Hopp til innhold
X
Innhald

Erzia

Det norske ordet rev kan vere i slekt med erzia rives' 'rev'.

Ordhistorie
Det finst truleg ikkje nokon lånord i norsk frå erzia, men språket har eit ord som liknar sterkt på eit norsk ord – og truleg er det ikkje tilfeldig. 'Rev' heiter rives' ривесь på erzia, og det kjem av urfinsk-ugrisk *repäś, som òg er reflektert i ungarsk ravasz 'slu', som på gamal-ungarsk òg tydde 'rev'. Den urnordiske forma *rebaʀ 'rev', som har gitt norrønt refr og moderne norsk rev, kan vere eit lån frå finsk-ugrisk. Former som svarer til norsk rev finst berre i nordgermansk, ikkje i dei vestgermanske språka, som har eit heilt anna ord for 'rev' – jamfør standardtysk Fuchs, nedertysk Voss, nederlandsk vos og engelsk fox.
 
Språkfamilie
Erzia utgjer saman med moksja ei mordvinsk grein av dei finsk-ugriske språka, som saman med dei samojediske språka utgjer den uralske språkfamilien.

Illustrasjon som viser den uralske språkfamilien. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne.

Illustrasjon som viser den uralske språkfamilien. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne.

 
Språkhistorie
Den gotiske historikaren Jordanes nemner folket mordens i år 551, i samband med at den gotiske kongen Ermanaricus la dei under seg. Mordens var truleg mordvinarane, ei samemning for erziaer og moksjaer. Truleg går det språklege skiljet mellom erzia og moksja attende til 700-talet. På 1200-talet var dei under mongolsk styre. Dei mordvinske landområda blei lagde under Russland i 1552, og dei høgare sosiale laga tok etter russisk språk og russiske skikkar. Det nye testamentet blei utgitt på erzia i 1821. På 1700-talet blei dei mordvinske språka skrivne med det latinske alfabetet, men midt på 1800-talet gjekk dei over til det kyrilliske. Det blei utvikla eit erzia-skriftspråk i 1922.
 
Språksystem
Som andre finsk-ugriske språk har erzia eit rikt bøyingssystem. Substantiv blir bøygde i elleve kasus, i eintal og fleirtal og i ubunden og bunden form, og har i tillegg eigedomssuffiks, jamfør kudo кудо '(eit) hus', kudos кудось 'huset', kudot кудот '(fleire) hus', kudotne кудотне 'husa', kudostont' кудостонть 'frå huset', kudom кудом 'huset mitt', kudoston кудостон 'frå huset mitt' / 'frå husa mine'.
 
Verba har ei omfattande bøying, og endingar uttrykkjer både subjektet og objektet: palasamak паласамак 'du kyssar meg', palatan палатан 'eg kyssar deg'.
 
Uttale
Erzia har fem vokalar, her attgitt ortografisk (i kyrillisk skrift) og i latinsk translitterasjon:
 
 
 
 
и i
 
у u
 
 
 
 
 
 
е/э e
 
о o
 
 
 
 
 
 
 
а a
 
 
 
 
 
Språket har 28 konsonantar:
 
 
п p
т t
ть t'
ц c
ць c'
ч č
к k
 
 
б b
д d
дь d'
 
 
 
г g
 
 
ф f
 
 
с s
сь s'
ш š
х x
 
 
в v
 
 
з z
зь z'
ж ž
 
 
 
м m
н n
нь n'
 
 
 
 
 
 
 
р r
рь r'
 
 
 
 
 
 
 
л l
ль l'
 
 
й j
 
 
 
Kyrillisk ь og apostrofen ' i den latinske transkripsjonen står for at konsonanten er palatalisert: т t [t] mot ть t' [tʲ]. Ц c står for [ts]. Ш š, ж ž og ч č står for høvesvis [ʃ], [ʒ] og [tʃ]. Palataliseringsteiknet (ь ') blir ikkje skrive framfor vokalane и i og е e, slik at ниле nile 'fire' blir uttalt [nʲilʲe]. Framfor vokalane a, o og u blir palatalisering uttrykt ved at vokalane blir skrivne я, ё, ю – jamfør эрзянь кель erz'an' kel' 'erzia-språket'.


Sist oppdatert: 20.02.2018