Kabylsk er eit berbersk språk som høyrer til den afroasiatiske språkfamilien. Kabylsk er førstespråket til mellom 5 og 6 millionar menneske i fleire område i Atlasfjella i det nordlege Algerie. Desse områda blir kalla Kabylia. Andre stader i verda, mellom anna i Frankrike og Belgia, finst det truleg 1–2 millionar kabylar som har halde på språket sitt.

I Algerie er arabisk det offisielle språket. Sidan 1995 har berberske språk vore eit frivillig fag i skular i berberske område. I ein revisjon av den algeriske grunnlova 10. april 2002 fekk tamaziɣt ‘berbersk’ status som nasjonalspråk, utan at det har fått nokon praktiske følgjer.

Aqbayli tyder ‘kabylsk mann’ og ‘Kabylia’. Set vi ein t før og etter, får vi taqbaylit som tyder ‘kabylsk kvinne’ og ‘det kabylske språket’. Amaziɣ tyder ‘berbersk mann’ og tamaziɣt tyder ‘berbersk kvinne’ og ‘det berberske språket’. Landet til kabylane blir kalla Aqbayli ‘Kabylia’, Tamurt ‘Landet’ og Tamurt n leqbayel ‘Landet til kabylane’. Ordet berber kjem av arabisk barbar ‘barbarar’, ‘berberar’, igjen av gresk bárbaros ‘barbar’, ‘ikkje-grekar’.

Språkfamilie

Kabylsk er eit berbersk språk, og berbersk er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien.

Dei berberske språka blir delte i fleire grupper, og dei viktigaste er nordberbersk og tamasjek (tuaregisk). Kabylsk er eit nordberbersk språk. Mindre grupper er austberbersk og zenaga.

Språkhistorie

Berberane har budd i Nord-Afrika i over 4000 år, og ein gong var heile Nord-Afrika berberskspråkleg. Mange har lagt berberane under seg, men arabisk påverknad har vore særskilt sterk og byrja med spreiinga av islam på 600-talet. I dag er berberske språk førstespråket til 14 prosent av folket i Algerie. Kabylsk har aldri vore mykje nytta som skriftspråk før på 1900-talet.

Det finst berberske innskrifter i Kabylia frå det 3. hundreåret før vår tidsrekning til det 3. hundreåret etter vår tidsrekning, i ei skrift som har overlevd blant tuaregane under namnet tifinagh (tifininaɣ) ‘fønikisk’. I 1960-åra laga nokre kabylar ei modernisert ny-tifinagh-skrift. Tetturar teqcict ‘jenta leikar’ blir skrive ⵝⴻⵜⵜⵓⵔⴰⵔ ⵝⴻⵇⵛⵉⵛⵜ i ny-tifinagh. Skrifta er viktig for berbersk nasjonalisme.

Språksystem

Kabylsk og andre berberspråk har mykje og komplisert bøying, og orda blir bøygde i begge endar. Aqcic ‘gut’ og taqcict ‘jente’ heiter i fleirtal iqcicen ‘gutar’ og tiqcicin ‘jenter’.

Substantivet endrar form når det står etter verbet og er subjekt, og verbet endrar form etter person, tal og grammatisk kjønn hos subjektet. I setningane yetturar weqcic ‘guten leikar’ og tetturar teqcict ‘jenta leikar’ er weqcic og teqcict subjektsformer av aqcic ‘gut’ og taqcict ‘jente’, og yetturar og tetturar er ‘leikar’ med subjekt i 3. person hankjønn og hokjønn.

Lånord

Kyrkjefaderen Augustin (354–430) var berber frå Tagaste i den romerske provinsen Numidia. Byen låg der vi i dag finn byen Souk Ahras (arabisk Sūq Ahrās) i det nordaustlege Algerie. Mor hans, den heilage Monica (332–387), var òg frå Tagaste. Det er sannsynleg at namnet Monica har berbersk opphav.

Den gamle berberske skrifta, tifinagh (tifinaɣ), blei truleg lånt frå fønikarane i Kartago, og tifinaɣ tyder truleg opphavleg ‘fønikisk’.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lâqed́ ajed́id́ n-Sidna-Aisa el-Masih́. [Det nye testamentet på kabylsk.] Printed in Great Britain at the University Press, Oxford, by Vivian Ridler, printer to the university
  • Kamal Naït-Zerrad: Grammaire moderne du kabyle. tajerrumt tatrart n teqbaylit. Éditions Karthala, Paris 2001
  • Michel Quitot: Grammaire berbère (rifain, tamazight, chleuh, kabyle). L’Harmattan, Paris 1997
  • Salem Zena: Les rêves de Yidir. Bilingue berbère-français. Préface de Tassadit Yacine. L’Harmattan, Paris 1993

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg