Hopp til innhold
X
Innhald

Katalansk

Ordet brakke har katalansk opphav.
Ordhistorie
Substantivet brakke 'enkel trebygning brukt til mellombels innhysing' har vi lånt via tysk Baracke frå fransk baraque, men ordet kjem opphavleg frå katalansk barraca [bǝˈrakǝ] 'hytte', 'bu', 'lite hus'.
 
Frå 711 til 1492, då delar av den iberiske halvøya hadde muslimsk styre, fekk katalansk og andre språk i området mange lånord frå arabisk. Frå desse språka spreidde orda seg til andre europeiske språk. Arabisk bāðinjān 'eggfrukt' – opphavleg av persisk bademjan 'eggfrukt' – kom inn i katalansk som albergínia [ǝlβǝrˈʒiniǝ], med den arabiske bundne artikkelen al-. Den katalanske forma blei lånt inn i fransk, der ho etter kvart blei til aubergine.
 
 
La Sagrada Familia, Barcelona. Foto: Carlos Mejìa Greene, CC BY 2.0
 
La Sagrada Familia, Barcelona. Foto: Carlos Mejìa Greene, CC BY 2.0
 
 
Språkfamilie
Katalansk er eit romansk språk. Dei romanske språka høyrer til den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Dei romanske språka blir delte i kontinental romansk og sardisk. Kontinental romansk har to greiner, austromansk (rumensk/moldovisk) og italo-vestromansk. Italo-vestromansk deler vi i to, italo-dalmatisk og vestromansk. Vestromansk deler vi i ibero-romansk og gallo-romansk. Dei gallo-romanske språka er fransk, frankoprovençalsk, oksitansk og katalansk.
 
Språkhistorie
Den mallorkanske forfattaren, filosofen, poeten og teologen Ramón Llull (1233–1316) var den første store forfattaren som skreiv katalansk, og han blir kalla «den katalanske Dante». Katalansk språkhistorie blir delt i tre periodar, (i) mellomalderen, fram til 1400-talet, då katalansk tok over dei funksjonane som latinen før hadde hatt, (ii) tidsromet frå 1400-talet til slutten av 1800-talet, som blir kalla la Decadència [lǝ ðǝkǝˈðɛnsiǝ] 'nedgangen', då spansk (kastiljansk) fortrengde katalansk på mange bruksområde, og (iii) tidsromet frå slutten av 1800-talet, som blir kalla la Renaixença [lǝ rǝnǝˈʃɛnsǝ] 'atterfødinga' og fram til i dag, då skriftspråket blei normalisert og språket atter fekk status som offisielt språk. Under det fascistiske styret frå 1939 til 1975 var offentleg bruk av andre språk enn kastiljansk forbode, men katalansk har etter den tida opplevd ei kraftig oppblomstring, som har vekt interesse hos mange nynorskfolk.
 
Språksystem
Nedanfor er det sett opp eit par setningar på katalansk, spansk (kastiljansk), fransk og norsk, som viser skilnader og likskapar mellom språka. I den eine setninga finn ein mellom anna verbet parlar [pəɾˈla] 'snakke' i 3. person fleirtal presens indikativ: parlen [ˈpaɾlən] '(dei) snakkar'. Dette verbet – som kjem av latin *parabolare, danna av substantivet parabole 'likning', 'parabel' – finst i liknande former i fransk, medan kastinljansk (spansk) har hablar 'snakke', som kjem av latin fabulari 'snakke', 'prate'.
 
Katalansk: La pronúncia catalana no és fàcil. [lə pɾuˈnunsiə kətəˈlanə no es ˈfasil]
Kastiljansk: La pronunciación catalana no es fácil.
Fransk: La prononciation du catalan n'est pas facile.
Norsk: Uttalen av katalansk er ikkje lett.
 
Katalansk: Els catalans parlen molt ràpidament. [əls kətəˈlans ˈpaɾlən ˈmol rapiðəˈmen]
Spansk (kastiljansk): Los catalanes hablan muy rápido.
Fransk: Les Catalans parlent très rapidement.
Norsk: Katalanarane snakkar svært fort.
 
Uttale
Ortografisk skil katalansk normalt mellom fem vokalar – i, u, e, o, a – men i uttalen finst det sju vokalar i trykksterke stavingar og tre vokalar i trykklette stavingar. I trykksterk staving er uttalen i [i], u [u], e [e/ɛ], o [o/ɔ], a [a], og ein må lære seg i kvart einskilt tilfelle korleis e og o skal uttalast:
 
vi
[ˈbi]
'vin'
 
 
 
bus
[ˈbus]
'buss'
vent
[ˈben]
'vind'
 
 
 
boc
[ˈbok]
'bukk'
verd
[ˈbɛrt]
'grøn'
 
 
 
bo
[ˈbɔ]
'god'
 
 
 
bany
[ˈbaɲ]
'bad'
 
 
 
 
I trykklette stavingar er uttalen slik: i [i], u/o [u], e/a [ǝ]:
 
xilè
[ʃiˈlɛ]
'chilensk'
 
 
 
xumar
[ʃuˈma]
'drikke'
xerès
[ʃǝˈɾɛs]
'sherry'
 
 
 
xocar
[ʃuˈka]
'sjokkere'
 
 
 
xacal
[ʃǝˈkal]
'bad'
 
 
 
 
Regelen for trykk i fleirstavingsord er slik: Trykket ligg på nest siste staving når den siste endar på -i(s), -u(s), -e(s), -o(s), -a(s), -en eller -in. Elles ligg trykket på den siste stavinga. Døme: dona [ˈdɔnǝ] 'kvinne', dones [ˈdɔnǝs] 'kvinner', atlas [ˈatlǝs] 'atlas', examen [ǝgˈzamǝn] 'eksamen', salut [sǝˈlut] 'helse', costum [kusˈtum] 'vane', castell [kǝsˈteʎ] 'slott'. I ord som ikkje følgjer denne regelen, er trykket markert med ein eigen aksent: camí [kǝˈmi] 'veg', hindú [inˈdu] 'hindu', procés [pɾuˈses] 'prosess', cançó [kǝnˈso] 'song', cafè [kǝˈfɛ] 'kaffi', filòsof [fiˈlɔzuf] 'filosof', xarlatà [ʃǝrlǝˈta] 'sjarlatan'. Med desse aksentane skil ein alle dei sju trykksterke vokalane frå kvarandre: í [i], ú [u], é [e], ó [o], è [ɛ], ò [ɔ], à [a].
 
Katalansk har desse konsonantane, i fonetisk transkripsjon:
 
 
 
p
t
 
k
 
 
 
 
 
b~β
d~ð
 
g~ɣ
 
 
 
 
 
f
s
ʃ
 
 
 
 
 
 
 
z
ʒ
 
 
 
 
 
 
m
n
ɲ
ŋ
 
 
 
 
 
 
r ɾ
 
 
 
 
 
 
 
w
l
ʎ
j
 
 
 
 
Valet mellom [b, d, g] og [β, ð, ɣ] er avhengig av kva for lydar som kjem før og etter, jamfør la bomba [lǝ ˈβombǝ] 'bomba', der vi finn [β] mellom vokalar og [b] etter [m], og indicador [indikǝˈðo] 'indikator', der vi finn [d] etter [n] og [ð] mellom vokalar.


Sist oppdatert: 19.06.2014