Allkunne.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at vi kan gi deg ei betre brukaroppleving.
Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta til trafikkmåling og til å optimalisere tenesta.
Ved å halde fram med å bruke allkunne.no godkjenner du bruken av informasjonskapslar.
Vil du vite meir, kan du lese om korleis vi bruker informasjonskapslar.
Om lag 5 millionar – eller 92 % – av innbyggjarane i Finland har finsk som førstespråk, og det finst finsktalande minoritetar i Sverige, Noreg, Russland, Estland og Nord-Amerika. I Sverige snakkar i underkant av 250 000 sverigefinnar finsk.
Formell status
Finsk er ved sida av svensk offisielt språk i Finland. 66 svenske kommunar frå Kiruna i nord til Malmö i sør er ein del av det finske forvaltningsområdet. I Sverige har tornedalsfinsk (meänkieli) og i Noreg kvensk (kveeni) offisiell status som minoritetsspråk. Dei står begge nær finsk. I svenske kommunar som inngår i forvaltningsområdet for eitt eller fleire av språka samisk (25 kommunar), finsk (66 kommunar) og meänkieli (ni kommunar) har innbyggjarane rett til å nytte språket sitt i kontakten med myndigheitene (tal frå 2020). Kommunane er pliktige til å tilby barnehage, barnevern og eldreomsorg på minoritetsspråket.
Grunnord
Finland heiter Suomi på finsk, og det finske språket heiter suomi, medan suomalainen tyder 'finne'.

Finsk har ikkje grammatisk kjønn og bruker eitt ord, hän, der norsk skil mellom han og ho.
Ordhistorie
Sisu 'innsatsvilje', 'tæl' og sauna 'badstove' er dei mest kjende lånorda våre frå finsk. Sisu heng i hop med sisus 'det indre (av noko)', så tydingsutviklinga liknar engelsk guts 'innvolar', 'tæl'. Det finske ordet poika 'gut' har kome inn i svensk som pojke 'gut', og norsk pøyk 'smågut' har same opphav.
Finsk sauna. Foto: Visit Finland, CC BY 2.0
Språkfamilie
Finsk høyrer til den uralske språkfamilien, som har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og den finsk-samiske greina deler vi i austersjøfinsk og samisk.
Finsk høyrer til den austersjøfinske gruppa, saman med kvensk, tornedalsfinsk, karelsk, ingrisk, votisk, estisk, sørestisk, livisk og vepsisk.
Illustrasjon som viser den uralske språkfamilien. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne.
Språkhistorie
Mikael Agricola (1510–1557), som hadde studert teologi hos Martin Luther og Philipp Melanchthon i Wittenberg, og som blei biskop i Åbo (Turku) i 1554, skapte det første finske skriftspråket, i første rekkje på grunnlag av dialekten i Åbo. Han omsette mellom anna Det nye testamentet og Luthers vesle katekisme til finsk, og han skreiv ei ABC-bok, som då ho blei utgitt i 1543, var den første finskspråklege boka i historia.
Så lenge Finland var ein del av Sverige, var det finske skriftspråket likevel lite brukt, men stoda endra seg i 1809, då Finland blei eit storfyrstedøme under Russland (fram til 1917), og ei finsk nasjonalkjensle voks fram. Viktig var det finske nasjonaleposet Kalevala, som blei samanstilt av Elias Lönnrot (1802–1884) og utgitt i 1835. I Finland blei finsk offisielt jamstilt med svensk i 1863, med ein overgangsperiode på 20 år for tenestemenn til å lære seg finsk.
Namnearkivet i Helsingfors. Foto: Allkunne.
Språksystem
Finske ord har ei omfattande bøying. Språket har 15 kasus, og ein får fram mykje med kasus som norsk uttrykkjer med preposisjonar. Substantivet talo 'hus' har mellom anna formene taloon 'inn i huset', talossa 'i huset', talosta 'ut av huset', talolta 'på huset'. Finsk har ikkje grammatisk kjønn, og pronomenet i 3. person eintal, hän, blir brukt om menneske av begge kjønn og svarer til både han og ho på norsk. For ikkje-menneske (dyr, ting, omgrep osb.) nyttar ein se 'det'. Som svært mange språk over heile verda skil finsk heller ikkje mellom ubunden og bunden form av substantivet, slik at talo ikkje berre kan omsetjast med '(eit) hus', men også med 'huset'.
Uttale
Når ein kjenner skrivemåten av eit finsk ord, kan ein slutte seg heilt regelrett til uttalen, og omvendt. Trykket ligg alltid på den første stavinga i ordet, som i Helsinki [ˈhelsiŋki]. Finsk har åtte korte og åtte lange vokalar:
iii
yyy
uuu
eee
ööö
ooo
äää
aaa
Legg merke til ä [æ] og ö [ø]. Dei andre vokalsymbola har ein uttale som er i samsvar med IPA-lydskrifta.
Språket har 13 konsonantar:
p
t
k
d
s
h
m
n
ng
r
v
l
j
Bokstavkombinasjonen ng står for ein lang konsonant, [ŋː]. Finsk skil mellom korte og lange vokalar og konsonantar, og dei lange er markerte ved dobbelskriving i rettskrivinga: tuli [ˈtuli] 'eld', tuuli [ˈtuːli] 'vind', tulli [ˈtulːi] 'toll' og tuulla [ˈtuːlːa] 'blåse (om vind)'. I eldre finsk kunne ikkje ord byrje med meir enn éin konsonant, og lånord blei tilpassa dette systemet, jamfør peli 'spel', röijy 'trøye', kaappi 'skap' og tuoli 'stol', som alle er lånte frå nordisk. I dag blir ord lånte inn med konsonantgruppe fremst, som professori 'professor', stressi 'stress' og Skotlanti 'Skottland'.