Faktaboks

jødespansk

sefardisk, judesmo, judeoespañol, djudeo-espanyol eller ladino

Språkkodar
lad (LAD)
ISO-639:3
lad

Jødespansk er eit romansk blandingsspråk som utvikla seg på 1200- og 1300-talet blant jødar på den iberiske halvøya ved at dei tok opp hebraiske ord i spanske dialektar. Jødespansk er førstespråket til om lag 100 000 menneske i Israel, 8000 i Tyrkia, 1000 i Hellas, 300 i USA og eit ukjent tal andre stader. Språket har ingen offisiell status nokon stad.

Språket går under fleire andre namn: sefardisk, judesmo, judeoespañol, djudeo-espanyol eller ladino. Ladino er rett nok eigentleg ei nemning som vart brukt om direkte omsetjingar frå hebraisk til spansk, men blir i dag ofte brukt synonymt med jødespansk.

Då jødane vart fordrivne frå Spania på 1400-talet, vart jødespansk språket til dei sefardiske jødane i det søraustlege Europa og Tyrkia. Det utvikla seg to ulike dialektformer: orientalsk jødespansk (Konstantinopel, Smyrna, Rhodos) og vestleg jødespansk (Saloniki og Balkanlandene). Det vart etter kvart påverka av gresk, tyrkisk, arabisk og fransk. Jødespansk har bevart mange syntaktiske særeigenskapar, arkaiske, til dels dialektale former og uttale som ikkje lenger blir nytta i spansk. Språket vart opphavleg skrive med det hebraiske alfabetet, men i dag blir òg det latinske alfabetet brukt.

Vanlege endonym for språket er djudeo-espanyol 'jødespansk', djudezmo, djudio 'jødisk', ladino og sefaradí 'sefardisk'. Ein person som høyrer til den etniske gruppa, er ein sefaradí 'sefard'. Viktige land: Espanya 'Spania', Marroko 'Marokko', Turkiya 'Tyrkia', Gresia 'Hellas' og Israel 'Israel'.

Språkfamilie

Jødespansk høyrer til dei romanske språka, som blir delte i kontinental romansk og sardisk. Kontinental romansk har greinene austromansk og italo-vestromansk. Italo-vestromansk deler vi i italo-dalmatisk og vestromansk. Vestromansk deler vi i ibero-romansk og gallo-romansk. Mellom dei iberoromanske språka finn vi jødespansk, kastiljansk og portugisisk. Jødespansk er ein variant av kastiljansk, som ofte berre blir kalla spansk.

Språkhistorie

I 1492 vedtok den spanske dronninga Isabella at alle jødar skulle utvisast frå landet, og Portugal gjorde same vedtaket i 1497. Fleirtalet av dei som blei råka av vedtaket, blei tekne vel imot i det ottomanske riket. Dei kastiljansk-talande sefardiske jødane slo seg ned på Balkan og i Nord-Afrika, Levanten og Anatolia.

Jødespansk er nærmast eit 1400-tals kastiljansk (spansk). Det har ikkje gått gjennom dei endringane som seinare har råka kastiljansk i Spania. [ʃ] og [ʒ] i kastiljansk har falle saman i [x], men har overlevd i jødespansk – jamfør kastiljansk bajo [ˈbaxo] prep. 'under' og hijo [ˈixo] 'son' med jødespansk basho [ˈbaʃo] 'under' og ijo [ˈiʒo] 'son'.

Fram til 1800-talet blei jødespansk skrive med det hebraiske alfabetet. Seinare har det latinske alfabetet dominert, med ei rettskriving som følgjer andre prinsipp enn moderne kastiljansk.

Dei jødespanske språksamfunna gjekk i oppløysing tidleg på 1900-talet. Mange sefardiske jødar emigrerte då det ottomanske riket gjekk i oppløysing, og mange omkom i dei nazistiske utryddingsleirane.

Språksystem

Nokre karakteristiske skilnader mellom jødespansk og moderne kastiljansk kjem fram når vi samanliknar talorda frå éin til fjorten:

Jødespansk Kastiljansk Jødespansk Kastiljansk
1 uno uno 8 ocho ocho
2 dos dos 9 mueve nueve
3 tres tres 10 dyes diez
4 kuatro cuatro 11 ondje once
5 sinko cinco 12 dodje doce
6 sesh seis 13 tredje trece
7 syete siete 14 katorze catorce

Ei særutvikling i jødespansk er lydendringa nue > mue, som i talordet mueve 'ni', adjektivet muevo 'ny' og pronomenet muestro 'vår', mot kastiljansk nueve, nuevo og nuestro.

Lånord

Ein jøde med røter i Spania og Portugal blir kalla sefaradí 'sefard' på jødespansk. Ordet sefaradí kjem av hebraisk Sǝfārað ספרד. I Obadja 1,20 står det: «Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev.» Ingen veit kvar Sefarad låg, men i mellomalderen blei det identifisert med den iberiske halvøya, truleg på grunn av lydlikskapen med España 'Spania'.

Ifølgje jødisk tradisjon vart stadnamnet Sefarad brukt om den iberiske halvøya. Sjå òg sefardar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Armin Hetzer: Sephardisch. Judeo-español, Djudezmo. Einführung in die Umgangssprache des südosteuropäischen Juden. Wiesbaden 2001

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg