Hopp til innhold
X
Innhald

Hausa

På hausa er det så innfløkte reglar for å bøye substantiv i fleirtal at ein stort sett må lære seg både eintals- og fleirtalsforma utanåt.
Ordhistorie
Det ser ikkje ut til at norsk har lånt nokon ord frå hausa, om vi ikkje tek med «sjargongen» til norske misjonærar i Kamerun, der ein nyttar hausa-interjeksjonane kâi og tòo. Kâi uttrykkjer at ein er overraska eller litt usamd, som norsk oi eller jøss. Tòo uttrykkjer at ein er samd, eller at ein forstår, som norsk ok eller ja vel. Orda har kome inn i misjonærnorsken via eit anna språk, fulfulde.
 
Språkfamilie
Hausa høyrer til språkgruppa tsjadisk, som er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Dei andre greinene av den afroasiatiske språkfamilien er semittisk, berbisk, kusjittisk, omotisk og det utdøydde gamalegyptisk. Hausa er med andre ord ein fjern slektning av dei semittiske språka arabisk og hebraisk og det kusjittiske språket somalisk.
 
Språkhistorie
Hausa blir skrive med to alfabet, àjàmi eller det arabiske alfabetet og bookòo eller det latinske alfabetet. Àjàmi kom gjennom den islamske påverknaden tidleg på 1800-talet og bookòo gjennom kristne misjonærar frå Europa tidleg på 1900-talet. Àjàmi er i dag særleg nytta av folk med tradisjonell koranskuleutdanning og av folk som er opptekne av tradisjonar.
 
Den første og største hausaspråklege avisa, Gaskiya Ta Fi Kwabo (Gaskiyaa Taa Fi Kwabòo 'sanninga er meir verdt enn pengar'), som blei grunnlagd i 1939, kjem ut tre gonger i veka.
 
Språksystem
Hausa har eit svært komplisert system for å bøye substantiv i fleirtal, og det kan gjerast på mange måtar – her er nokre av dei:
 
EINTAL
FLEIRTAL
TYDING
EINTAL
FLEIRTAL
TYDING
hanyàa
hanyooyii
'veg'
àbookii
àbòokai
'ven'
kèekee
keekunàa
'sykkel'
goonaa
gòonàkii
'gard'
suunaa
suunàayee
'namn'
tunkìyaa
tumaakii
'sau'
 
Systemet er så komplisert at ein som ein hovudregel må lære seg både eintal og fleirtal utanåt.
 
Uttale
Hausa blir skrive med det latinske alfabetet. Språket har desse vokalane:
 
 
 
 
i ii
 
u uu
 
 
 
 
 
 
e ee
 
o oo
 
 
 
 
 
 
 
a aa
 
 
 
 
 
Hausa skil mellom korte og lange vokalar, som i tàfi (med korte vokalar) 'dra av stad' og tàafii (med lange vokalar) 'handflate'.
 
Her er konsonantane, i ortografisk form:
 
 
 
t
c
k
kw
ky
 
 
b
 
d
j
g
gw
gy
 
 
ɓ
 
ɗ
ts
ƙ
ƙw
ƙy
'
 
f
fy
s
sh
 
 
 
h
 
 
 
z
 
 
 
 
 
 
m
 
n
 
 
 
 
 
 
 
 
r
 
 
 
 
 
 
w
 
l
y ƴ
 
 
 
 
 
 
Bokstavane ɓ og ɗ står for [b] og [d], uttalte med knirkande stemmeband, ƙ er ein ejektiv [k] og ts ein ejektiv [s]. Y blir uttalt [j], og ƴ er ein [j] med knirkande stemmeband. Legg òg merke til c [tʃ], j [dʒ], f [ɸ], ' [ʔ], sh [ʃ], [r] og r [ɽ].
 
Hausa er eit tonespråk, med ein låg tone, ein høg tone og ein fallande tone. I setninga mùtûm nee 'det er ein mann' har stavinga låg tone, markert med `, medan tûm har ein fallande tone, markert med ˆ. Ordet nee har ein høg tone, og det er ikkje markert med noko særskilt teikn.


Sist oppdatert: 01.07.2009