Fønikisk
Fønikisk var språket til eit kanaaneisk handelsfolk som budde i ei lang rekkje bystatar i Middelhavsområdet i oldtida.
Ordhistorie
Eit fønikisk ord som har overlevd fram til våre dagar, er 𐤂𐤃𐤓 ‹gdr› gādīr 'bymur'.
Kring år 1104 f.Kr. grunnla fønikarar frå Tyros ein hamneby i Sørvest-Spania med namnet 𐤂𐤃𐤓 ‹gdr› gādīr. Namnet gjekk inn i gresk som Γάδειρα Gádeira, og seinare inn i latin som Cādēs. I dag heiter byen Cádiz.
Fleire stader i Det gamle testamentet kan vi lese om Gedera og Gederot, truleg ein og same kanaaneiske by. Det same kanaaneiske ordet ligg til grunn.
Den marokkanske byen Agadir har eit namn som på berberspråket tasjlhit tyder 'bymur'. Ordet er truleg eit lån frå fønikisk, men sidan vi veit lite om byen før på 1100-talet e.Kr., finst det ikkje grunnlag for å rekne han som opphavleg fønikisk.
Språkfamilie
Fønikisk høyrer til den nordvestlege greina av semittisk, som er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien, der dei andre greinene er egyptisk (utdøydd), amazighisk (berbersk), tsjadisk, kusjittisk (kanskje fleire greiner) og omotisk (omstridd). Her er hovudgreinene i den semittiske språkgreina:
1 Austsemittisk | ||||
2 Vestsemittisk | ||||
2.1 Sentralsemittisk | ||||
2.1.1 Arabisk | ||||
2.1.2 Nordvestsemittisk | ||||
2.1.2.1 Ugarittisk | ||||
2.1.2.2 Kanaaneisk | ||||
2.1.2.2.1 Fønikisk | ||||
2.1.2.2.2 Hebraisk | ||||
2.1.2.2.3 Moabittisk | ||||
2.1.2.2.4 Ammonittisk | ||||
2.1.2.2.5 Edomittisk | ||||
2.1.2.3 Arameisk | ||||
2.2 Sørsemittisk |
Fønikisk er ein dialekt av kanaaneisk, i tillegg til hebraisk og dei transjordanske dialektane moabittisk, ammonittisk og edomittisk. Skilnadene mellom desse dialektane ser ut til å ha vore små jamført med til dømes norske dialektskilnader.
Språkhistorie
Fønikisk var i bruk som skriftspråk i over 1500 år og er kjent i innskrifter frå 1200 f.Kr. til 350–400 e.Kr., den eldste på Sardinia.
Kring 1200 f.Kr. byrja folk frå Tyros og Sidon handelsverksemd over store delar av Middelhavet. Dei oppretta mange koloniar, frå Libya til Marokko og frå Sicilia og Sardinia til Spania. Tidleg på 900-talet f.Kr. blei dialekten i Tyros og Sidon – kalla klassisk fønikisk – prestisjespråket langs Kanaan-kysten.
På 800–700-talet f.Kr. var fønikisk «lingua franca» i Midtausten. Her blei fønikisk fortrengt av arameisk på 600-talet f.Kr., men i koloniane var fønikisk eit viktig språk lenge etter dette. Vi kallar fønikisken i koloniane punisk.
Då Kartago vaks fram tidleg på 400-talet f.Kr., fekk punisk ein status som kan jamførast med latin og gresk. Gresk litteratur blei sett om til punisk i den hellenistiske perioden (323–31 f.Kr.), og det fanst ein eigen punisk litteratur, som har gått tapt.
Romarane øydela Kartago i 146 f.Kr. og bygde ein ny by på same staden. Fønikisk var morsmålet til dei fleste som budde i den romerske provinsen Āfrica og fleire andre stader i det vestlege Middelhavet, og dialekten i dette området blir kalla nypunisk. Āfrica (som seinare gav namnet til heile kontinentet) blei oppretta i 146 f.Kr. og omfatta den nordafrikanske kysten frå Sidrabukta gjennom Tunisia til Nordvest-Algerie.
