Hopp til innhold
X
Innhald

Kambodsjansk

Kambodsjansk er førstespråket til 15,8 millionar menneske i Kambodsja og eit par millionar i grannelanda Vietnam og Thailand. I det kambodsjanske språket spelar sosial status ei viktig rolle.

Ordhistorie

Sidan Kambodsja blei ein sjølvstendig nasjon att i 1953 – etter 86 år som fransk protektorat – har landet hatt fleire offisielle namn, her skrivne på norsk, fransk og kambodsjansk:

1953–1970

Kongedømet Kambodsja

Royaume du Cambodge

ព្រះរាជាណាចក្រកម្ពុជា

preǝh riǝciǝnaacɑk kɑmpuʔciǝ

1970–1975

Khmer-republikken

République Khmère

សាធារណរដ្ឋខ្មែរ

saathiǝrɔɔnɑɑrɔt kmae

1975–1979

Demokratiske Kampuchea

Kampuchea démocratique

កម្ពុជាប្រជាធិបតេយ្យ

kɑmpuʔciǝ prɑciǝthiʔpaʔtaj

1979–1989

Folkerepublikken Kampuchea

République populaire du Kampuchea

សាធារណរដ្ឋប្រជាមានិតកម្ពុជា

saathiǝrɔɔnɑɑrɔt prɑciǝmiǝnit kɑmpuʔciǝ

1989–1993

Staten Kambodsja

État du Cambodge

រដ្ឋកម្ពុជា

rɔt kɑmpuʔciǝ

1993–

Kongedømet Kambodsja

Royaume du Cambodge

ព្រះរាជាណាចក្រកម្ពុជា

preǝh riǝciǝnaacɑk kɑmpuʔciǝ

 

Medan landet i tidsrommet frå 1975 til 1989 blei kalla Kampuchea på europeiske språk, har former som svarer til norsk Kambodsja – dansk Cambodja, svensk Kambodja, finsk Kambodža, tysk Kambodscha, engelsk Cambodia, fransk Cambodge, russisk Kambodža (Камбоджа) – vore nytta før 1970 og etter 1989.

Både Kampuchea og Kambodsja er attgjevingar av kambodsjansk kampuʔciə កម្ពុជា. Forma Kambodsja har vi fått viа fransk Cambodge.

Frå 1975 til 1989 blei Kampuchea brukt internasjonalt. Denne forma byggjer på Kâmpŭchéa, som er ein transkripsjon (av ordet kampuʔciə កម្ពុជា) for kambodsjansk, som blei vedteke av FN i 1972 – UNGEGN-transkripsjonen frå United Nations Group of Experts on Geographical Names.

Ordet khmer, som svarer til kambodsjansk kmae, er ein translitterasjon av ខ្មែរ, som bokstav for bokstav er kh-m-ae-r. (r រ blir ikkje uttalt i slutten av ei staving).

Språkfamilie

Kambodsjansk høyrer til den austlege undergreina av mon-khmer-språka, som er ei grein av den austroasiatiske språkfamilien. Det finst nærmare 170 austroasiatiske språk, som blir talt av kring 117 millionar menneske. Ved sida av kambodsjansk er vietnamesisk det best kjende mon-khmer-språket. Munda-språka, som blir snakka i India, utgjer òg ei grein av den austroasiatiske språkfamilien, og santali er det mest kjende munda-språket.

Språkhistorie

Vi kan dele historia til kambodsjansk i tre periodar: 

  • Gamalkambodsjansk, frå 600-talet til 1300-talet
  • Mellomkambodsjansk, frå 1300-talet til 1700-talet
  • Nykambodsjansk, frå 1700-talet til notida

Gamalkambodsjansk var språket i Angkorriket (802–1431), med hovudstad i Angkor, kambodsjansk ɑŋkɔɔ អង្គរ, som tyder 'hovudstad'. Det hinduistisk-buddhistiske Angkorriket var sterk påverka av indisk kultur, og kambodsjansk lånte mange ord frå dei indiske språka sanskrit og pali, til dømes phiǝsaa ភាសា 'språk', frå sanskrit bhaaʂaa भाषा 'språk'.

Den kambodsjanske skrifta er av indisk opphav, og den eldste innskrifta på kambodsjansk er frå 611.

Mellomkambodsjansk blei derimot primært påverka av thai og laotisk, og i mindre grad også av vietnamesisk.

Frå 1867 til 1953 var Kambodsja eit fransk protektorat, og i denne perioden blei det kambodsjanske språket sterkt påverka av fransk, og det finst mange lånord frå fransk, til dømes kaamiiɲoŋ កាមីញ៉ុង 'lastebil', frå fransk camion 'lastebil'.

I dag er engelsk den dominerande kjelda for lånord, og kambodsjansk har til dømes lånt ordet kompjuutɔ កុំព្យូទ័រ 'datamaskin' frå engelsk computer 'datamaskin'.

Språksystem

Kambodsjansk er eit SVO-språk – det vil seie eit språk der subjektet (S) står framfor verbet (V) og objektet (O) etter verbet – som vist i denne setninga: 

មីងខ្ញុំអត់ញ៉ំសាច់

 Miiŋ    kɲom    ʔɑt    ɲɑm    sac.         'Tanta mi et ikkje kjøt.'

'tante'   'eg'   'ikkje'   'ete'   'kjøt'

Kambodsjanske ord blir ikkje bøygde, slik at til dømes substantivet miiŋ មីង 'tante' i andre samanhengar kan tyde 'tanter'. Det er heller ikkje noko skilje mellom ubunden og bunden form. Pronomenet kɲom ខ្ញុំ kan tyde både 'eg', 'meg' og 'min/mi/mitt/mine'. Verbet ɲɑm ញ៉ំ kan tyde både 'ete', 'et' og 'åt'. 

I ein substantivfrase – det vil seie i eit setningsledd der eit substantiv er overleddet eller «kjernen» – står substantivet først, og så følgjer ulike underledd eller «attributtar» etter, som i miiŋ kɲom មីងខ្ញុំ 'tanta mi'.

I det kambodsjanske språket spelar sosial status ei viktig rolle, og det finst mellom anna fleire ord for 'eg'. kɲom ខ្ញុំ er nøytralt, men det finst andre ord for 'eg' som blir nytta 1) mellom nære vener eller til personar som er underordna, 2) når ein skal vere formell, 3) når ein ikkje-geistleg snakkar til ein buddhistisk geistleg, 4) når ein buddhistisk geistleg snakkar til ikkje-geistlege, og 5) når ein snakkar til ein kongeleg.

Sjølv om ein ikkje bøyer orda på kambodsjansk, kan ein lage nye ord ved avleiing med prefiks og suffiks. Til dømes er verbet sɑmlap សម្លាប់ 'drepe' laga ved at kausativinfikset -ɑm- er sett inn mellom dei to første konsonantane i slap ស្លាប់ 'døy'.

Uttale

Kambodsjansk har dei 17 konsonantane i denne tabellen, der c står for [tʃ] og alt anna er IPA-teikn: 

p

t

c

k

ʔ

ph

th

ch

kh

 

ɓ

ɗ

 

 

 

m

n

ɲ

ŋ

 

 

s

 

 

h

ʋ

l

j

 

 

 

r

 

 

 

Dei fleste orda i kambodsjansk har berre éi staving. Ei staving kan begynne med éin, to eller tre konsonantar, men i slutten av stavinga er det ingen eller éin konsonant, som i orda taa តា 'bestefar', kɲom ខ្ញុំ 'eg' og strǝj ស្ត្រី 'kvinne'.

Språket har desse 18 monoftongane (8 korte og 10 lange) og 14 diftongane:

i

ɨ

u

ii

ɨɨ

uu

e

ǝ

o

ee

ǝǝ

oo

 

 

 

ɛɛ

 

ɔɔ

a

 

ɑ

aa

 

ɑɑ

 

ɨi

ɨǝ

ɨu

ei

ǝi

ǝɨ

 

ou

ai

 

 

 

au

ae

 

 

ao

I motsetnad til dei fleste språk i Søraust-Asia er kambodsjansk ikkje eit tonespråk. Det er eit skilje mellom trykksterke og trykksvake stavingar, og i fleirstavingsord er den siste stavinga trykksterk.

Skrift

Den kambodsjanske skrifta blir skriven frå venstre mot høgre, akkurat som det latinske alfabetet. Det er ikkje mellomrom mellom orda i ei setning, som illustrert med setninga Miiŋ kɲom ʔɑt ɲɑm sac មីងខ្ញុំអត់ញ៉ំសាច់ 'Tanta mi et ikkje kjøt' i avsnittet om språksystemet ovanfor. Mellomrom blir nytta mellom setningar, som punktum i latinsk skrift.

Konsonantar

Som tidlegare nemnt har den kambodsjanske skrifta indisk opphav, og det finst like mange bokstavar som i indiske skriftsystem. Tabellen nedanfor viser konsonantane. I kvar rute står den kambodsjanske bokstaven øvst. På grå bakgrunn står den opphavlege fonetiske verdien i det indiske systemet. På kvit bakgrunn står den fonetiske verdien i kambodsjansk.

Nokre bokstavar er skrivne med raud farge og andre med grøn farge. Dei raude bokstavane høyrer til den første serien, medan dei grøne høyrer til den andre serien. Kva dette skiljet går ut på, er forklart i omtalen av vokalane nedanfor.

 


k

k

kh

kh

ɡ

k

ɡh

kh

ŋ

ŋ

c

c

ch

ɟ

c

ɟh

ch

ɲ

ɲ

ʈ

ɗ

ʈh

th

ɖ

ɗ

ɖh

th

ɳ

n

t

t

th

th

d

t

dh

th

n

n

p

ɓ

ph

ph

b

p

bh

ph

m

m

 

j

j

r

r

l

l

ʋ

ʋ

 

 

 

s

s

h

h

ɭ

l

ʔ

ʔ

 

 

Når to konsonantar følgjer rett etter kvarandre, blir den andre skriven under den første i ei mindre utgåve, som i landsnamnet kampuʔciə កម្ពុជា, der ម្ព står for mp.

Vokalar

Den kambodsjanske skrifta er ei såkalla abugida-skrift, der kvar konsonant blir uttalt med ein vokal etter når det ikkje står noko eige vokalteikn. Til dømes blir bokstaven ក uttalt kɑɑ, og ɑɑ blir borte når eit særskilt vokalteikn blir lagt til, som i កា kaa, der ា representerer vokalen aa.

Konsonantar i den første serien (dei raude bokstavane i tabellen ovanfor) har vokalen ɑɑ etter seg, medan konsonantar i den andre serien (dei grøne bokstavane) har vokalen ɔɔ etter seg, slik at til dømes គ blir uttalt kɔɔ

Vokalteikna har ulik uttale etter konsonantar frå dei to seriane. Som vi såg ovanfor, fekk vi កា kaa når vi la ា til førsteseriekonsonanten ក. Når vi derimot legg ា til konsonanten គ frå den andre serien, får vi គា, som blir uttalt kiǝ. Med andre ord blir ា uttalt aa etter ein konsonant i den første serien og  etter ein konsonant i den andre serien.

Tabellen nedanfor viser korleis alle dei forskjellige vokalteikna blir uttalte etter konsonantar i dei to seriane. Streken (–) øvst i venstre kolonne tyder «ikkje noko vokalteikn». Som ein ser, har tre vokalteikn same uttale i begge tilfella. Legg merke til at vokalteikna ikkje alltid følgjer konsonantteikna. Nokre står føre, nokre etter, nokre over, nokre under, nokre både føre og etter – og eitt står både føre, over og etter.

 

1212
ɑɑɔɔǝǝ
aaɨǝ
ei
ǝiiieiee
ǝɨaeɛɛ
ǝɨɨɨaiɨi
ouaooo
ouuuauɨu

Meir informasjon

Chhany Sak-Humphry: Colloquial Cambodian. The Complete Course for Beginners. London & New York 2016

 

Det finst ei god ordbok på nettet, med omsetjing frå kambodsjansk til engelsk og med grundig informasjon om uttale og etymologi: http://sealang.net/khmer/dictionary.htm.

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

 

Først publisert: 10.11.2020
Sist oppdatert: 02.12.2020