Hopp til innhold
X
Innhald

Fransk

Byrå, sjåfør, møbel, nivå og poeng er franske lånord. 

Ordhistorie
Først og fremst på 1700-talet, men òg til ein viss grad på 1600- og 1800-talet, var fransk det viktigaste internasjonale språket i Europa, og i mange land nytta kongehuset og adelen fransk som daglegspråk. I dette tidsromet kom det mange franske ord inn i dei fleste språk i Europa, og norsk har store mengder: ambassade, byrå, celeber, dessert, emalje, føljetong, grateng, habitt, interiør, journalist, kalori, losje, møbel, nivå, ordre, poeng, rang, sjåfør, trikot, utrert (outrert), valør. Orda kjem av fransk ambassade, bureau, célèbre, dessert, émaille, feuilleton, gratin, habit, intérieur, journaliste, calorie, loge, meuble, niveau, ordre, point, rang, chauffeur, tricot, outré, valeur.
 
Paris. Foto: Sebastian Yepes, flickr.com CC BY 2 0.
Paris. Foto: Sebastian Yepes, flickr.com CC BY 2 0.
 
Språkfamilie
Fransk er eit romansk språk. Dei romanske språka høyrer til den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.
 
Høyr Edit Piaf synge Non, je ne regrette rien

 
 
Språkhistorie
Det er vanleg å dele fransk språkhistorie i fire delar:
 
1    gamalfransk (900–1200), då språket først heitte romance 'romansk' og seinare franceis 'fransk' – opphavleg namnet på dei germanske frankarane som invaderte Gallia på 200–400-talet
2    mellomfransk (1300–1500), då språket heitte franceis og françois
3    klassisk fransk (1500–1700), då språket heitte françois og françoys. Det franske akademiet (l'Académie française), skipa i 1635, byrja arbeidet med å standardisere dette skriftspråket, og i 1694 kom første utgåva av Dictionnaire de l'Académie française 'Ordboka til Det franske akademiet'.
4    Moderne fransk, sidan 1700-talet
 
Språksystem
Substantiv i eintal og fleirtal blir oftast uttalte likt: mouton [mutɔ̃] og moutons [mutɔ̃], og fransk får fram skiljet mellom eintal og fleirtal med grammatiske småord framfor substantivet: un mouton [ɛ̃mutɔ̃] 'ein sau', des moutons [demutɔ̃] 'sauer', le mouton [ləmutɔ̃] 'sauen' og les moutons [lemutɔ̃] 'sauene'.
 
Verba har òg ofte grammatiske småord framfor seg. [ilnəmlapadi] – eller [imlapadi] på français populaire 'folkeleg fransk' – tyder 'han sa det ikkje til meg', og blir skrive il ne me l'a pas dit.
 
Uttale
Her er alle dei franske vokalane, i fonetisk transkripsjon:
 
 
i
y
u
 
 
 
 
 
 
e
ø
o
 
 
 
 
 
 
ɛ
œ
ɔ
 
ɛ̃
(œ)
ɔ̃
 
 
 
a
 
 
 
ã
 
 
 
Eit karakteristisk drag ved fransk uttale er dei nasalerte vokalane, som i un menton [ɛ̃mãtɔ̃] (eldre uttale: [œ̃mãtɔ̃]) 'ei hake'. Fransk rettskriving skil seg sterkt frå uttalen, slik at til dømes alle dei åtte orda sein, seins, seing, seings, sain, sains, saints, saints blir uttalte [sɛ̃] og au, aux, eau, eaux, haut, hauts alle blir uttalte [o].
 
Fransk har desse konsonantane, i fonetisk transkripsjon:
 
 
 
p
t
 
k
 
 
 
 
 
b
d
 
g
 
 
 
 
 
f
s
ʃ
 
 
 
 
 
 
v
z
ʒ
 
 
 
 
 
 
m
n
ɲ
(ŋ)
 
 
 
 
 
w
l
j ɥ
 
ʁ
 
 
 
ŋ finst berre i lånord, særleg frå engelsk, som camping [kãpiŋ] 'camping'.


Sist oppdatert: 18.12.2017