Nypunisk var morsmålet til den romerske keisaren Septimus Sevērus (styrte i 193–211 e.Kr.), som snakka både latin og gresk med punisk aksent. Dette språket gjekk seinast av bruk etter den arabiske og muslimske erobringa av Nord-Afrika på 600-talet e.Kr.
Fønikisk blei skrive med det fønikiske alfabetet fram til slutten av romartida, då det latinske alfabet overtok. Det fønikiske alfabetet hadde 22 bokstavar for konsonantar og ingen for vokalar. Skriftretninga var frå høgre mot venstre.
Tidleg på 900-talet f.Kr. lånte grekarane det fønikiske alfabetet og tilpassa det til gresk.
Det er blitt funne store mengder puniske innskrifter i latinsk skrift frå det romerske Tripolitānia (noverande Vest-Libya) frå tidsrommet 100–500 e.Kr. Dei er viktige for utforskinga av fønikisk og punisk, sidan vokalane er noterte.
Språksystem
Som i andre kanaaneiske dialektar og i dei fleste semittiske språk er vanleg leddstilling i fønikisk verb (V) + subjekt (S) + objekt (O) – det er med andre ord eit såkalla VSO-språk. Her er eit døme:
𐤅𐤁𐤓𐤊𐤁𐤏𐤋𐤊𐤓𐤍𐤕𐤓𐤉𐤔𐤀𐤉𐤕𐤀𐤆𐤕𐤅𐤃𐤁𐤇𐤉𐤌𐤅𐤁𐤔𐤋𐤌𐤅𐤁𐤏𐤆𐤀𐤃𐤓𐤏𐤋𐤊𐤋𐤌𐤋𐤊
‹wbrk bʕl krntrjɬ ʔjt ʔztwd bħjm wbɬlm wbʕz ʔdr ʕl kl mlk›
VERB | SUBJEKT | OBJEKT | ADVERBIAL |
‹wbrk› | ‹bʕl krntrjɬ› | ‹ʔjt ʔztwd› | ‹bħjm wbɬlm wbʕz ʔdr ʕl kl mlk› |
'Måtte Ba'al KRNTRJS velsigne Aztwadda med eit langt liv, med helse og med makt større enn nokon konge'.
‹wbrk bʕl krntrjɬ ʔjt ʔztwd
velsigne: OPTATIV Ba'al KRNTRJS OBJEKT Aztwadda
b-ħjm w-b-ɬlm w-b-ʕz ʔdr ʕl kl mlk›
med-langt.liv og-med-helse og-med-makt større enn nokon konge
Objektmarkøren ‹ʔjt› viser at Aztwadda er objekt. Ein liknande objektmarkør finst i andre kanaaneiske dialektar (hebraisk את ʔet) og i arameisk (klassisk syrisk ܝܵܬܼ jot).
I ein substantivfrase står adjektivet etter substantivet, som i 𐤒𐤓𐤕𐤄𐤃𐤔𐤕 ‹k'rt hdɬt› k'art ḥadast 'ny by', det fønikiske namnet på Kartago.
Fønikiske substantiv blei bøygde i status (absolutt og konstrukt), numerus (singularis, dualis, pluralis) og binding/form (ubunden, bunden).
Her er nokre bøyingsformer av substantivet 𐤁𐤕 ‹bt› bēt 'hus', 'tempel':
ABSOLUTT | EINTAL | UBUNDEN | 𐤁𐤕 ‹bt› bēt | '(eit) hus' |
ABSOLUTT | EINTAL | BUNDEN | 𐤄𐤁𐤕 ‹hbt› habbēt | 'huset' |
KONSTRUKT | EINTAL |
| 𐤁𐤕 ‹bt› bēt | 'huset til' |
ABSOLUTT | FLEIRTAL | UBUNDEN | 𐤁𐤕𐤌 ‹btm› bāttīm | 'hus' |
ABSOLUTT | FLEIRTAL | BUNDEN | 𐤄𐤁𐤕𐤌 ‹hbtm› habbāttīm | 'husa' |
KONSTRUKT | FLEIRTAL |
| 𐤁𐤕 ‹bt› battē | 'husa til' |
Konstrukt blei nytta som overledd i eigedomskonstruksjonar, jamfør 𐤁𐤕𐤀𐤋𐤍𐤌 ‹bt ʔlnm› battē ʔallōnīm 'husa/templa til gudane'.
Uttale
Konsonantar
I stadiet før klassisk fønikisk fanst dei 22 konsonantane i tabell 1, her attgitt i fønikisk skrift og i IPA-transkripsjon med den mest sannsynlege uttalen.
Tabell 1. Dei 22 konsonantfonema i førklassisk fønikisk
𐤐 p | 𐤕 t | 𐤊 k |
| 𐤀 ʔ |
| 𐤈 t' | 𐤒 k' |
|
|
𐤁 b | 𐤃 d | 𐤂 g |
|
|
| 𐤎 s 𐤔 ɬ | | 𐤇 ħ | 𐤄 h |
| 𐤑 s' |
|
|
|
| 𐤆 z |
| 𐤏 ʕ |
|
𐤌 m | 𐤍 n |
|
|
|
| 𐤓 r |
|
|
|
𐤅 w | 𐤋 l | 𐤉 j |
|
|
I klassisk fønikisk fall 𐤎 s og 𐤔 ɬ saman i s, men skriftspråket skilde dei to bokstavane på eit etymologisk grunnlag. Vi skil mellom dei i translitterasjonen i denne artikkelen, som ‹s› og ‹ɬ›.
Konsonantane t' k' s' – transkriberte ṭ q ṣ i semittisk språkvitskap – var mest sannsynleg ejektivar, og s' var truleg ein affrikat, [ʦ'].
Nypunisk uttale
I nypunisk, til dels skrive med det latinske alfabetet, hadde det skjedd ein del endringar i uttalen:
𐤐 ‹p› blei uttalt [f]
𐤁 ‹b› hadde allofonen [v] framfor ein annan konsonant
𐤊 ‹k› og 𐤕 ‹t› ser ut til å ha fått allofonane [x] og [θ] i visse posisjonar
𐤆 ‹z› blei uttalt som affrikaten [ʣ]
𐤇 ‹ħ› blei ikkje lenger uttalt
𐤑 ‹s'› blei til [s] i sein nypunisk
Vokalar
Sidan det fønikiske alfabetet ikkje hadde bokstavar for vokalar, er kunnskapen vår om vokalsystemet i eldre språkstadium, før dei byrja å bruke det latinske alfabetet, noko mangelfull. Klassisk fønikisk ser ut til å ha hatt dei tre korte og fem lange vokalane i tabell 2.
Tabell 2. Dei 8 vokalfonema i førklassisk fønikisk
i |
| u | ī |
| ū |
|
|
| ē |
| ō |
| a |
|
| ā |
|
Litteratur
Johannes Friedrich og Wolfgang Röllig: Phönizisch-punische Grammatik. 3. Auflage, neu bearbeitet von Maria Giulia Amadasi Guzzo unter Mitarbeit von Werner R. Mayer. Roma 1999
Maria Giulia Amadasi Guzzo og Gary A. Rendsburg: «Phoenician/Punic and Hebrew», i Geoffrey Khan (red.): Encyclopedia of Hebrew Language and Linguistics. Leiden 2013
Charles R. Krahmalkov: A Phoenician-Punic Grammar. Leiden, Boston, Köln 2001
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006
Sist oppdatert: 08.01.2021