Faktaboks

fulfulde

fula, fulani, pular, pulaar

Språkkodar
ff, ful (FF, FUL)
ISO-639:3
ful
Fulfulde. Omtrentleg utbreiing.

Fulfulde er eit språk i niger-kongo-famiilien og blir snakka av over 16 millionar menneske, særleg i Sahel, savannebeltet som strekkjer seg sør for Sahara frå Atlanterhavet til Raudehavet.

Fulfulde. Omtrentleg utbreiing.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Fulfulde er eit språk i niger-kongo-famiilien og blir snakka av over 35 millionar menneske, særleg i Sahel, savannebeltet som strekkjer seg sør for Sahara frå Atlanterhavet til Raudehavet. Fulfulde har den største geografiske utbreiinga av alle afrikanske språk sønnanfor Sahara. Berre tre språk i Afrika — arabisk, hausa og joruba — har fleire talarar enn fulfulde.

I Nigeria er det nærmare 17 millionar som snakkar fulfulde som førstespråk, i Guinea nesten 5 millionar, i Senegal nesten 5,5 millionar, i Mali over 1,5 million, i Kamerun 2,5 million og i Niger noko over 2 millionar. I Kamerun finst det i tillegg over 2,5 millionar menneske med fulfulde som andrespråk. Store grupper fulfuldetalande finst òg i Mauritania, Gambia, Guinea-Bissau, Sierra Leone, Burkina Faso, Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin, Tsjad, Den sentralafrikanske republikken og Sudan.

Fulfulde er eitt av fleire offisielle språk eller nasjonalspråk i Senegal, Guinea, Mali, Niger og Nigeria. Det er eit viktig handelsspråk (lingua franca) i mellom anna Guinea, Mali, Kamerun og Tsjad. I Kamerun er det fleire andrespråks- enn førstespråkstalarar.

Språket heiter fulfulde (frå Mali og austover), pulaar (frå Mali og vestover) og pular (i Guinea). Ein person som høyrer til den etniske gruppa, heiter pullo, med fleirtalsforma fulɓe. På andre språk er både språket og folket mellom anna kjende under namn som fulani og peul.

Språket blir òg talt av folk i Mauritania, Senegal, Gambia og Mali som kallar seg haalpulaar'en 'dei som talar pulaar'.

Språkfamilie

Fulfulde tilhøyrer språkfamilien niger-kongo, som har mange greiner. Éi av dei heiter atlantisk, som har tre undergrupper: sørleg, nordleg og bijago. Den nordlege undergruppa har igjen fem greiner, og fulfulde tilhøyrer den senegambiske greina i lag med serer og wolof.

Språkhistorie

For om lag 1000 år sidan blei fulfulde tala i Senegambia og Vest-Mali, men sidan den gongen har fulfuldetalande folk spreidd seg over heile Sahel. Dei har tradisjonelt levd som kvegnomadar, som stadig har vore på leiting etter nye beitemarker.

Islam er den dominerande religionen, og difor finst det fulfuldetalande dei fleste stader på vegen mot Mekka. For mange hundre år sidan tok dei til å skrive språket sitt med det arabiske alfabetet, men sidan slutten av 1800-talet har også det latinske alfabetet blitt teke i bruk, på grunn av europeisk kolonisering og misjon.

Fulfulde varierer ein god del geografisk, og ein må kanskje snakke om opp imot åtte ulike fulfulde-språk.

Språksystem

Fulfulde er truleg det språket i verda som har flest grammatiske kjønn – eller genus.

Norsk har tre genus – hankjønn (ein hest), hokjønn (ei ku) og inkjekjønn (eit dyr) – mens fulfulde har kring tjue, med litt variasjon mellom dialektene. Når me på norsk må velje mellom pronomena han, ho og det, må ein på fulfulde i til dømes Kamerun velje mellom o, nde, ndi, ndu, nga, nge, ngo, ngu, ngal, ngel, ngol, ngum, ka, ki, ko, kal, kol, ɗam og ɗum. På fulfulde har ikkje naturleg kjønn (sexus) noko å seie for genus-systemet, og pronomenet o blir nytta om menneske av begge kjønn.

På fulfulde skjer bøying og avleiing med suffiks (etterfeste), men i tillegg endrar konsonanten fyrst i ordet seg. Orda debbo ‘kvinne’ og gorko ‘mann’ heiter høvesvis rewɓe og worɓe i fleirtal.

Dette oversynet viser nokre få av bøyingsformene til adjektivet ranee- 'kvit' når det står etter substantiv av ulike genus og tal (adjektivet står etter substantivet i ein nomenfrase):

  • debbo daneejo 'kvit kvinne'
  • rewɓe raneeɓe 'kvite kvinner'
  • yeeraande raneere 'kvitt egg'
  • geeraaɗe daneeje 'kvite egg'
  • puccu ndaneewu 'kvit hest'
  • pucci daneeji 'kvite hestar'

Uttale

Fulfulde har dei korte vokalane i e a o u og dei lange ii ee aa oo uu. I tillegg til velkjende konsonantar har fulfulde også ɓ ɗ, som blir uttala som b d y, men med knirkestemme, som i ɓiɗɗo ‘unge, barn’. Konsonanten ƴ blir uttala som ein j [ʤ] med knirkestemme i vestlege dialektar og som y [j] med knirkestemme i austlege dialekter, som i ƴiiƴam 'blod'.

Dei prenasale konsonantane mb nd nj ng [mb nd ndʒ ŋg] er einskildlydar i fulfulde, så sjølv om ord på fulfulde alltid byrjar med berre éin konsonant, kan dei likevel byrje med mb nd nj ng, som i mbeewa ‘geit’ og ngaari ‘okse’. C j y blir uttala [tʃ dʒ j].

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg