Hopp til innhold
X
Innhald

Hebraisk

Nyhebraisk er det offisielle språket i Israel og er minoritetsspråk i Palestina. Det meste av Det gamle testamentet er skrive på hebraisk. Norsk har lånt mange personnamn frå hebraisk, mellom anna Mikael og Sara.

Ordhistorie

Trass i den sentrale plassen hebraisk har i Europa og Noreg gjennom jødedomen og kristendomen, har vi ikkje lånt mange ord frå dette språket. Dei aller fleste er nær knytte til religion: amen (NM אָמֵן ʔåmen 'det står fast'), halleluja (MH הַלְלוּ־יָהּ halǝlu-jåh 'lovpris Jah'), Messias (MH מָשִׁיחַmåšiħ 'salva'), rabbi (MH רַבִּי rabbi 'meisteren min'), sabbat (MH שַׁבָּת šabbåt 'kviledag') og sjibbolet (MH שִׁבֹּלֶת šibbolet 'bekk'). Eit av svært få meir kvardagslege lånord er sjofel (שָׁפָל MH šåpål 'låg', 'audmjuka').

Sidan vi i denne artikkelen siterer både mellomhebraiske og nyhebraiske former, står det høvesvis MH og NH framfor formene, dersom det ikkje går fram av samanhengen kva for eit språkstadium det gjeld.

Men vi har lånt svært mange personnamn. Tabell 1 viser nokre gamaltestamentlege jente- og gutenamn i norsk og mellomhebraisk form. Alle desse mellomhebraiske orda har trykket på siste staving.

Tabell 1. Nokre norske personnamn og dei hebraiske formene dei kjem av.

Abraham

ʔabråhåm

אַבְרָהָם

Jeremias

jirmjåhu

יִרְמְיָהוּ

Ada

ʕådå

עָדָ

Joakim

jhojåk'im

יְהוֹיָקִים

Adam

ʔådåm

אָדָם

Jonas

jonå

יוֹנָה

Anna / Hanna

ħannå

חַנָּה

Jonatan

jonåtån

יוֹנָתָן

Aron

ʔahron

אַהֲרֹן

Judit

jhudit

יְהוּדִית

Benjamin

binjåmin

בִּנְיָמִין

Lea

leʔå

לֵאָה

Benoni

bæn-ʔoni

בֶּן־אוֹנִי

Levi

lewi

לֵוִי

Daniel

dånijjel

דָּנִיֵּאל

Mikael

mikåʔel

מִיכָאֵל

Dina

dinå

דִּינָה

Noah

noħ

נֹחַ

Elias

elijjåhu

אֵלִיָּהוּ

Rakel

råħel

רָחֵל

Enok

ħnok

חֲנוֹךְ

Rebekka

ribk'å

רִבְקָה

Ester

ʔæster

אֶסְתֵּר

Ruben

rʔuben

רְאוּבֵן

Eva

ħawwå

חַוָּה

Rut

rut

רוּת

Gabriel

gabriʔel

גַּבְרִיאֵל

Sakarias

zkarjå

זְכַרְיָה

Hulda

ħuldå

חֻלְדָּה

Samuel

šmuʔel

שְׁמוּאֵל

Isak

jis'ħåk'

יִצְחָק

Sara

sårå

שָׂרָה

Jakob

jaʕk'ob

יַעֲקֹב

Sebulon

zbulun

זְבֻלוּן

Språkfamilie

Hebraisk er eit semittisk språk. Dei semittiske språka er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien, der dei andre greinene er egyptisk (utdøydd), berbersk, tsjadisk, kusjittisk (kanskje fleire greiner) og omotisk (omstridt).

Lista nedanfor viser hovudgreinene i den semittiske språkgruppa. Hebraisk er ein dialekt av kanaaneisk, ved sida av fønikisk og dei transjordanske dialektane moabittisk, ammonittisk og edomittisk.

