Hopp til innhold
X
Innhald

Haitisk

Haitisk nèg tyder 'mann', men ordet har same opphav som norsk neger.

Ordhistorie
Det ser ikkje ut til at norsk har lånt nokon haitiske ord, men ordet nèg, som kjem av fransk nègre 'neger', fortener omtale. Vårt ord neger kjem via tysk frå det same franske ordet, som igjen er lånt frå spansk eller portugisisk negro 'svart'. Fransk nègre, tysk Neger og norsk neger har negative sidetydingar og blir oppfatta som nedsetjande. Det haitiske ordet nèg, derimot, er det vanlege haitiske ordet for 'mann'. Det haitiske ordet blan, som kjem av fransk blanc 'kvit', tyder rett og slett 'utlending', utan omsyn til hudfarge.
Språkfamilie
Haitisk er eit kreolspråk der ordtilfanget i første rekkje kjem frå fransk, med mindre innslag av ord frå afrikanske språk, kastiljansk, engelsk og taíno, det prekolumbianske urfolkspråket på Haiti og andre karibiske øyar.
Språkhistorie
På 1600-talet var dei delane av øya Hispaniola som no utgjer staten Haiti, tilhaldsstad for franske sjørøvarar. Dei henta seg etter kvart koner frå Frankrike, slo seg til ro, tok til med plantasjedrift og importerte slavar frå Afrika. I 1697 blei området til den fransken kolonien St. Domingue. Det franskbaserte kreolspråket som utvikla seg i St. Domingue, har visse grammatiske drag sams med det engelskbaserte jamaikansk kreol.
St. Domingue blei sjølvstendig i 1804 under namnet Haïti, det gamle taíno-namnet på Hispaniola. Fransk var einaste offisielle språk fram til byrjinga av 1960-åra, då haitisk fekk status som nasjonalspråk. Grunnlova av 1987 gav haitisk status som offisielt språk i tillegg til fransk.
I 1940-åra blei det sett i gang arbeid med å lage ei rettskriving for haitisk. I 1980 kunne utdanningsdepartementet endeleg vedta ei offisiell rettskriving.
Språksystem
Ein stor del av ordtilfanget kjem frå fransk, så ved første augnekast liknar haitisk sterkt på fransk, men språka er ikkje innbyrdes forståelege, og grammatikken er svært ulik. Det haitiske verbet er ubøyeleg, og skilnader i tempus og aspekt blir uttrykte ved hjelp av partiklar framfor verbet. Har ikkje verbet partikkel framfor seg, er tydinga 'preteritum perfektiv' (avslutta handling i fortid). Her er nokre døme:
Li gade televizyon.                'Ho/han såg på fjernsyn.'
Li ap gade televizyon.           'Ho/han held på og ser på fjernsyn.'
Li te gade televizyon.            'Ho/han har sett på fjernsyn.'
Li pral gade televizyon.        'Ho/han skal sjå på fjernsyn.'
Uttale
Haitisk har sju orale vokalar, i [i], e [e], è [ɛ], a [a], ò [ɔ], o [o], ou [u], og fire nasale vokalar, en [ɛ̃], an [ã], on [õ], oun [ũ] – jamfør zaboka [zaboka] 'avokado' og oungan [ũɡã] 'voodoo-prest'.
Her er konsonantsystemet, ortografisk og med lydskrift:
p [p]
t [t]
tch [tʃ]
k [k]
b [b]
d [d]
dj [dʒ]
g [ɡ]
m [m]
n [n]
 
ng [ŋ]
f [f]
s [s]
ch [ʃ]
 
v [v]
z [z]
j [ʒ]
w [w]
l [l]
y [j]
r [ʁ] 
Setninga mwen manje pen ak zaboka 'eg åt brød med avokado' blir uttalt [mwɛ̃ mãʒe pɛ̃ ak zaboka]. Haitisk ortografi skil seg sterkt frå den franske, med ein bokstav eller bokstavkombinasjon for kvart fonem og ingen «stumme» bokstavar.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 02.11.2011
Sist oppdatert: 02.11.2011