Faktaboks

enaresamisk
Språkkodar
smn (SMN)
ISO-639:3
smn
Samiske språk
Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentlege.
Samiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Enaresamisk er eit samisk språk som blir brukt rundt Enaresjøen i Finland. Litt over 300 av ei etnisk gruppe på kring 700 menneske har enaresamisk som førstespråk. Enaresamisk var i ferd med å døy ut på 1900-talet, men i 1997 blei det sett i gang ei vellukka revitalisering. På UNESCOs liste over trua språk er enaresamisk språk klassifisert som eit alvorleg trua språk.

Enaresamisk er offisielt språk i den nordfinske kommunen Enare, i tillegg til nordsamisk, skoltesamisk og finsk. Enare, den einaste kommunen i Finland med fire offisielle språk, er ein del av samernas hembygdsområde / saamelaisten kotiseutualue i Finland – Sämikuávlu ('sameområdet') på enaresamisk.

Endonymet for språket er anarâškielâ. Den største tettstaden i Enare kommune er Ivalo. I kommunen ligg òg Enaresjøen, den største innsjøen i Finland. På enaresamisk heiter kommunen Aanaar, tettstaden Avveel og innsjøen Aanaarjäävri. Det enaresamiske ordet for 'same' er sämmilâš.

Språkfamilie

Samiske språk i den uralske språkfamilien
Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner: samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner: finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner: finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Enaresamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: vestsamisk og austsamisk. Enaresamisk er eit austsamisk språk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Språkhistorie

Det vitskaplege studiet av enaresamisk byrja med artikkelen «Über den Enare-lappischen Dialekt» frå 1856, skriven av Elias Lönnroth (1802–1884).

Den første boka som var skriven på enaresamisk, Anär sämi kiela aapis ja doctor Martti Lutherus Ucca katkismus (Enaresamisk ABC og Martin Luthers vesle katekisme), kom ut i 1859 og var skriven av Edvard Wilhelm Borg (1830–1910). I 1906 gav Lauri Arvid Itkonen (1865–1925) ut Ráámmat historja (Bibelhistorie).

Den enaresamiske rettskrivinga i bibelhistoria til Lauri Itkonen var i bruk fram til 1983, då ei ny rettskriving blei innført med Säämi-suoma-säämi škovlasänikirje (Samisk-finsk-samisk skuleordbok) av Matti Morottaja (fødd 1942, far til rapparen Amoc, som er omtalt lenger nede i dette avsnittet) og Pekka Sammallahti (fødd 1947). Ei utvida ordbok, Säämi-suomâ sänikirje (Samisk-finsk ordbok) kom i 1993 med ei svakt revidert rettskriving.

Gjennom det meste av 1900-talet såg det ut til at språket var i ferd med å døy ut, men i 1997 blei det sett i gang ei vellukka revitalisering, ved hjelp av såkalla «språkreir», og språket blir no vidareført til mange av dei yngste. Det finst likevel ein «tapt» mellomgenerasjon som i liten grad meistrar språket. Sidan 1997 har det vore barnehagar i tettstadene Enare og Ivalo med enaresamisk som hovudspråk.

Den enaresamiske språklæraren Mikkâl Antti Morottaja, fødd 24. desember 1984, rappar på enaresamisk, under kunstnarnamnet Amoc – eit akronym for Aanar master of ceremony (Enares seremonimeister). Den første singelen hans, Šaali, kom ut i desember 2006. I februar 2007 kom albumet Kaččam, der den første låten heiter Troijalâš hiävuš (trojansk hest).

Det finske sametinget – nordsamisk Sámediggi, enaresamisk Sämitigge, skoltesamisk Sää'mte'ǧǧ – har gitt ut ein del litteratur på enaresamisk.

Språksystem

Som andre samiske språk har enaresamisk eit omfattande bøyingssystem, mellom anna med 8 kasus i to tal (eintal og fleirtal): nominativ (subjekt), akkusativ/genitiv (objekt/eigar), illativ (til ein stad), lokativ (på/i ein stad eller frå ein stad), komitativ (med noko eller i lag med nokon), abessiv (utan noko), essiv (som noko) og partitiv (del av noko).

I dømet nedanfor ser vi substantiv i nominativ (nom), akkusativ/genitiv (akk/gen) og lokativ (lok) eintal:

  • Säämi aalmug áásá neelji väldikoddeest: Suomâst, Ruotâst, Taažâst já Ruošâst.
  • sameakk/gen folknom bur fire statlok Finlandlok, Sverigelok, Noreglok og Russlandlok
  • 'Samefolket bur i fire statar: i Finland, i Sverige, i Noreg og i Russland.'

Det enaresamiske ordet for 'folk', aalmug, er eit gamalt lånord frå nordisk – jamfør norsk allmuge/ålmuge og norrønt almúgi/almúgr. Ordet finst òg i andre samiske språk, som nordsamisk álbmot, lulesamisk álmmuk og sørsamisk aalmoge/åålmege.

Legg òg merke til at 'Noreg' heiter Taažâ på enaresamisk. Ordet kjem truleg av Dania, det latinske namnet på Danmark. På nordsamisk finst dáža, i tydinga 'norsk', 'nordmann'. Også nokre andre nordiske folk bruker eit namn på Noreg som opphavleg tyder 'Danmark' – jamfør romani Danniken 'Noreg' og dannikus ('nordmann').

Lånord

Det finst ingen enaresamiske lånord i norsk, og det er heller ikkje så mange ord som har gått den andre vegen. Eit slags unnatak er enaresamisk kenski ‘kanskje’. Ordet må vere lånt via nordsamisk gánske ‘kanskje’ frå nordnorsk /²kanske/ ‘kanskje’. Sidan uttalen ikkje er /²kanʂe/, kjem rettnok dette nordnorske ordet truleg frå dansk /kanˈsgeˀ/ kanske ‘kanskje’.

Men enaresamisk har ein heil del ord med nordisk opphav. Dei enaresamiske orda for 'ku', 'sau' og 'geit' – kussâ, savzâ og kaiccâ – er lånte frå urnordisk for minst 1500 år sidan, på den tida då nordbuane sa ʀ, sauðiʀ og gaitʀ. Dei er ikkje berre lånte inn i enaresamisk, vi finn dei frå Russland til Hedmark. Til dømes heiter dei govse, saavhtse og gaajhtse på sørsamisk, gussa, sávza og gáica på nordsamisk og kuss, sauʒʒ og kaicc på skoltesamisk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg