Hopp til innhold
X
Innhald

Hindi

Ordet sjampo kjem frå hindi.

Ordhistorie

Norsk har fleire ord som kjem frå hindi – mellom anna sjampo 'såpe til hårvask'. Via engelsk shampoo kjem ordet frå hindi cāṁpo चाँपो 'gni!', 'massér!', som er imperativ av verbet cāṁpnā चाँपना 'gni', 'massere'. cāṁpo चाँपो er den typen imperativ som ein mellom anna nyttar til tenarar. Vil ein vere høflegare, som når ein snakkar til eldre eller overordna, seier ein cāṁpie चाँिपए. Når ein snakkar til nære vener eller born eller ein vil uttrykkje seg direkte vanvørdsleg, seier ein cāṁp चाँप.

Språkfamilie

Hindi er eit indoarisk språk og står svært nær urdu. Dei indoariske språka utgjer i lag med dei iranske språka den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Språkhistorie

Over eit stort område i Nord-India, også i Delhi, snakkar folk det indoariske språket hindi. Dialekten i Delhi og den vestlege delen av delstaten Uttar Pradesh heiter khaṛī bolī खड़ी बोली. Det har oppstått to standardiserte skriftspråk på grunnlag av khaṛī bolī, nemleg hindi og urdu. Hovudskilnadene mellom hindi og urdu er at hindi blir skrive med den indiske skrifta som heiter devanāgarī देवनागरी, medan urdu blir skrive med det arabiske alfabetet. I tillegg har hindi teke opp ein del lånord frå sanskrit, medan urdu har mange lånord frå persisk og arabisk.

Daglegdags urdu og hindi talespråk er likevel ikkje lette å skilje frå kvarandre, og dialogane i Bollywood-filmane er på eit språk som folk i India oppfattar som hindi, og folk i Pakistan som urdu. Språkforma er vald medvite av filmskaparane, for å nå eit størst mogleg publikum.

Språksystem

Om ein berre tek omsyn til lydsystem og grammatikk, kan urdu og hindi reknast som same språket. Hadde setninga nedanfor vore skrive med det arabiske alfabetet, ville ho ha blitt rekna som urdu!

maiṁ kursī par baiṭhā hūṁ मैं कुरसी पर बैठा हूँ 'eg sit på ein stol'

Ord for ord tyder setninga 'eg stol på sitjande er', og det illustrerer eit typisk trekk ved grammatikken i hindi og urdu: Subjektet kjem ofte først i setninga og verbet sist, med andre ledd imellom. Hindi har ikkje preposisjonar, men postposisjonar, merk kursī par, som ord for ord tyder 'stol på', der vi seier på [ein] stol.

Ordet kursī 'stol' kjem av arabisk kursī ﻛﺮﺳﻲ 'stol', og viser at det ikkje berre er urdu som har lånord frå arabisk.

Uttale

Hindi har desse ti vokalane, attgitt i vanleg translitterasjon og i fonetisk transkripsjon:

ī

[i]

ū

[u]

i

[ɪ]

u

[ʊ]

e

[e]

a

[ə]

o

[o]

ai

[ɛ]

au

[ɔ]

ā

[a]

Alle dei ti vokalane finst òg i nasalert utgåve, og det er markert med ein etter i translitterasjonen, som i maiṁ [mɛ̃] 'eg'.

Hindi har desse konsonantane:

p [p]

t [t]

[ʈ]

c [tʃ]

k [k]

q [q]

ph [pʰ]

th [tʰ]

ṭh [ʈʰ]

ch [tʃʰ]

kh [kʰ]

b [b]

d [d]

ḍ~ṛ [ɖ~ɽ]

j [dʒ]

g [ɡ]

bh [bʰ]

dh [dʰ]

ḍh~ṛh [ɖʰ~ɽʰ]

jh [dʒʰ]

gh [ɡʰ]

f [f]

s [s]

š [ʃ]

x [x]

h [ɦ]

z [z]

ġ [ɣ]

m [m]

n [n]

r [ɾ]

Medan norsk skil mellom ustemde og stemde plosivar, til dømes p og b, har hindi fire typar: ustemd uaspirert p [p], ustemd aspiret ph [pʰ], stemd uaspirert b [b] og stemd aspirert bh [bʰ].

Akkurat som norske dialektar på Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg har hindi retroflekse konsonantar, og uttalen av hindi बटन baṭan 'knapp' (frå engelsk button 'knapp') liknar austnorsk/trøndsk/nordnorsk uttale av barten. Dei retroflekse konsonantane er , ṭh, ḍ~ṛ, ḍh~ṛh og . [ɽ] og ṛh [ɽʰ] er uttalevariantar av og ḍh, og dei finst etter vokalar. Merk òg c [tʃ] og j [dʒ] og dei tilsvarande aspirerte ch [tʃʰ] og jh [dʒʰ]. er vanleg translitterasjon av [ŋ].

Litteratur om hindi

R.S. McGregor: Outline of Hindi Grammar. 2. utgåve. Oxford University Press, Delhi/Bombay/Calcutta/Madras 1972

Rupert Snell: Read and Write Hindi Script. A Teach Yourself Guide. 2. utgåve. Hodder Education, London 2011

Rupert Snell og Simon Weightman: Complete Hindi. 2. utgåve. Hodder Education, London 2011

Tilrådd litteratur om språka i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge, 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 28.07.2017