Hovudgreinene i den semittiske språkgruppa:

1 Austsemittisk
2 Vestsemittisk
2.1 Sentralsemittisk
2.1.1 Arabisk
2.1.2 Nordvestsemittisk
2.1.2.1 Ugarittisk
2.1.2.2 Kanaaneisk – med desse hovuddialektane:
2.1.2.2.1 Fønikisk
2.1.2.2.2 Hebraisk
2.1.2.2.3 Moabittisk
2.1.2.2.4 Ammonittisk
2.1.2.2.5 Edomittisk
2.1.2.3 Arameisk
2.2 Sørsemittisk

Kanaaneisk har namnet sitt etter det geografiske namnet Kanaan, som på bibelhebraisk heiter כְנַ֫עַן MH Knaʕn. Kanaan er stort sett det same som den sørlege halvparten av Levanten.

Det språket som seinare fekk namnet hebraisk, עִבְרִית MH ʕibrit, NH ʔivrit, blir i Det gamle testamentet kalla Kanaans språk, כְּנַ֫עַן שְׂפַת MH spat knaʕn, eller jødisk, יְהוּדִית MH jhudit. Bruken av ordet hebraisk om dette språket er først kjend – i den greske forma ἑβραϊστί hebraïstí 'på hebraisk' – i det apokryfe skriftet Siraks bok frå kring 130 f.Kr. og i Det nye testamentet, Johannes' openberring 9,11: «Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon, og på gresk Apollyon.»

Språkhistorie

Uttalen av det hebraiske språket har endra seg sterkt gjennom dei 3000 åra vi kjenner det frå skriftlege kjelder. Trass i dette har skrivemåten endra seg lite. I denne artikkelen gir vi normalt att mellomhebraisk (MH) uttale frå 800 e.Kr. eller nyhebraisk (NH) uttale frå det moderne Israel. 

Kanaaneisk

Det var eit kanaaneisk dialektkontinuum i Levanten, stort sett fram til byrjinga av vår tidsrekning, med fønikisk som nordkanaaneisk og hebraisk og dei transjordanske dialektane som sørkanaaneisk. Innanfor hebraisk kan ein skilje mellom nordlege dialektar i kongeriket Israel (Samaria) og sørlege dialektar i kongeriket Judea. Dei nordhebraiske dialektane i Israel låg nær fønikisk og dei sørhebraiske nær dei transjordanske dialektane. 

Hebraisk

Hebraisk språkhistorie kan delast i tre hovudbolkar:

I Gamalhebraisk, frå 1200-talet til 500-talet f.Kr.

II Mellomhebraisk, frå 500-talet f.Kr. til 1900-talet e.Kr.

III Nyhebraisk, frå 1900-talet e.Kr.

Gamalhebraisk: Den gamalhebraiske tidbolken tok slutt ved det babylonske fangenskapet (597–539 f.Kr.).

Mellomhebraisk: Frå 539 til 332 f.Kr. var Israel og Judea ein del av Persarriket, der arameisk var administrasjonsspråket. Frå 500-talet blei hebraisk stadig meir påverka av arameisk, og arameisk fortrengde gradvis hebraisk som daglegspråk, og ein reknar med at frå 200-talet e.Kr. var hebraisk berre skriftspråk og liturgisk språk. Som kjent reknar ein med at daglegspråket til Jesus var arameisk. 

Sjølv om hebraisk frå 200-talet og fram til kring 1900 ikkje var daglegspråket eller førstespråket (morsmålet) til nokon, kan ein ikkje kalle det dødt. Kunnskapen om språket har alltid vore stor i jødiske og samaritanske miljø, og mange har vore i stand til å uttrykkje seg skriftleg på hebraisk.

Den jødiske Haskala-rørsla (הַשְׂכָּלָה MH haskålå, NH haskala 'danning', 'opplysning') – som oppstod i Berlin og Königsberg i 1770-åra og spreidde seg til Aust-Europa, der ho var aktiv fram til 1880-åra – arbeidde for jamstilling for jødar i europeiske samfunn og for bruken av skriftleg hebraisk til verdslege formål. I 1856 grunnla Eliezer Lipman Zilberman (1819–1882) den første hebraiskspråklege avisa i verda, Hamagid הַמַּגִּיד (HM ham-maggid, NH ha-magid 'forkynnaren', 'forteljaren'), i byen Lyck i Aust-Preussen (no Ełk i Polen). Avisa eksisterte til 1903.

