når ein trykksterk vokal følgjer) blir /ʋ/ og /ʁ/ uttalte [ʊ̯] og [ɐ̯]: livlig /ˈliʋli/ [ˈliʊ̯li] 'livleg', stor /ˈstoːˀʁ/ [ˈstoːˀɐ̯] 'stor'. Hver 'kvar', vær 'ver' (imperativ), værd 'verd' (adjektiv), vejr 'vêr' (tilstand i atmosfæren) blir alle uttalte /ˈʋɛːˀʁ/ [ˈʋɛːˀɐ̯] – og værre 'verre' kan ha same uttalen.
/ʋ/, /ð/, /j/ og /ʁ/ smeltar ofte saman med /ǝ/ til [ʊ], [ð̩], [ɪ] og [ɐ]: leve /ˈleːʋǝ/ [ˈleːʊ] 'leve', hoved /ˈhoːðǝ/ [ˈhoːð̩] 'hovud'. Lære /ˈlɛːʁǝ/ 'lære', lærer /ˈlɛːʁǝʁ/ 'lærer', 'lærar' og læger /ˈlɛː(ɣ)ǝʁ/ 'lækjarar' blir alle uttalte [ˈlɛːɐ] – og lærere 'lærarar' /ˈlɛːʁǝʁǝ/ kan ha same uttalen.
Lange vokalar og stemde konsonantar blir i nokre ord uttalte med «knirkestemme» eller stød 'støyt', her merkt med /ˀ/. Stød er historisk i slekt med aksentane i svensk og norsk, og hovudregelen er at ei trykksterk staving har stød der norsk har aksent 1:
•     hænder /ˈhɛnˀǝʁ/ 'hender' (flt. av hånd 'hand'), mot hænder /ˈhɛnǝʁ/ 'hender' (pres. av hænde 'hende')
•     bunden /ˈbonˀǝn/ 'botnen', mot bunden /ˈbonǝn/ 'bunden'
•     toget /ˈtɔːˀ(ɣ)ǝð/ 'toget', mot tåget /ˈtɔː(ɣ)ǝð/ 'tåkete'
På dansk er tilhøvet mellom skrift og uttale mykje meir komplisert enn på norsk. Hovudgrunnen er at det har skjedd mange endringar i dansk uttale dei siste to hundre åra som har auka avstanden til skrivemåten. I 1780 hadde skarre-r-en (/ʁ/, i motsetnad til eldre /r/, uttalt med tungespissen) nådd København (etter truleg å ha oppstått i Paris på 1600-talet), og han spreidde seg etter kvart til heile landet. Uttalen av vokalane blei sterkt påverka av den nye r-lyden. Dansk skil seg frå norsk ved at ein i mykje større grad skriv lånord på same måten som i språket som orda kjem frå. Dei franske orda chauffeur, ressource og mayonnaise blir skrivne chauffør, ressource og mayonnaise på dansk – sjølv om skrivemåtane resurse og majonæse har vore tillatne sidan 1980-åra. Danskane et framleis chokolade, og dei kan betale han med check.
Kjelder
Robin Allan, Philip Holmes & Tom Lundskær-Nielsen: Danish. A Comprehensive Grammar, Routledge, London & New York 1995
Mogens Brøndsted: Dansk for nordmænd. Oslo 1949
Johs. Brøndum-Nielsen:. Dialekter og dialektforskning. København 1951
H.A. Koefoed: Teach Yourself Danish. London 1958
Bastholm Nørgård: Mæ å Moses. Skabelsesberetningen på vendsysselsk. Hjørring u.å.
Dansk sprognævn, dsn.dkhttp://dsn.dk/dsn.dk [lesedato 2.5.2010]
Dialekt.dk, nettside om danske dialektar, ved Københavns Universitet, http://dialekt.dk/ [lesedato 2.5.2010]
sproget.dk – Indgangen til det danske sprog: http://sproget.dk/ [lesedato 2.5.2010]
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 01.11.2011
Sist oppdatert: 31.10.2016