Hopp til innhold
X
Innhald

Frankoprovensalsk

Konsonantgruppa pl kan uttalast på minst fem måtar i ulike frankoprovensalske dialektar.

Ordhistorie

Det latinske ordet plēnum ‘full’ har i frankoprovensalsk fått den ortografiske forma plen, men uttalen varierer sterkt mellom dialektane. Vi finn mellom anna [plĩ], [pʎĩ], [pjĩ], [pθɛ̃] og [pfɛ̃] – og slik varierer uttalen i alle ord som begynner med pl. På same måten varierer uttalen av bl mellom [bl], [bʎ], [bj], [bð] og [bv], til dømes i ordet blât ‘kveite’. Orda kan jamførast med fransk plein ‘full’ og blé ‘kveite’. Frankoprovensalsk blât og fransk blé kan vere eit lånord frå det germanske språket gamalfrankisk og svare etymologisk til urgermansk *bladan og norsk blad.

Språkfamilie

Frankoprovensalsk er eit romansk språk. Dei romanske språka, som høyrer til den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, har tre hovudgreiner: austromansk, italo-vestromansk og sørromansk. Italo-vestromansk deler vi vidare i italo-dalmatisk og vestromansk. Frankoprovensalsk høyrer til ei galloromansk grein av vestromansk og er nærmast i slekt med fransk.

Språkhistorie

I år 43 f.Kr. grunnla romarane byen Lugdunum, som i dag heiter Lyon på fransk og Liyon på frankoprovensalsk. Lugdunum blei hovudstaden i Gallia, ein del av Romarriket, med i hovudsak keltisk busetnad. Etter kvart blei latin talemålet i Gallia, og i området der vi mellom anna finn byane Saint-Étienne, Lyon, Genève, Lausanne, Neuchâtel og Grenoble, utvikla latinen seg til frankoprovensalsk. Det var ikkje før i 1873 at frankoprovensalsk blei identifisert som eit eige språk, takk vere den italienske språkforskaren Graziadio-Isaïa Ascoli (1829–1907).

Sidan det frankoprovensalske språkområdet er delt mellom tre land, har det ikkje oppstått noko einskapleg skriftspråk, men språkforskaren Dominique Stich presenterte i boka Parlons francoprovençal. Une langue méconnue frå 1998 eit framlegg til ei overdialektal frankoprovensalsk rettskriving. Som Dominique Stich skriv, treng språket ei rettskriving som er morfologisk, arkaiserande og etymologisk, på grunn av dei store dialektskilnadene. Dette inneber i hovudsak at Stich har laga ei rettskriving etter dei same prinsippa som Ivar Aasen valde for landsmålet.

Dei eldste kjende tekstane på frankoprovensalsk blei skrivne av karteusarnonna Marguerite d'Oingt, som truleg blei fødd i 1240, og som døydde i 1310. Tekstane er Li Via seiti Biatrix, virgina de Ornaciu ‘Livet til den heilage Béatrix frå Ornacieux’ og Speculum ‘Spegelen’.

Språksystem

Frankoprovensalsk liknar dei romanske grannespråka. Her er ei setning på frankoprovensalsk og fransk med ord-for-ord-omsetjing (OFO):

Frankoprovensalsk: Ye vouè vos parlar u jorn d’houè na langoua que vos ne cognesséd pas.

Fransk: Je vais vous parler aujourd’hui une langue que vous ne connaissez pas.

Ord-for-ord-omsetjing: ‘eg skal dykk snakke i dag eit språk som de ikkje kjenner ikkje’

Norsk: ‘Eg skal i dag snakke til dykk på eit språk som de ikkje kjenner.’

Namnet frankoprovensalsk fortel nettopp at språket ligg mellom fransk og provensalsk (ein dialekt av oksitansk). Her er nokre ord i latinsk, italiensk, oksitansk, frankoprovensalsk og fransk form:

latin

italiensk

oksitansk

frankoprovensalsk

fransk

norsk

mātrem

madre

maire

mâre

mère

‘mor’

gūstum

gusto

gost

gôt

goût

‘smak’

amīcam

amica

amiga

amia

amie

‘veninne’

Uttale

Språkforskaren Dominique Stich presenterte i boka Parlons francoprovençal. Une langue méconnue (1998) eit framlegg til ei overdialektal frankoprovensalsk rettskriving og overdialektale «suprafonem», jamfør tabellane nedanfor. Ortografien står i kursiv og suprafonema er i hovudsak IPA-symbol i halvfeit skrift. Nokre vanlege lokale uttalemåtar av suprafonema er lagde til mellom vinkelparentesar når den dialektale variasjonen er større enn ein kan lese ut av IPA-symbola.

Konsonantar

p p

t t

ch c [ts, st, θ]

c, qu k

b b

d d

j, g ɟ [dz, zd, ð]

g, gu ɡ

f f

s, ss, c s

ch. ʃ

v v

z, s z

j., g. ʒ

m m

n n

ny ɲ

w ou

l l

ly ʎ

y juɥ

r r [ɾ, ð]

rr rr [r, ʁ]

Suprafonema k, ɡ, ɟ og ʒ blir skrivne høvesvis qu, gu, g, g. framfor i og e, og som c, g, j, j. i andre samanhengar. Merk skrivemåtane ch., j. og g., der bokstavane har eit punktum etter seg, som i ch.ocolât ‘sjokolade’. Som på fransk skriv ein mange konsonantar som ikkje blir uttalte, særleg sist i ord, som i ch.ocolât [ʃokolɑː] eller Mont Blanc [mõ blɑ̃] – det høgaste fjellet i Sentral-Europa, som ligg i Arpitania.

Vokalar

i i

u y

ou u

î

in ĩ

é e

e ǝ

o o [o ɔ ø]

ê ɛː [ɛː ɛi ai]

ô [oː uː]

en ɛ̃

on õ [õ ũ]

è ɛ

a a

â ɑː [ɑː ɔː]

an ɑ̃

Trykket ligg på ei av dei to siste stavingane i ordet og kan fastsetjast på historisk grunnlag ut frå latin.

Litteratur om frankoprovensalsk

Dominique Stich: Parlons francoprovençal. Une langue méconnue. L'Harmattan, Paris 1998

Tilrådd litteratur om språk i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 04.01.2018