Hopp til innhold
X
Innhald

Etruskisk

Etruskisk blei talt i Nord-Italia i det siste tusenåret f.Kr. Mellom orda vi har lånt frå etruskisk (via latin), er person og atrium.

Ordhistorie

Ordet person har etruskisk opphav. Vi har fått ordet – via tysk – frå latin PERSONA persōna. Latin hadde lånt ordet frå etruskisk USRE𐌘 PhERSU, som tydde 'skodespelarmaske', men i latin hadde det også utvikla tydingane 'rolle (i eit skodespel)' og vidare 'rolle (i livet)'.

Latin lånte fleire andre etruskiske ord, mange knytte til mellom anna skrift, teater, byggjeskikk, motar og hårfasongar. Eit døme er latin ATRIVM ātrium 'atrium', 'hall i eit romersk hus', som truleg kjem av etruskisk EROA AThRE 'bygning'.

Nokre lån frå etruskisk var opphavleg greske. Eit interessant døme er latin LITTERA 'bokstav' eller 'skriftteikn', som via etruskisk skal kome av gresk διφθέρα diphthéra 'dyrehud', 'skinn', 'lêr' eller 'ein slags pergament'.

(Vårt ord difteri 'smittsam sjukdom som særleg set seg i svelg og nase' heng sjølvsagt også saman med διφθέρα diphthéra. Når ein har denne sjukdomen, blir det utvikla ei lêraktig hinne på dei sjuke stadene.)

Språkfamilie

Det er blitt foreslått å knyte etruskisk til ei lang rekkje språkfamiliar, frå semittisk og baskisk til turkotatarisk, kaukasisk, finsk-ugrisk og minoisk. Framlegga har likevel vore så dårleg underbygde at det er freistande å klassifisere etruskisk som eit isolat, eit språk utan påviste slektningar.

Nyleg er det likevel blitt foreslått ein klassifikasjon som har vunne ein viss aksept blant språkforskarar, nemleg å samle etruskisk i ein eigen språkfamilie med namnet tyrsensk, saman med retisk og lemnisk. Retisk blei talt i Retia (latin Rhaetia) i dei austlege Alpane i førromersk og romersk tid, fram til 200-talet e.Kr. Det må ikkje blandast saman med retoromansk, det romanske språket som no blir talt i dette området. Lemnisk blei talt på øya Lemnos i Egearhavet på 500-talet f.Kr. Kunnskapen vår om alle desse språka er likevel så mangelfull at klassifikasjonen byggjer på eit ganske tynt materiale.

Språkhistorie

Etruskarane budde i Nord-Italia, i eit området som på latin blei kalla TVSCIA tūskia eller ETRVRIA etrūria, og som stort sett svarer til det moderne Toscana og Nord-Lazio. Området der dei budde, grensa mot Tyrrenhavet (latin MARE TYRRHENVM mare tyrrēnum) i vest, mot elva Arno (latin ARNVS arnus) i nord og mot elva Tevere (latin TIBER tiber) i aust og sør. Tyrrenhavet er oppkalla etter etruskarane, som på gamalgresk blei kalla tυρρηνoι turrɛ̄nói eller (gamal-attisk) tυρσηνoi tursɛ̄noí. 

Etruskisk er kjent frå innskrifter frå kring 600-talet til 100-talet e.Kr. Arkeologane knyter òg den skriftlause Villanova-kulturen (900–700 f.Kr.) til etruskarane.

Talet på etruskiske innskrifter – på mellom anna steinar, bly, leirvasar, bronsespeglar og gravvegger – ligg mellom 9000 og 13 000, avhengig av korleis ein tel, og det blir stadig funne nye innskrifter. Forskarane kan lese og forstå ein stor del av desse innskriftene, men mange av dei er gravinnskrifter (i dei mange etruskiske nekropolisane eller «gravbyane») som berre inneheld namnet til dei døde, namna til fedrar og mødrer og av og til alder og kjønn. Trass i det høge talet på innskrifter kjenner vi berre om lag 250 etruskiske ord.

Etruskisk spegel med innskrift. Utstilt ved Museo Nazionale Etrusco di Villa Giulia i Roma i Italia. Foto (2019): Andy Montgomery, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Etruskisk spegel med innskrift. Utstilt ved Museo Nazionale Etrusco di Villa Giulia i Roma i Italia. Foto (2019): Andy Montgomery, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Her er to typiske innskrifter:

anaviele:im:aksa:al:es:sakalm
MLAKAS SE LA ASKA MI ELEIVANA
'Eg er oljeflaska til den vakre Sela'

𐌣:sliva:upul:nalc:uruolev:onra:sena
ANES ARNTH VELTHURU(S) CLAN LUPU AVILS 50
'Anes Arnth, sonen til Velthur, død i ein alder av femti'

Det finst over 40 innskrifter med både etruskisk og latinsk tekst, men dei er stort sett svært korte gravinnskrifter. Nyttigare var tre gulltavler som blei funne i 1964, med parallelltekst på etruskisk og fønikisk (kanskje punisk).

Frå kring 700 til 500 f.Kr. var den etruskiske kulturen på eit høgdepunkt i makt og prestisje, og dei kontrollerte det meste av Italia frå Alpane og ned til dei greske busetnadene i sør. Dei kontrollerte då også Latium, og den romerske kulturen blei sterkt påverka av etruskarane. Gresk kultur kom også først til romarane gjennom etruskarane. Stoda endra seg etter 400 f.Kr. I 396 f.Kr. hærtok romarane den viktige etruskiske byen AIEV VEIA (italiensk Veii), og i 391 f.Kr. invaderte dei keltiske senonane Etruria. Mot slutten av 200-talet f.Kr. hadde romarane erobra heile den italienske halvøya.

Etruskisk språkhistorie blir delt i to tidbolkar:

  • Gamaletruskisk (arkaisk etruskisk), frå 600-talet til 500-talet f.Kr.
  • Nyetruskisk (sein etruskisk), frå 400-talet til 100-talet f.Kr.

Nyetruskisk skil seg frå gamaletruskisk først og fremst ved å ha trykk på første staving og vokalreduksjon i trykksvake stavingar, som til dømes i endringa frå gamaletruskisk ANNESAR RASENNA 'etruskar' til nyetruskisk ANSAR RASNA.

Språket gjekk truleg ut av bruk som talespråk kort tid før Kristi fødsel, ved at det blei fortrengt av latin, men det blei brukt i religiøse samanhengar – som eit heilagt eller liturgisk språk i den etruskiske religionen – heilt til 400-talet e.Kr. Den yngste innskrifta er frå 14 e.Kr., men ho ser ut til å innehalde fleire feil, ein indikasjon på at det ikkje lenger var eit levande språk.

Språksystem

Etruskisk har blitt karakterisert som eit agglutinerande språk på veg mot eit flekterande. Det som særmerkjer eit agglutinerande språk, er at orda lett kan delast i mindre element (morfar) med si eiga tyding eller sin eigen grammatiske funksjon, medan eit flekterande språk ikkje har så klare grenser mellom elementa.

Substantiv

Substantivet i etruskisk har eit suffiks for fleirtal (men ikkje for eintal) og for ulike kasus, bortsett frå nominativ. Kasussuffiksa er stort sett dei same i eintal og fleirtal, og blir lagde til etter fleirtalssuffikset. Dette kan illustrerast med substantiva som tyder 'son' og 'by' (tomme ruter tyder at det ikkje finst belegg for formene):


NALC CLAN 'son'RUPS *SPUR 'by'
EintalFleirtalEintalFleirtal
nominativNALC
CLAN
RENALC
CLENAR
akkusativINERUPS
SPURENI
IRERUPS
SPURERI
dativIXNELC
CLENŚI
IXARANELC / ARAIINILC
CLENARAŚI / CLINIIARA
lokativIOERUPS
SPUREThI
genitivSNALC
CLANS
SERUPS / LARUPS
SPURES / SPURAL

Dei vanlegaste fleirtalsendingane er ‑AR, ‑ER og ‑UR, som står framfor kasussuffikset. I substantivet NALC CLAN 'son' ser vi at det er ei vokalveksling i stamma, mellom A A, E E og I I. Fleirtalssuffikset manglar ofte når substantivet står etter eit talord høgare enn 'éin', som i LIVA:IC CI AVIL 'tre år'.

Objektet står ofte i nominativ i staden for akkusativ.

I ein genitivfrase står «eigaren» (i genitiv) etter «det eigde»:

LARUPX:RALUT TULAR ŚPURAL 'grensene (grensesteinane) til byen'

TUL-AR                  ŚPUR-AL

stein-FLEIRTAL   by-GENITIV

Verb og setning

Desse to setningane illustrerer nokre sider ved verbbøyinga og setningsstrukturen: 

ANAC:SANESREV:ECRUT:IANIXLA:AIPIV

VIPIA ALŚINAI TURCE VERSENAS CANA 'Vipia Alśinai gav biletet til Versena'

VIPIA   ALŚINAI   TUR-CE                         VERSENA-S           CANA

Vipia  Alśinai    gi-FORTID.AKTIV  VERSENA-DATIV  bilete

E𐌙U𐌙IZ:ELAIOARA:IM

MI ARAThIALE ZIKhUKhE 'eg blei skriven av Arath'

MI   ARATh-IALE   ZIKh-UKhE

eg  Arath-DATIV  skrive-FORTID.PASSIV

 

Det er usikkert om verbet blei bøygd i person og tal i samsvar (kongruens) med subjektet – ein har ikkje former nok til å avgjere det. Verba i dei to setningane ovanfor, TURCE 'gav' og ZIKhUKhE 'blei skriven', er fortidsformer. Det første er aktivt og den andre er passivt. Ein har berre aktive fortidsverb i 3. person eintal og passive fortidsverb i 1. person eintal.