I 1860 byrja Aleksander Tsederboym (1816–1893) å gi ut den første hebraiskspråklege avisa i Russland, Ha-Melits הַמֵּלִיץ (MH ham-melis', NH ha-melits 'omsetjaren') i Odessa. Frå 1871 til 1903 kom avisa ut i Sankt Petersburg.

Fleire framståande jødiske intellektuelle knytte til Haskala-rørsla byrja å skrive bøker på klassisk bibelhebraisk, mellom anna filosofen Moses Mendelssohn (1729–1786) og den skjønnlitterære forfattaren Mendele Moykher Sforim (1836–1917), som òg skreiv på jiddisk.

Heilt sidan mellomalderen hadde jødar med ulik språkbakgrunn snakka med kvarandre på hebraisk, og språket blei teke i bruk som daglegspråk mellom sionistiske immigrantar til Palestina mellom 1881 og 1914. Det blei òg oppretta hebraiskspråklege skular. Hebraisk blei nasjonalspråket i staten Israel, som blei oppretta i 1948.

Ordtilfanget i hebraisk måtte aukast kraftig for at det skulle kunne fungere i eit moderne samfunn. Dei lånte ein del ord frå andre språk, som pi-si פִּי־סִי og kompjúter קוֹמְפְּיוּטֶר frå engelsk PC og computer, eller ein laga nye avleiingar av gamle røter, som maxšev מַחְשֵׁב 'datamaskin', avleitt frå verbet xišev חִשֵּׁב 'rekne'.

Språket i Det gamle testamentet (den jødiske bibelen)

Bortsett frå mindre delar på arameisk (Esra 4,7; Daniel 2,4; Andre Kongebok 18,26; Jesaja 36,11) er Det gamle testamentet skrive på bibelhebraisk, som vi deler i tre tidbolkar: 

1 Arkaisk bibelhebraisk, frå 1200-talet til 900-talet f.Kr.

2 Klassisk bibelhebraisk, frå 800-talet til 500-talet f.Kr.

3 Sein bibelhebraisk, frå 500-talet til 200-talet f.Kr.

Klassisk og sein bibelhebraisk overlappar med høvesvis første tempelperiode (900-talet til 586 f.Kr.) og andre tempelperiode (516 f.Kr. til 70 e.Kr.). Første Kongebok kap. 6–7 fortel at kong Salomo (mh šlomo שְׁלֹמֹה) bygde eit tempel i Jerusalem, og ifølgje bibelsk kronologi regjerte Salomo på 900-talet. Ifølgje Andre Kongebok kap. 25 øydela den babylonske kongen Nebuknadnesar dette tempelet, etter bibelsk kronologi i 586 f.Kr. Etter det babylonske fangenskapet blei det bygt eit nytt tempel, som stod ferdig i 516 f.Kr. Dette tempelet blei øydelagt av romarane i 70 e.Kr., under den første jødisk-romerske krigen (66–73 e.Kr.).

Arkaisk bibelhebraisk er språket i ein del eldre poetiske avsnitt i Det gamle testamentet, til dømes «Jakobs velsigning» i Første Mosebok kap. 49 og «Havsongen» i Andre Mosebok 15,1–18.

Klassisk bibelhebraisk er språket i Det gamle testamentet frå Mosebøkene til Kongebøkene og nokre profetbøker – som Hosea, Amos, Obadja, Mika og Habakkuk – og Salmane, med unnatak av dei poetiske avsnitta på arkaisk bibelhebraisk.

Klare døme på sein bibelhebraisk finn vi i Ester, Daniel, Esra, Nehemja og Krønikebøkene.

Språksystem

Delar av språksystemet i klassisk bibelhebraisk kjem fram i den første setninga i Første Mosebok: 

'I opphavet skapte Gud

himmelen og jorda.'

