Faktaboks

dyirbal
Språkkodar
dbl (DBL)
ISO-639:3
dbl

Dyirbal er eit australsk aboriginsk språk som blir snakka i nordaustdelen av Queensland av 5–30 personar av dyirbal-folket. Språket har mange særeigne eigenskapar som gjer at det er godt kjent blant lingvistar.

På dyirbal heiter språket bala dyirbal. Orda for ei kvinne og ein mann som høyrer til dyirbal-folket, er høvesvis balan dyirbal og bayi dyirbal. Området der dei bur, altså Dyirbal-land, heiter bala dyirbalŋan.

Språkfamilie

Dyirbal er eit australsk språk. Det er vanleg å dele dei australske språka i to familiar, ikkje-pamanyungisk og pamanyungisk. Dei ikkje-pamanyungiske språka blir talte lengst nord i delstatane Western Australia og Northern Territory, medan dei pamanyungiske blir talte over resten av kontinentet. Dyirbal blir rekna til ei dyirbalisk undergruppe av pamanyungisk, saman med nyawaygi og wargamay. Alle tre språka er nesten utdøydde.

Språkhistorie

Arkeologiske utgravingar tyder på at dei første menneska kom til Australia for nærmare 50 000 år sidan, og at Dyirbal-folket har budd meir eller mindre der dei no bur, i over 10 000 år.

Vi kjenner til fem ulike dialektar av dyirbal – ŋadyan, mamu, dyirbal og giramay – som alle stammar frå eit felles proto-dyirbal. Først skilde ŋadyan seg ut som ein eigen dialekt, så giramay, og sist skilde mamu og dyirbal lag.

Første gongen ord frå dyirbal blei nedskrivne, var 26. mai 1848, men det var berre tre ord, og dei var svært unøyaktig noterte. Den eldste framstillinga av grammatikken er frå 1897. I 1972 kom det ut ei bok på 420 sider om språket, The Dyirbal Language of North Queensland, av R.M.W. Dixon. Denne boka gjorde dyirbal til det best kjende av alle australske språk.

Språksystem

Her er ei setning som kan illustrere noko av den grammatiske strukturen i dyirbal: Balan dyugumbil baŋgul yaɽaŋgu buɽan 'Mannen ser kvinna'.

Her tyder balan dyugumbil 'kvinne', baŋgul yaɽaŋgu 'mann' og buɽan 'ser'. Men det er ingenting i vegen for å snu på desse tre ledda så mykje ein vil, utan at tydinga endrar seg.

Uttrykket balan dyugumbil 'kvinne' er objektet i setninga og baŋgul yaɽaŋgu 'mann' er subjektet. Dersom vi ville seie 'kvinna ser mannen', måtte vi endre objektsforma balan dyugumbil 'kvinne' til subjektsforma baŋgun jugumbiru 'kvinne' og subjektsforma baŋgul yaɽaŋgu 'mann' til objektsforma bayi yaɽa 'mann': Baŋgun dyugumbiɽu bayi yaɽa buɽan.

Uttale

Dyirbal har tre vokalar (i, u, a) og tretten konsonantar (b, d, dy, g, m, n, ny, ŋ, r, ɽ, w, l, y). Legg særleg merke til dy [dʲ], ny [nʲ] og y [j]. Bokstaven ɽ er brukt for ein lyd som liknar den engelske r-lyden. Konsonantane b, d, dy, g kan uttalast stemde ([b, d, dʲ, ɡ]) eller ustemde ([p, t, tʲ, k]), utan at det spelar noka rolle.

Dyirbal har ingen frikativar – det vil seie lydar som [f, s, ç, ʃ, x] – og det engelske ordet sugar 'sukker' er lånt som bala dyuga, og cigarette 'sigarett' er lånt som balam dyiga.

Lånord

Vi har truleg ingen ord frå dyirbal i norsk, men det er interessant å sjå korleis engelske ord tilpassar seg lydsystemet i dyirbal:

Engelsk Dyirbal Tyding
blanket bala bilayŋgir 'teppe'
trousers bala dyarudya 'bukser'
publican (pub) bala babuligan 'pub'
iron bala ŋayan 'jern'

Legg mellom anna merke til at orda ikkje kan byrje med vokal, og difor blir iron [ˈaɪən] til ŋayan. Ordet bala er ein markør som mellom anna fortel kva for ein av fire klassar substantivet som følgjer, høyrer til. Andre markørar er bayi, balan og balam.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg