Hopp til innhold
X
Innhald

Engelsk

Det finst fleire veletablerte norske lånord i engelsk enn engelske i norsk.

Ordhistorie
Lånorda har vandra i store mengder mellom Storbritannia og Noreg. I vikingtida gjekk straumen frå norrønt til engelsk: awe, axle, bag, bait, call, crawl, die, dirt, egg, flounder, get, gift, hit, husband, ill, knife, law, leg, mistake, muck, nay, odd, plough, raft, ransack, skin, skirt, sky, take, they, ugly, want, window – og mange andre. Seinare har straumen snudd, og i dag har vi tallause nye lån på område som teknologi, sport, populærkultur og slang. I norske framandordbøker auka mengda med engelske ord frå om lag 6,5 % i 1953 til nærmare 9 % i 2000. I Nynorskordboka utgjer dei engelske orda om lag 12 % av ord med framandspråkleg opphav. I reklamespråket blei det engelske innslaget fordobla på dei tjue åra frå 1969 til 1989.
Foto: Mark Kilner, flickr.com CC BY 2.0
Gatekunst med teksten «I love you right up to the moon, and back!», henta frå barneboka «Guess How Much I Love You» (1994). Foto: Mark Kilner, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0
Etter den normanniske invasjonen i 1066 (sjå avsnittet «Språkhistorie») blei ulike variantar av fransk den viktigaste lånordkjelda for engelsk, og mellom vanlege ord med eit slikt opphav er: aunt, beef, change, damn, easy, fail, glory, huge, issue, juice, lamp, move, nice, office, people, quiver, river, save, table, use, valley, war. Som andre europeiske språk får engelsk i dag mange nyord ved å setje saman greske og latinske element, til dømes telephone, av gresk tēle τῆλε 'fjern' og phōnḗ φωνή 'lyd',' røyst' eller automobile, av gresk autós ἀυτός 'sjølv' og latin mōbilis 'rørleg'.
Mange engelske ord er blitt lånte inn i språk over heile verda. Computer 'datamaskin' heiter kompyuter på jiddisk og cebuano, kompjuter på russisk, kompjuteri på albansk, kompüter på aserbajdsjansk, kampyūṭar på hindi, komputer på malayisk og javanesisk, kompyuteo på koreansk, komp'juter på mongolsk, kompiyutär på amharisk, komputa på igbo og ikhompyutha på zulu.
Språkfamilie
Engelsk høyrer til den vestgermanske undergruppa av germansk, ei grein i den indoeuropeiske språkfamilien.
Språkhistorie
Det engelske språket har røter i dei germanske målføra til jydar, anglarar og saksarar frå fastlandet som slo seg ned i Storbritannia på 400-talet – då Vestromarriket gjekk under – og trengde unna britannisk, eit keltisk språk, frå store delar av øya. Frå 700-talet til 1000-talet blei engelsk sterkt påverka av det nordiske språket til danske og norske vikingar, som nemnt i avsnittet «Ordhistorie».
Den gamalengelske perioden varte til 1066, då gamalfransktalande normannarar hærtok England, og den mellomengelske perioden tok til. I 300 år var anglonormannisk språket til dei kongelege og adelen. Engelsk blei nytta i lågare stender og tok opp store mengder franske lånord.
På 1400-talet byrja den tidleg nyengelske perioden, med den store vokalendringa (The Great Vowel Shift). Orda house, ice, boot og feet, som i mellomengelsk blei uttalte [huːs], [iːs], [boːt] og [feːt], hadde på 1700-talet fått uttalen hɑʊs], [ʌɪs], [buːt] og [fiːt].
I år 1800 tok den moderne engelske perioden til. Medan ein i tidleg nyengelsk skilde mellom thou thinkest 'du tenkjer' og ye/you think 'de tenkjer', heiter det i moderne engelsk you think 'du/de tenkjer'.
Gjennom britisk kolonialisme spreidde det engelske språket seg til alle verdsdelar. Og ikkje minst ved at engelsk blei hovudspråket i USA, er det blitt stadig viktigare som verdsspråk.
Språksystem
Engelsk skil seg frå dei fleste andre germanske språk ved at dei grammatiske kjønna er blitt heilt borte ved substantiv og adjektiv. Dei har berre overlevd ved dei personlege pronomena he 'han', she 'ho' og it 'det'.
Språket har utvikla fleire særdrag som skil det frå annan germansk. I setningar utan hjelpeverb blir spørsmål laga med verbet do 'gjere', som blir sett framfor subjektet, medan andre germanske språk – til dømes norsk – set hovudverbet først:
Mary drank the tea.              'Maria drakk teen.'
Did Mary drink the tea?       'Drakk Maria teen?'
På eldre engelsk, til dømes hos Shakespeare, forma ein spørsmål på same måten som elles i germansk og sa Drank Mary the tea?
Uttale
Engelsk har eit meir uregelrett forhold mellom skrivemåte og uttale enn noko anna språk med alfabetisk skrift. Bokstavsekvensen ough kan uttalast på sju måtar:

Som /oʊ/ i though
Som /ʌp/ i hiccough
Som /uː/ i through
Som /ʌf/ i tough
Som /aʊ/ i plough
Som /ɔː/ i nought
Som /ɒf/ i cough

Vokalen /u/ kan skrivast på mellom anna desse måtane:

Som oo i tool
Som oe i canoe 
Som u…e i flute
Som o i who
Som oeu i maneouvre
Som ue i true
Som o…e i lose
Som ough i through
Som ui i fruit
Som wo i two
Som ioux i Sioux 
Som ew i jewel
Som ou i soup
Som u i luminous 

 
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 26.01.2010
Sist oppdatert: 14.12.2017