בְּרֵאשִׁ֖ית בָּרָ֣א אֱלֹהִ֑ים אֵ֥ת הַשָּׁמַ֖֫יִם וְאֵ֥ת הָאָֽ֫רֶץ

breʔšit båråʔ ʔlohim ʔet haššåmajm wʔet håʔårs'

 

Analyse: b-reʔšit       båråʔ   ʔloh-im   ʔet   haš-šåmaj-m   w-ʔet    hå-ʔårs'

               i-opphavet  skapte  gud-FLT  OBJ   BA-himmel-FLT og-OBJ  BA-jord

Forkortingar: FLT = fleirtal, OBJ = objektmarkør, BA = bunden artikkel

Klassisk bibelhebraisk hadde ein bunden artikkel (BA) og ein objektmarkør (OBJ), som ofte manglar i arkaisk bibelhebraisk. Klassisk bibelhebraisk var eit VSO-språk. Det ser vi av setninga ovanfor ved at både subjektet, ʔlohim 'Gud' og objekta haššåmajm 'himmelen' og håʔårs' 'jorda' følgjer verbet. Framfor verbet kan det òg stå noko, til dømes eit adverbial som breʔšit 'i opphavet'.

Nyhebraisk er derimot eit SVO-språk, som vist i denne setninga:

'Eg hatar kakerlakkar'

אֲנִי שׂוֹנֵא ג׳וּקִם

 

ani sune džukim

Analyse: ani  sune   džuk-im

                eg   hatar  kakerlakk-ar

I ein substantivfrase står substantivet først, som i dette nyhebraiske uttrykket: 

'den vesle ungen'

הַיֶלֶד הַקָטָן

 

ha-jéled ha-katan

Analyse: ha-jéled ha-katan

                BA-unge BA-liten

Uttale og skrift

Konsonantar i gamalhebraisk og mellomhebraisk

Tabell 2 viser det gamalhebraiske konsonantsystemet kring 800 f.Kr. og bokstavane som konsonantane blir skrivne med i hebraisk kvadratskrift. Fem av bokstavane har to variantar. Den til venstre blir nytta i slutten av ord og den til høgre elles.

Tabell 2. Det gamalhebraiske konsonantsystemet kring 800 f.Kr. 

פ ף

p

ת

t

 

 

כ ך

k

 

 

א

ʔ

ב

b

ד

d

 

 

ג

g

 

 

 

 

 

 

ט

t'

 

 

ק

k'

 

 

 

 

 

 

ס

s

ש

š

ח

x

ח

ħ

ה

h

 

 

ז

z

 

 

ע

ɣ

ע

ʕ

 

 

 

 

צ ץ

s'

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ש

ɬ

 

 

 

 

 

 

 

 

מ ם

m

נ ן

n

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ר

r

 

 

 

 

 

 

 

 

ו

w

ל

l

 

 

י

j

 

 

 

 

Fleire konsonantar blir skrivne med den same bokstaven: 

  • ש står for den ustemde laterale frikativen ɬ og den ustemde postalveolare frikativen š (IPA [ ʃ ]).
  • ח står for den ustemde dorsale frikativen x og den ustemde laryngale frikativen ħ.
  • ע for den stemde dorsale frikativen ɣ og den stemde laryngale frikativen ʕ.

Gamalhebraisk og mellomhebraisk skilde mellom lange (doble) og korte (enkle) konsonantar, men dette blei ikkje markert i skrift før ein del diakritiske teikn blei innførte kring 800 e.Kr. Det kjem vi tilbake til.

Det fanst tre ejektive konsonantar, ט t', ק k' og צ s'. I hebraiske grammatikkar blir dei til vanleg transkriberte som , q,

Tabell 3 viser det mellomhebraiske konsonantsystemet kring 200 f.Kr.

Tabell 3. Det mellomhebraiske konsonantsystemet kring 200 f.Kr. 

פ ף

p [p~f]

ת

t [t~θ]

 

 

כ ך

k [k~x]

 

 

א

ʔ

ב

b [b~v]

ד

d [d~ð]

 

 

ג

g [g~ɣ]

 

 

 

 

 

 

ט

t'

 

 

ק

k'

 

 

 

 

 

 

ס ש

s

ש

š

 

 

ח

ħ

ה

h

 

 

ז

z

 

 

 

 

ע

ʕ

 

 

 

 

צ ץ

s'

 

 

 

 

 

 

 

 

מ ם

m

נ ן

n

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ר

r

 

 

 

 

 

 

 

 

ו

w

ל

l

 

 

י

j

 

 

 

 

Det er tre viktige endringar frå 800 til 200 f.Kr.: 

