Hopp til innhold
X
Innhald

Italiensk

Bankerott, stakkato og pizza – italiensk alt saman!

Ordhistorie

Norsk og andre europeiske språk har lånt mange ord frå italiensk. Kring år 1500 lånte vi mellom anna ein del ord knytte til bankverksemd, mellom anna bank, bankerott og post, av italiensk banco/banca, banca rotta og posta, som opphavleg tydde høvesvis ‘pengevekslardisk’, ‘sundslått pengevekslardisk’ og ‘stad der ein skiftar hest’.

På 1500–1700-talet fekk Italia ein framståande plass innanfor musikken, gjennom komponistar som Giovanni Pierluigi da Palestrina (1525–1594), Claudio Monteverdi (1567–1643) og Antonio Vivaldi (1678–1741). Italiensk blei det internasjonale musikkspråket, kjent gjennom hundretals ord som mellom anna adagio ‘(musikkstykke som skal spelast) langsamt’, scherzo ‘livleg og rask komposisjon eller sats’ og stakkato (italiensk staccato) ‘stutt’, ‘støytvis’.

I nyare tid har rettar frå det italienske kjøkkenet spreidd seg over heile verda, ikkje minst i form av pizza og spagetti (italiensk spaghetti). Vi må òg nemne ordet mafia.

Det er òg slik at italiensk har lånt mange ord frå germanske språk. Banco/banca kjem av eit eldre germansk ord som er i slekt med norsk benk – og scherzo kjem av tysk Scherz ‘skjemt’, ‘spøk’.

Språkfamilie

Italiensk er eit romansk språk. Dei romanske språka høyrer til den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien og blir delte i kontinental romansk og sardisk. Kontinental romansk har to greiner, austromansk (rumensk/moldovisk) og italo-vestromansk. Italo-vestromansk deler vi i to, italo-dalmatisk og vestromansk. Italiensk er eit italo-dalmatisk språk.

Språkhistorie

Som andre romanske språk stammar italiensk frå vulgærlatin, talemålet i Romarriket. Det er ikkje mogleg å definere eit tidspunkt då vulgærlatin gjekk over til å vere italiensk. Språket i det moderne Italia kunne gjerne framleis ha heitt latin, eventuelt «nylatin», slik språket i det moderne Hellas framleis blir kalla gresk – eller nygresk, til skilnad frå mellom anna gamalgresk.

På 700–800-talet hadde talespråket i Italia endra seg så mykje at det ikkje lenger utan vidare kunne identifiserast med vulgærlatinen i antikken. Latin var likevel framleis skriftspråket i Italia, og det var ikkje før på 1200-talet at eit eige italiensk skriftspråk voks fram, på grunnlag av toskansk.

På 1300-talet spela forfattarane Dante Alighieri (1265–1321), Francesco Petrarca (1304–1374) og Giovanni Boccaccio (1317–1375) ei viktig rolle i utforminga av dette skriftspråket, som likevel lenge varierte ein del, avhengig av dialektbakgrunnen til skribenten. Det var først samlinga av Italia til eitt rike, ein prosess som varte frå om lag 1815 til 1871, at Italia fekk eit einskapleg standardspråk, på grunnlag av dialekten i Firenze. Moderne italiensk standardtalemål blir ofte karakterisert som lingua toscana in bocca romana ‘toskansk mål i romersk munn’.

Språksystem

Med det italienske språket meiner vi anten (1) alle variantar av italo-dalmatisk som blir snakka i Italia, oftast kalla dei italienske dialektane, eller (2) det italienske standardspråket, i skriven og talt form.

Dei italienske dialektane blir delte i tre hovudgrupper: norditaliensk, sentralitaliensk og søritaliensk. Til den norditalienske gruppa høyrer piemontesisk, lombardisk, ligurisk, emiliansk og venetisk. Til sentralitaliensk høyrer først og fremst toskansk. Til søritaliensk høyrer mellom anna siciliansk, kalabrisk og kampansk (med napolitansk). Dialektskilnadene i Italia er så store at fleire av dialektane blir rekna som eigne språk, og fleire av dei har sine eigne skrifttradisjonar.

Her er «Fader vår, du som er i himmelen, lat namnet ditt helgast» på fire av dei:

Venetisk Standarditaliensk
Pare nostro che te

si nei ciei, sia

santificà el to

nome
Padre nostro che sei

nei cieli, sia

santificato il tuo

nome
Napolitansk Siciliansk
Pate nuoste ca staje

ncielo,

santificammo ’o

nomme tujo
Patri nostru cca si

’n celu, sia

santificatu ’u nomi

teu


Det italienske standardspråket byggjer på toskansk, ein variant av sentralitaliensk. I store delar av Italia er dialektane i vanleg bruk, på same måte som i Noreg, men standarditaliensk breier seg også sterkt som førstespråk.

Uttale

Italiensk har sju vokalar i trykksterke stavingar og fem i trykksvake stavingar. I tabellen nedanfor er dei gjengitt ortografisk og i IPA-transkripsjon. Legg merke til at ortografien ikkje skil mellom [e] og [ɛ] og mellom [o] og [ɔ]. Det tyder at ein som ikkje har språket som førstespråk, må lære seg i kvart tilfelle kva som er den rette uttalen.

Vokalar i trykksterke stavingar

Vokalar i trykksvake stavingar

i [i]

u [u]

i [i]

u [u]

e [e]

o [o]

e [e]

o [o]

e [ɛ]

o [ɔ]

a [a]

a [a]

Språket har 23 konsonantar:

p [p]

t [t]

z [ts]

c(i) [tʃ]

c(h) [k]

b [b]

d [d]

z [dz]

g(i) [dʒ]

g(h) [ɡ]

f [f]

s [s]

sc(i) [ʃ]

v [v]

s [z]

m [m]

n [n, ŋ]

gn [ɲ]

u [w]

l [l]

gl [ʎ]

i [j]

r [r]

Bokstaven z står for både [ts] og [dz], som i substantiva zucchero [ˈtsukkero] ‘sukker’ og zona [ˈdzɔːna] ‘sone’. Bokstaven s står for både [s] og [z], som i substantiva casa [ˈkaːsa] ‘hus’ og viso [ˈviːzo] ‘ansikt’.

Konsonantane [tʃ], [dʒ], [ʃ] blir skrivne som ci, gi, sci framfor u, o, a og som c, g, sc framfor i, e. Nokre døme: ciabatta [tʃaˈbatta] ‘tøffel’, cena [ˈtʃeːna] ‘kveldsmat’; giorno [ˈdʒorno] ‘dag’, gigione [dʒiˈdʒoːne] ‘dårleg, sjølvgod songar’, sciopero [ˈʃɔːpero] ‘streik’, scimpanzè [ʃimpanˈtsɛː] ‘sjimpanse’. Konsonantane [k] og [ɡ] blir skrivne som ch, gh framfor i, e og som c, g framfor u, o, a og framfor konsonantar. Nokre døme: chimica [ˈkiːmika] ‘kjemi’, gorgheggiamento [ɡorɡeddʒaˈmento] ‘kvitring’, ‘fuglesong’, crittografo [kritˈtɔɡrafo] ‘kryptograf’. Legg merke til at sch står for [sk], som i scherzo [ˈskertso] ‘spøk’, ‘scherzo’ (musikkuttrykk).

Italiensk skil mellom korte (enkle) og lange (doble) konsonantar, som i fato [ˈfaːto] ‘lagnad’ mot fatto [ˈfatto] ‘faktum’. Legg merke til at trykksterke vokalar er lange når dei ikkje er følgde av meir enn éin konsonant. Konsonanten først i eit ord blir uttalt lang mellom anna etter ord med trykk på siste staving, som i la città nuova [latʃitˈtanˈnwɔːva] ‘den nye byen’, og etter ein preposisjon, som i andiamo a casa [anˈdjaːmo akˈkaːsa] ‘la oss gå heim’. Fenomenet blir kalla raddoppiamento fonosintattico ‘fonosyntaktisk fordobling’ på italiensk.

I eit italiensk ord ligg trykket oftast på ei av dei fire siste stavingane i ordet: città [tʃitˈtaː] ‘by’, professore [profesˈsoːre] ‘professor’, medico [ˈmɛːdiko] ‘dokter’, terminano [ˈtɛrminano] ‘dei (av)sluttar’. Når trykket ligg på den siste stavinga, er det merkt med ein akutt-aksent (´) eller ein gravis-aksent (`), på denne måten: í/ì, é [e], è [ɛ], à, ò [ɔ], ó [o], ú/ù. Nokre døme: virtú/virtù [virˈtuː] ‘dygd’, credé [kreˈdeː] ‘ho/han trudde’, caffè [kafˈfɛː] ‘kaffi’, ‘kafé’. I dette tilfellet kjem med andre ord skiljet mellom [e] og [ɛ] og mellom [o] og [ɔ] fram i skrift.

Litteratur om italiensk

Geir Lima: Italiensk grammatikk. Unipub, Oslo 2007

Renate Merklinghaus, Nadia Nuti-Schreck, Linda Toffolo, Kristian Østberg: Allegro. Italiensk for begynnere 1. Gyldendal, Oslo 2004

Renate Merklinghaus, M. Gloria Tommasini, Linda Toffolo, Tove Næss Lien: Allegro. Iitaliensk 2. Gyldendal Undervisning, Oslo 2005

Signe Marie Sanne: Italiensk grammatikk. Kolofon, Oslo 2007

Magnus Ulleland: Italiensk grammatikk. Tanum-Norli, Oslo 1966

Tilrådd litteratur om språk i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 02.02.2016