Ordstillinga varierer. Verbet står ofte står ofte rett etter subjektet når det også finst eit objekt, som i den første setninga, men elles ofte til slutt, som i den andre setninga.

Uttale

Etruskisk hadde dei fire vokalane i tabellen nedanfor, utan skilje mellom korte og lange. Her er vokalane attgitt i det etruskiske alfabetet, i translitterasjon (VERSAL) og fonemisk (kursiv). 

i I

i

 

𐌖 U

u

e E

e

 

 

 

a A

a

 

Legg merke til at etruskisk ikkje hadde o.

Språket hadde 17 konsonantfonem, som blei skrivne med 19 bokstavar, fordi fonemet /k/ blei skrive med tre ulike bokstavar, som forklart lenger nede. Š er nytta for IPA [ʃ].

 

p P

p

t T

t

z Z

ʦ

 

c C, k K, q Q

k

 

𐌘

𐌈 / O Th

 

 

𐌙 Kh

 

𐌚 F

ɸ

s S

s

 

𐌑 Ś

š

 

𐌇 H

h

m M

m

n N

n

 

 

 

 

 

r R

r

 

 

 

 

v V

w

l L

l

 

 

i I

j

 

 

Som ein ser av tabellen, hadde ikkje etruskisk stemde plosivar, som b, d, ɡ. Legg merke til at j blei skriven med same bokstav som vokalen i. Uttalen av s S og 𐌑 Ś er usikker, men etter vanleg oppfatning blei dei uttalte som s og š.

Nasalane (m og n) og likvidane (r og l) var truleg stavingsberande når dei ikkje stod ved sida av ein vokal, som i desse døma:

  • mniv VINM winm [ˈwinm̩] 'vin' < latin VINVM wīnum
  • ntual LAUTN lautn [ˈla͡utn̩] 'familie' < eldre nutual LAUTUN lautun
  • ertanrzuh HUZRNATRE huʦrnatre [ˈhuʦr̩natre] 'ungdom'
  • lpe EPL epl [ˈepl̩] 'i, til'm

I nyetruskisk låg trykket på den første stavinga, som vist i dei fonetiske transkripsjonane ovanfor.

Meir om det etruskiske alfabetet

På 800-talet f.Kr. lånte grekarane alfabetet av fønikarane. Medan det fønikiske alfabetet var ei rein konsonantskrift, begynte grekarane også å skrive vokalar. Gresk mangla fleire av dei typisk semittiske konsonantane som fanst i fønikisk, og bokstavane for fleire av dei konsonantane som var «ledige», blei tekne i bruk for å skrive vokalar.

Etruskarane lånte alfabetet sitt frå grekarane i dei greske koloniane i Sør-Italia kring 700 f.Kr. På den tida fanst det fleire lokale variantar av det greske alfabetet, og etruskarane tok i bruk ein arkaisk vestleg variant som framleis blei skriven frå høgre mot venstre, som fønikisk. Denne varianten hadde mellom anna fire ulike forskjellige bokstavar for ulike «s‑lydar» som fanst i fønikisk, medan det greske alfabetet som blei einerådande frå 400-talet f.Kr., berre hadde éin, den som i dag blir skriven Σ. Desse fire bokstavane for «s‑lydar» blei alle nytta i etruskisk for å skrive to fonem, s og š. I konsonanttabellen har vi berre teke med to av dei, s S s og x Ś š.

Dei tre bokstavane c C, k K og q Q representerte alle fonemet k. Stort sett blei c C brukt framfor i I og e E, k K framfor a A og q Q framfor 𐌖 U.

Det latinske alfabetet er tydeleg påverka av det etruskiske alfabetet. Den etruskiske skikken med å skrive fonemet k på tre måtar tok også romarane i bruk når dei skulle skrive latin, med bokstavane C, K og Q. Bruken av K i staden for C framfor A overlevde berre i nokre få ord, som KALENDAE kalendai 'den første dagen i månaden i den romerske kalenderen'. Q blei konsekvent nytta framfor V pluss vokal, som i QVINQVE kwīnkwe 'fem'.


Litteratur

Giuliano Bonfante og Larissa Bonfante: The Etruscan Language. An Introduction, revised edition. Manchester og New York 2002

Raffaele D'Amato og Andrea Salimbeti: The Etruscans. 9th–2nd Centuries BC. Oxford 2018

David Randall-MacIver: The Etruscans. Fort Wayne 2017

Christopher Smith: The Etruscans. A Very Short Introduction. Oxford 2014

Rex E. Wallace: Zikh Rasna. A Manual of the Etruscan Language and Inscriptions. Ann Arbor 2008

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 09.11.2020
Sist oppdatert: 02.12.2020