  • Kort tid etter det babylonske fangenskapet på 500-talet f.Kr. blei den ustemde laterale frikativen ɬ til s. Resultatet blei at konsonanten s kunne skrivast som både ש og ס, og at ש stod for både s og š.
  • Mellom 250 og 200 f.Kr. blei velare frikativar til faryngale frikativar, slik at ħ og x fall saman i ħ, medan ʕ og ɣ fall saman i ʕ. Som ein ser av tabellen, var dei velare og dei faryngale frikativane aldri skilde i skrift, men måten hebraiske ord blir skrivne på i Septuaginta (den eldste omsetjinga til gresk av Det gamle testamentet), viser tydeleg at skiljet var der kring 250 f.Kr., då dei første delane blei omsette til gresk, medan det var borte kring 200 f.Kr., då resten blei omsett.
  • Konsonantane פ p, ת t, כ k, ב b, ד d, ג g fekk ei (i hovudsak) allofonisk veksling mellom plosivane [p t k b d g] og frikativane [f θ x v ð ɣ], med frikativar etter vokal og plosivar i andre omgivnader. Dei lange (doble) pp tt kk bb dd gg var alltid plosivar. Det er usikkert kva tid denne endringa skjedde. Dei fleste forskarar meiner at ho skjedde så tidleg som på 400-talet f.Kr., men ho kan ha skjedd etter 200 f.Kr., etter at gamal x og ɣ var blitt til ħ og ʕ.
Skrift

Alfabetisk skrift blei oppfunnen i Midtausten på 1700-talet f.Kr., kring 1300 år etter den eldste kileskrifta i Mesopotamia og hieroglyfane i Egypt. Vi finn inskripsjonar i denne eldste alfabetiske skrifta – kalla ursemittisk eller ursinaittisk – i Egypt, Sinai og Kanaan. Ho hadde 27 eller 28 bokstavar, som alle stod for konsonantar. Skriveretninga var ikkje fast. På 1000-talet f.Kr. fekk denne alfabetiske skrifta ei fastare form, kalla fønikisk skrift. Ho blei nytta til å skrive nordvestsemittiske språk, bortsett frå ugarittisk, som blei skrive med eit kileskriftalfabet som var inspirert av den fønikiske skrifta. Fønikisk skrift hadde 22 bokstavar. Sidan nordvestsemittiske språk hadde fleire enn 22 konsonantar, laut nokre bokstavar stå for fleire konsonantar, som vist i tabell 2. Skriveretninga var konsekvent frå høgre mot venstre.

Nordvestsemittisktalande folkeslag utvikla eigne variantar av den fønikiske skrifta – til dømes gamalhebraisk og riksarameisk skrift, presenterte høvesvis i kolonne 1 og kolonne 3 i tabell 4. Kolonne U viser den gamalhebraiske uttalen av bokstavane på 800-talet f.Kr.

Tabell 4. 1: gamalhebraisk skrift, 2: moderne samaritansk skrift, 3: riksarameisk skrift, 4: hebraisk kvadratskrift, U: gamalhebraisk uttale på 800-talet f.Kr.

1

2

3

4

U

1

2

3

4

U

1

2

3

4

U

א

א

א

א

ʔ

ט

ט

ט

ט

t'

פ

פ

פ

פ ף

p

ב

ב

ב

ב

b

י

י

י

י

j

צ

צ

צ

צ ץ

s'

ג

ג

ג

ג

g

כ

כ

כ

כ ך

k

ק

ק

ק

ק

k'

ד

ד

ד

ד

d

ל

ל

ל

ל

l

ר

ר

ר

ר

r

ה

ה

ה

ה

h

מ

מ

מ

מ ם

m

ש

ש

ש

ש

ɬ, š

ו

ו

ו

ו

w

נ

נ

נ

נ ן

n

ת

ת

ת

ת

t

ז

ז

ז

ז

z

ס

ס

ס

ס

s

 

 

 

 

 

ח

ח

ח

ח

ħ, x

ע

ע

ע

ע

ʕ, ɣ

 

 

 

 

 

Den gamalhebraiske skrifta blei nytta i både i Israel og Judea mellom 800 og 500 f.Kr. Persarane tok i bruk gamalarameisk i kommunikasjonen mellom ulike delar av det akemenidiske riket (559–330 f.Kr.), og slik blei riksarameisk skrift kjend over store delar av Sørvest-Asia. Etter det babylonske fangenskapet (597–539 f.Kr.) begynte dei å skrive hebraisk med det gamalarameiske alfabetet i Judea, der den gamalhebraiske skrifta gjekk heilt av bruk på 200-talet f.Kr., då dei tok i bruk ein stilisert «kvadratisk» variant av den riksarameiske skrifta. Denne kvadratskrifta, som står i kolonne 4 i tabell 4, er kjend som hebraisk kvadratskrift, trass i at ho opphavleg er arameisk.

I det gamle Israel overlevde den gamalhebraiske skrifta, og ho blir framleis nytta av samaritanane, i ein eigen moderne samaritansk variant som er presentert i kolonne 2 i tabell 4.

Uttaletradisjonar

Etter at hebraisk slutta å vere eit munnleg daglegspråk på 200-talet e.Kr., blei det halde ved lag ei lang rekkje uttaletradisjonar som blei – og blir – nytta i bibelresitasjon i jødiske og samaritanske miljø. Lista nedanfor viser hovudgruppene av uttaletradisjonar. Dei har alle opphav i mellomhebraisk uttale i den andre tempelperioden:

Hebraiske uttaletradisjonar

1 Samaritansk
2 Ikkje-samaritansk
2.1 Tiberiensisk
2.2 Palestinsk
2.2.1 Sefardisk
2.2.2 Asjkenasisk
2.3 Babylonsk
2.3.1 Jemenittisk

Det finst ein god del variasjon innanfor kvar tradisjon. I den sefardiske tradisjonen finn vi alt frå ladino-talande samfunn med røter i Spania via arabisk-, arameisk-, persisk- og georgisktalande samfunn til malajalam-talande samfunn i Kerala i Sør-India. Variasjonen gir mykje verdfull informasjon i arbeidet med å rekonstruere det felles utgangspunktet – mellomhebraisk og gamalhebraisk uttale. Som ein hovudtendens er uttaletradisjonane farga av daglegspråket i ulike miljø, til dømes slik at den asjkenasiske tradisjonen er sterkt farga av jiddisk. Fleire mellomhebraiske konsonantar har berre overlevd i uttaletradisjonane om dei fanst i desse daglegspråka. Den mellomhebraiske uttalen har overlevd best i den jemenittiske tradisjonen. 

Konsonantar i nyhebraisk

Nyhebraisk uttale, det vil seie uttalen av hebraisk i den moderne staten Israel, byggjer primært på den sefardiske uttaletradisjonen, men er sterkt farga av at fleirtalet av innbyggjarane i Israel har bakgrunn i jiddisk-talande asjkenasiske miljø. Uttalen kan kallast eit «kompromiss» mellom sefardisk og asjkenasisk tradisjon – eller mellom jødespansk og jiddisk. 

Tabell 5 viser konsonantfonema i nyhebraisk. Konsonantane som er skrivne i feite typar, finst berre i lånord. Nokre døme: i tšélo צֶ׳לוֹ 'cello', i bándžo בַּנג׳וֹ 'banjo' og ž i žanr זָ׳נר 'sjanger'. Ž står for IPA [ ʒ ].

Ein del israelske jødar med arabiskspråkleg bakgrunn uttaler ע som ʕ (stemd faryngal frikativ), ח som ħ (ustemd faryngal frikativ) og ק som q (ustemd uvular plosiv). Legg òg merke til at r blir uttalt som ein uvular vibrant, dvs. ein «skarre-r».

Nokre av dei hebraiske bokstavane har ein prikk inni seg. Det er ein dageš דָּגֵשׁ (MH dågeš, NH dageš), som er omtalt nærmare i avsnittet «Dageš» lenger nede. Dageš er sett inn i dei bokstavane som har forskjellig uttale med og utan dette teiknet: פּ p, בּ b, כּ k mot פ f, ב v, כ x. I vanlege tekstar er ikkje dageš teken med, slik at ein ikkje kan sjå om פלסטיני 'palestinar' skal uttalast falastini (rett uttale) eller palastini (feil uttale).

