Hopp til innhold
X
Innhald

Kanuri

Kanuri er kjent i skriftlege kjelder sidan 1600-talet – lenger tilbake i tid enn dei fleste andre afrikanske språk.

Ordhistorie

Kanuri var hovudspråket i det gamle kongeriket Borno, som låg rundt Tsjadsjøen. Dette riket eksisterte frå 1387 til 1893 og var eit framhald av Kanem-riket, som oppstod på 700-talet og strekte seg frå Kamerun i sør, gjennom mesteparten av Tsjad og opp til dei sørlege delane av Libya. Desse statsdanningane har hatt stor påverknad på grannefolka, og ein finn mange kanuri-ord i til dømes hausa og Adamawa-dialekten av fulfulde. Fulfulde har over 2200 lånord frå kanuri.

Språkfamilie

Kanuri høyrer til den vestlege greina av den sahariske språkfamilien. Saharisk blir rekna som ei grein av ein hypotetisk nilosaharisk språkfamilie. Kanuri har fire hovuddialektar: sentral-kanuri, manga-kanuri, tumari-kanuri og kanembu. Skriftspråket byggjer på Maidúguri-varianten av sentral-kanuri.

Språkhistorie

Delstaten Borno i Nigeria har namnet sitt etter kanuri-kongedømet Borno (1387–1893). Før 1500 tok dei i bruk det arabiske alfabetet, først til å skrive arabisk, men på 1600-talet også til å skrive kanuri. Dei eldste skriftlege kjeldene er frå 1600-talet og omfattar mellom anna Koran-kommentarar i arabisk skrift. Den første grammatiske framstillinga kom i 1827.

I 1974 blei det skipa eit språkråd for kanuri, og i 1975 presenterte rådet ein standardisert kanuriortografi, SKO (Standard Kanuri Orthography), som er nytta i denne artikkelen.

Språksystem

Kanuri er eit SOV-språk – det vil seie at som hovudregel kjem subjektet først og verbet sist i ei setning, medan objektet og andre ledd kjem imellom:

subjekt indirekte objekt direkte objekt verb

Músa sáwanzǝ́ro hawâr bǝ́lanzǝ́be súwúdin.

‘Moses’ ‘til venen sin’ ‘nyhende om byen hans’ ‘bringar’.

‘Moses bringar venen sin nytt om byen hans.’

Ordet sáwanzǝ́ro kan analyserast som sáwa ‘ven’ + nzǝ́ ‘hans’ + ro ‘dativ’, og bǝ́lanzǝ́be som bǝ́la ‘by’ + nzǝ́ ‘hans’ + be ‘genitiv’. Verbet har tre element: ‘3. person eintal’ + wúd ‘bringe’ + in ‘imperfektiv’. Rota til verbet er eigentleg kúd, men k-en blir til w mellom vokalar.

Uttale

Kanuri har seks vokalar og skil ikkje mellom korte og lange:

i [i]

u [u]

e [e]

ǝ [ǝ]

o [o]

a [a]

Konsonantsystemet ser slik ut:

(p [p])

t [t]

c [tʃ]

k [k]

[ʔ]

b [b, w]

d [d]

j [dʒ]

g [ɡ, ɣ]

mb [mb]

nd [nd]

nj [ndʒ]

ng [ŋɡ]

m [m]

n [n]

ny [ɲ]

ng [ŋ]

f [f, ɸ]

s [s]

sh [ʃ]

h [h]

z [z]

nz [nz]

r [r]

l [l, ɽ]

y [j]

w [w]

g blir uttalt [ɣ] etter vokal, r eller l, og [ɡ] elles.

b blir uttalt [w] mellom vokalar, og [b] elles.

f blir uttalt [ɸ] framfor runda vokalar (u, o), og [f] elles.

l blir uttalt [ɽ] framfor i og i nokre særtilfelle, og [l] elles.

ng blir uttalt [ŋɡ] fremst i ord og oftast [ŋ] inne i ord.

r står for [r], bortsett frå i nokre lånord frå hausa, der r står for [ɽ].

p står i parentes fordi denne konsonanten ikkje er eit eige fonem, men representerer ein ustemd variant av b, som finst før dei ustemde konsonantane t og s.

Kanuri er eit tonespråk, og hovudtonane er høg (H, merkt med ´ ), låg (L, ikkje merkt) og fallande (HL, merkt ^ ), som i kǝrî ‘ås’, kǝ́ri ‘hund’, fotó ‘foto’ og fótó ‘side’. Ein sekvens av H + L + H blir uttalt som H + midtre + midtre, som i fátodǝ́ [fátōdē] ‘huset’.

Litteratur om kanuri

Norbert Cyffer: We learn Kanuri. Assisted by Umara Bulakarima & Yaganami Karta. (Afrikawissenschaftliche Lehrbücher, Band 2.) Rüdiger Köppe Verlag, Köln 1991

Johannes Lukas: A Study of the Kanuri Language. Grammar and Vocabulary. Oxford University Press, Oxford 1937

Tilrådd litteratur om språk i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 08.03.2017