Hopp til innhold
X
Innhald

Joruba

Joruba er eit av dei få afrikanske språka som framleis er nytta i Amerika – i den kubanske religionen lukumí.

Ordhistorie

Plantasjeeigarane i Karibia tillét ikkje at slavane praktiserte afrikanske religionar. Slavane fann likevel ei råd. Dei tilbad katolske helgenar, men oppfatta dei som openberringar av afrikanske guddomar. Herrane trudde at slavane var blitt gode kristne helgendyrkarar, medan dei i røynda følgde dei tradisjonelle religionane sine. Det finst fleire slike tradisjonelle religionar i Amerika, til dømes lukumí på Cuba. Joruba er eit viktig språk i denne religionen, og ordet lukumí kjem av joruba olùkù mi ‘venen min’. Guddomane i lukumí blir kalla orisha – jamfør òriṣa ‘avgud’, ‘avgudsbilete’ på joruba i Afrika.

Språkfamilie

Joruba høyrer til språkfamilien niger-kongo. Språket blir rekna til ei joruboid gruppe, som er ei grein av ei defoid gruppe, som er ei av tolv greiner i benue-kongo, som er ei av fem greiner i volta-kongo, som er ei av hovudgreinene i niger-kongo. Men mykje er uklart.

Språkhistorie

Jorubaene har ei historie som strekkjer seg over tusen år tilbake i tid, men det var ikkje før i 1819 at dei første joruba-orda, nokre talord, blei sette på trykk. Den første jorubagrammatikken blei utgitt i 1843 av biskop Samuel Ajayi Crowther, som sjølv var joruba. Crowther byrja òg arbeidet med å lage ei joruba-ordbok og å setje om Bibelen til joruba.

Eit standardisert skriftspråk blei utvikla under ein konferanse i Lagos i 1875. I 1938 kom den første romanen på joruba, Ògbójú Ọdẹ nínú Igbó Irúnmọlẹ̀ ‘Skogen med tusen demonar’, skriven av Daniel Olorunfẹmi Fagunwa (1903–1963).

Språksystem

Verba på joruba har oftast éi staving: jẹ ‘ete’, ‘døy’, ‘slå’, ‘sjå’, ‘finne’, fún ‘gi’ osv. Substantiv har fleire stavingar og byrjar oftast med vokal: ọ̀bẹ ‘kniv’, àgbọn ‘kokosnøtt’, agbọ́n ‘veps’, agogo ‘klokke’.

Joruba manglar ordbøying. Verb utan partiklar viser til fullført handling. Substantiv manglar skilje mellom eintal og fleirtal. Denne setninga viser begge delar:

Mo rà ọ̀bẹ

‘eg’ ‘kjøpe’ ‘kniv’

‘Eg kjøpte kniv(ar)’

Uttale

Joruba har sju korte og lange orale vokalar og fem korte og lange nasale vokalar.

i [i]

u [u]

ii [iː]

uu [uː]

in [ĩ]

un [ũ]

iin [ĩː]

uun [ũː]

e [e]

o [o]

ee [eː]

oo [oː]

[ɛ]

[ɔ]

ẹẹ [ɛː]

ọọ [ɔː]

ẹn [ɛ̃]

ọn [ɔ̃]

ẹẹn [ɛ̃ː]

ọọn [ɔ̃ː]

a [a]

aa [aː]

an [ã]

aan [ãː]

Ọn/ọọn blir skrive ọ/ọọ etter m, jf. mọ [mɔ̃] ‘byggje’. Vokalen etter n er alltid nasal, jf. àna [ànã] ‘svigerslektning’. Meir om n + vokal nedanfor.

Språket har 17 konsonantfonem:

t [t]

k [k]

p [k͡p]

b [b]

d [d]

j [ɟ]

g [ɡ]

gb [ɡ͡b]

m [m]

(n [n])

f [f]

s [s]

[ʃ]

h [h]

r [ɾ, ɹ]

l [l]

y [j]

w [w]

N finst berre framfor nasal vokal, medan l berre finst framfor oral vokal. N er ein allofon av l. Joruba har ein syllabisk nasal, som er ng [ŋ] framfor vokal og er homorgan med den følgjande konsonanten. Han blir skriven m framfor b. Framfor andre konsonantar blir han skriven n. Den syllabiske nasalen har sin eigen tone, og joruba er eit tonespråk med høg (H), midtre (M) og låg (L) tone. H er merkt med ´, L med `, og M er umerkt: Yorùbá [joɾùbá].

Litteratur om joruba

Ayọ Bamgboṣe: A Grammar of Yoruba. (West African Language Monographs 5.) Cambridge University Press, Cambridge 1966. Reissue edition 2010

Evan Celyn Rowlands: Teach Yourself Yoruba. Teach Yourself, London 1993

Antonia Yetunde Folarin Schleicher: Colloquial Yoruba. Routledge, Oxford 2008

Tilrådd litteratur om språk i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 08.03.2017