Tabell 5. Konsonantane i nyhebraisk

פּ

p

ט ת

t

 

 

כּ ק

k

א ע

ʔ

בּ

b

ד

d

 

 

ג

g

 

 

 

 

צ

ts

צ׳

 

 

 

 

 

 

 

 

ג׳

 

 

 

 

פ

f

ס שׂ

s

שׁ

š

כ ח

x

ה

h

ב ו

v

ז

z

ז׳

ž

 

 

 

 

מ

m

נ

n

 

 

 

 

 

 

 

 

ל

l

י

j

ר

r [ʀ]

 

 

Vokalar

Så lenge gamalhebraisk og mellomhebraisk var eit levande daglegspråk, blei ikkje vokalane noterte, bortsett frå at konsonantteikna ו w og י j (og i nokre samanhengar א ʔ og ה h) kunne representere vokalar, men på ein fleirtydig måte, som vist nedanfor. Når ein av desse bokstavane representerer ein vokal, kallar vi han mater lectionis, latin for 'lesemor', fleirtal matres lectionis 'lesemødrer'. For at dei heilage tekstane skulle bli lesne på rette måten, utvikla jødiske masoretar fleire system med diakritiske teikn som blei lagde til utan å endre noko i den gamle overleverte teksten. Masoretane var jødiske rabbinarar som arbeidde med å ta vare på den hebraiske bibelteksten – både den skriftlege og den munnlege tradisjonen.

Arbeidet med å utvikle desse systema med diakritiske teikn begynte truleg på 400–500-talet e.Kr. i Mesopotamia, etter nestorianske førebilete. Det vanlegaste og mest detaljerte systemet, som vi finn i dei mest utbreidde bibelutgåvene og i dei fleste bibelhebraiske grammatikkar, blir kalla det tiberiensiske systemet, som blei utvikla av masoretar i byen Tiberias (טְבֶרְיָה‎ MH t'bærjå, NH tverja) ved Genesaretsjøen.

Tiberiensisk bibelhebraisk kring 800 e.Kr. hadde sju vokalfonem – til vanleg skrivne i e æ a å o u i det latinske alfabetet – som vist i tabell 6. Dei tiberiensiske diakritiske teikna for vokalane er viste på ein א ʔ, med og utan mater lectionis. Vokalen æ svarer til IPA [ɛ] og å svarer etter vanleg oppfatning til [ɔ] – eller kanskje [ɒ]. 

Tabell 6. Dei tiberiensiske bibelhebraiske vokalsystemet kring 800 e.Kr.

אִ אִי

i

אוּ אֻ

u

אֵי אֵ

e

אוֹ אֹ

o

אֶי אֶ

æ

אָ

å

 

אַ

a

 

 

I tillegg til desse vokalane opererer ein med såkalla schwa (MH šwå שְׁוָא), to prikkar under kvarandre: אְ. Schwa blir skriven under ein konsonant som ikkje er følgd av ein av vokalane i tabell 6. Ordet šwå שְׁוָא er avleitt av šåw שָׁוְא, som tyder 'ingenting'. I nokre posisjonar blir schwa realisert som ein kort [ǝ], som ikkje er eit eige vokalfonem.

Nyhebraisk har berre fem vokalfonem, i e a o u, ved at tiberiensisk æ er blitt til e, og tiberiensisk å er blitt til a (og i nokre særskilde tilfelle til o) i samsvar med sefardisk uttaletradisjon.

Ursemittisk og urnordvestsemittisk hadde vokalfonema i a u ī ā ū. Korleis desse vokalane utvikla seg til systemet i tabell 6, fell utanfor rammene av denne artikkelen. Fram til kring 100 e.Kr. skilde språket mellom korte og lange vokalar.

Dageš

Eit viktig tiberiensisk diakritisk teikn i tillegg til vokalteikna er דָּגֵשׁ NH dageš, MH dågeš, ein prikk som står inni ein bokstav, til dømes בּ. Ein skil mellom «sterk» og «veik» dageš. Sterk dageš (latin dageš forte) kan stå i nesten alle konsonantar, men er sjeldne i ʔ א, h ה, ħ ח, ʕ ע og r ר. Ein konsonant med sterk dageš er lang (dobbel) og står mellom to vokalar, som i MH k'ibbus' קִבּוּצ 'samling'. Veik dageš (latin dageš lene) står i konsonantane b ב, d ד, g ג, p פ, t ת, k כ for å vise at dei blir uttalte som plosivar. Utan dageš blir dei uttalte som frikativar, jf. tabell 3.

Ein konsonant med veik dageš står fremst i eit ord eller etter ein annan konsonant, slik at han ikkje kan forvekslast med sterk dageš. Veik dageš manglar ofte fremst i ord – slik at vi får frikativar – når ordet framfor endar på vokal. Skiljet mellom plosiv-uttale og frikativ-uttale av desse seks konsonantane var i hovudsak allofonisk på 800-talet e.Kr. Ein omtaler desse konsonantane som begadkefat i hebraiske grammatikkar på norsk, av hebraisk בֶּגֶ׳׳ד כֶּפֶ׳׳ת MH bægæd kæpæt [bɛˈɣɛð kɛˈfɛθ], NH beged kefet [beˈged keˈfet]. I nyhebraisk finst det ikkje doble konsonantar, så der er skiljet mellom sterk og veik dageš ikkje like klart, og dageš uttrykkjer eit fonemisk skilje mellom p b k og f v x. Ordet קִבּוּץ, MH k'ibbus', blir uttalt kibuts på nyhebraisk, men vi skriv likevel kibbutz på norsk, på grunnlag av mellomhebraisk uttale. 

Trykk

Trykket ligg oftast på den siste stavinga i ordet, som i אֱלֹהִים MH ʔlohimɛloˈhim], NH ʔelohim [ʔeloˈhim] 'Gud', og det er ikkje markert i skrift. Men trykket ligg på den nest siste stavinga i somme ord, og det kan då skilje to ord frå kvarandre, som בָּנוּ MH bånu [bɔˈnu], NH banu [baˈnu] 'dei bygde' mot בָּ֫נוּ MH bǻnu [ˈbɔnu], NH bánu [ˈbanu] 'i oss'. Ein vanleg tiberiensisk trykkmarkør er עוֹלֶה MH ʕolæ NH ʔole, ein liten «vinkel» over konsonanten fremst i den trykksterke stavinga, til dømes slik: א֫.

Fordi dei tiberiensiske diakritiske teikna til dels uttrykkjer allofoniske detaljar i uttalen, kan ein lett frå inntrykk av at trykket oftare ligg på den nest siste stavinga i mellomhebraisk enn det faktisk gjorde. Ordet אֶ֫רֶץ 'jord, land' blir i den tiberiensiske tradisjonen skrive som om uttalen var ʔǽræs' [ˈɛrɛs'], men det er semje mellom ekspertane at ein fonemisk representasjon av dette ordet er ʔærs'. Vokalen æ mellom r og s' var ein kort ikkje-fonemisk vokal. I nyhebraisk er slike vokalar blitt fonemiske, og אֶ֫רֶץ blir uttalt ʔérets.


Meir informasjon

Harris Birkeland: Lærebok i hebraisk grammatikk. Oslo 1984

Joshua Blau: Phonology and Morphology of Biblical Hebrew. An Introduction. Winona Lake 2010

Lewis Glinert: Modern Hebrew. An Essential Grammar. Third Edition. New York & London 2005

Lily Kahn: The Routledge Introductory Course in Biblical Hebrew. London & New York 2014

 

Rudolf Meyer: Hebräische Grammatik. I: Einleitung, Schrift- und Lautlehre. II: Formenlehre, Flexionstabellen. Berlin 1966–69

Eric D. Reymond: Intermediate Biblical Hebrew Grammar. A Student's Guide to Phonology and Morphology (Resources for Biblical Study 89). Atlanta 2018

Christopher A. Rollston: Writing and Literacy in the World of Ancient Israel. Epigraphic Evidence from the Iron Age (Archaeology and Biblical Studies 11). Atlanta 2010

 

Geoffrey Khan ofl. (red.): Encyclopedia of Hebrew Language and Linguistics. Leiden 2013. Nettugåve: https://referenceworks.brillonline.com/browse/encyclopedia-of-hebrew-language-and-linguistics

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 21.12.2020
Sist oppdatert: 21.12.2020