Hopp til innhold
X
Innhald

Japansk

Tsunami, karaoke og soya er ord vi har lånt frå japansk.
 

Ordhistorie
Vi har lånt ein del ord frå japansk, og mellom dei best kjende er:
karaoke 'amatørsong til kjend musikk som er teken opp utan vokalinnslag' < karaoke カラオケ, av kara 空 'tom', 'tomrom' + oke オケ, forkorting av ōkesutora オーケストラ 'orkester', frå engelsk orchestra
soya 'krydra væske av soyabønner' < shōyu 醬油 'kryddersaus'
tsunami 'flodbølgje' < tsunami 津波 'hamnebølgje'
sushi (matrett) < sushi 寿司 eller 鮨 'ris med eddik, servert med fisk, tang, skaldyr, kjøt, egg, grønsaker eller sopp'
Ordet Japan kjem via omvegar frå Nippon / Nihon 日本. På mandarin blir 日本 uttalt Rìběn, og den fulle forma 日本國 blir uttalt Rìběnguó. Denne siste forma kom til Europa med Marco Polo (fødd ca. 1254, død 1324) som Cipangu og Zipangu, men desse formene kan ikkje vere opphavet til forma Japan. Då portugisiske handelsfolk kom til Malakka på 1500-talet, fekk dei høyre om det landet som på malayisk heiter Jepang [dʒǝpaŋ], som portugisarane først skreiv som Giapan. (Den moderne portugisiske forma er Japão [ʒapãw]). Jepang kjem frå ein kinesisk uttale av 日本, og vårt Japan kjem av den portugisiske forma Giapan.
Språkfamilie
Japansk høyrer til den japanske språkfamilien, som har to hovudgreiner, japansk og ryūkyūisk, seks språk på Ryūkyū-øyane. Det har ikkje late seg gjere å påvise noko slektskap mellom den japanske språkfamilien og andre språk.
Språkhistorie
Den eldste japanske boka, frå 712, er skriven på klassisk kinesisk, men inneheld japanske ord og uttrykk skrivne med kinesiske teikn, der teikna er nytta fonetisk – utan omsyn til tydinga – for å skrive japanske stavingar. På 800-talet blei eit utval teikn forenkla til to typar stavingsskrift, katakana 片仮名 og hiragana 平仮名 (meir om skrift under «Språksystem»). I 1946 blei det vedteke at berre 1850 kinesiske teikn skulle brukast i skular og lærebøker.
Sidan 200-talet har japansk teke opp mange kinesiske ord, som dei tre i landsnamnet Nihon-koku 日本國 : nichi 日 'sol', hon 本 'opphav' og koku 國 'land'. Pan パン 'brød' og nokre andre portugisiske ord blei lånte gjennom jesuittiske misjonærar på 1500-talet. Sidan slutten av 1800-talet har mange europeiske ord blitt lånte, særleg engelske, som fōku フォーク 'gaffel' (fork), hankachi ハンカチ 'handkle' (handkerchief) og tēburu テーブル 'bord' (table), men også nokre tyske og franske.
Språksystem
Japansk blir skrive med ein kombinasjon av kanji 漢子 'kinesiske teikn' og to typar stavingsskrift, katakana 片仮名 og hiragana 平仮名. Hovudprinsippet er:
Røter av japansk og kinesisk opphav blir skrivne med kanji.
Suffiks, grammatiske partiklar og nokre japanske røter blir skrivne med hiragana.
Med katakana skriv ein nyare lånord og onomatopoetikon – og ein kursiverer.
Her er eit døme:
私はコーヒーを飲みます。
Watashi wa kōhī o nomimasu.
'Eg drikk kaffi.'
Med kanji: pronomenet watashi 私 'eg' og rota no- 飲 'drikke'
Med hiragana: temamarkøren wa は, objektsmarkøren o を og verbsuffikset -mimasu みます
Med katakana: substantivet kōhī コーヒー 'kaffi', frå nederlandsk koffie.
Setninga viser òg viktige drag ved japansk grammatikk. Setninga tek til med subjektet eller temaet, så følgjer objektet og til slutt verbet. Substantiva er ubøyelege, medan verba blir bøygde i ei lang rekkje kategoriar, medrekna gradar av høflegheit.
Uttale
Japansk har fem korte og fem lange vokalar – her skrivne på den måten vi her skriv japansk med latinske bokstavar på, og i IPA-transkripsjon: i [i], e [e], a [a], o [o], u [ɯ], ī [iː], ē [e], ā [a], ō [oː], ū [ɯː].
Her er konsonantane:
p [p]
t [t]
ts [ts]
ch [tʃ]
k [k]
b [b]
d [d]
j [dʒ]
g [ɡ]
f [ɸ]
s [s]
sh [ʃ]
h [h~ç]
z [z]
m [m]
n [n]
n [n̩]
r [ɺ]
y [j]
w [ɰ]
Japansk har eit tonesystem (ofte kalla aksent), der nokre stavingar har ein høg tone (merkt med ´ ) og andre ein låg tone (umerkt):
háshi 箸 'matpinne'
hashí 橋 'bru'
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 01.11.2011
Sist oppdatert: 11.04.2014