SPRÅKFAKTA
Brukarar
Nærmare 250 000 menneske har khoekhoe som førstespråk. Over 190 000 av dei bur i Namibia, kring 56 000 i Sør-Afrika og 1500 i Botswana.
Formell status
Khoekhoe er eit av nasjonalspråka i Namibia, i tillegg til gciriku (diriku), engelsk, herero, kwangali, kwanyama, lozi, mbukushu, ndonga og tswana. Khoekhoe blir tilbode som skulefag, og ein kan studere det heilt opp til doktorgradsnivå ved University of Namibia. Det blir òg nytta i administrasjon og kringkasting.
Grunnord
Khoekhoe blir talt av tre etniske grupper, på khoekhoe Naman 'namaer' (eller ǀApakhoen 'raude folk'), Damaran 'damaraer' (eller ǂNūkhoen 'svarte folk') og Hai‖omin 'haiǁomar'. Alle kallar seg Khoekhoen. Språket heiter Khoekhoegowab. Namibia er oppkalla etter Namib-ørkenen, som heiter Namib på khoekhoe, medan landet heiter Namibia. Windhoek, hovudstaden i Namibia, heiter ǀAeǁgams 'varm kjelde' på khoekhoe.
Sjå alle språka
Khoekhoe har tjue klikklydar.
Ordhistorie
Ordet gnu 'hesteliknande afrikansk antilope med breistilte horn' stammar opphavleg frå khoekhoe. Vi har lånt det frå engelsk, som fekk det frå nederlandsk på 1700-talet. Nederlandsk har det frå eit khoekhoe-ord som først blei notert som t'gnu, truleg ein freistnad på å skrive ǂnū 'svart', nytta om den svarte gnuen.
Språkfamilie
Khoekhoe høyrer til språkfamilien sentral-khoisan, som mange reknar som ei grein av den hypotetiske «superfamilien» khoisan, saman med nord-khoisan, sør-khoisan, alle talte i Sørvest-Afrika, pluss to språk i Tanzania: sandawe og hadza. Namnet khoisan er laga av element frå khoekhoe. Khoi kjem av stamma khoe- til orda khoeb 'mann', khoes 'kvinne' og khoe-i 'menneske', medan -san kjem av Sān 'buskmenn'.
Språkhistorie
Khoekhoe-folket har budd i det sørvestlege Afrika i minst 2000 år. Dei kom først i kontakt med europearar kring år 1500, i områda der Kappstaden (engelsk Cape Town, afrikaans Kaapstad) ligg no. Den eldste beskrivinga av khoekhoe er frå 1717, då Gottfried Wilhelm Leibnitz skreiv ni sider om det no utdøydde «Kapp-hottentottisk». Mellom 1855 og 1905 kom det ut seks khoekhoe-grammatikkar. I 1855 kom den første boka på khoekhoe – Luthers katekisme. Seinare er det blitt utgitt både grammatikkar og ordbøker, og i 1966 kom heile Bibelen ut på khoekhoe. Khoekhoe har fire hovuddialektar: ǂakhoe, damara, nama og haiǁom.

Namibisk pengesetel med Hendrik Witbooi (ca. 1825–1905), hovding for namaene
og namibisk nasjonalhelt. Foto: Becky McCray, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
Språksystem
I ei khoekhoe-setning kjem subjektet først, så objektet og til slutt verbet:
Khoes ge ariba ge mû. 'Kvinna såg hannhunden.'
Khoes 'kvinne' er subjekt, ariba 'hannhund' er objekt, og mû 'gi' er verb. Ordet ge etter subjektet fortel at setninga er ei utsegn, ikkje eit spørsmål, medan ordet ge framfor verbet uttrykkjer tempuset 'fjern fortid'. Suffikset -s i ordet khoes 'kvinne' uttrykkjer 'hokjønn, eintal'. Suffikset -a i ordet ariba 'hanhund' uttrykkjer at dette ikkje er eit subjekt, medan den føregåande b-en uttrykkjer 'hankjønn, eintal'. Vi kunne ha bytt om suffiksa -s og -b og fått denne setninga:
Khoeb ge arisa ge mû. 'Mannen såg tispa.'
Uttale
Khoekhoe har fem korte og fem lange orale vokalar, skrivne ortografisk slik: i, e, a, o, u, ī, ē, ā, ō, ū. I tillegg finst det diftongar, til dømes ai, ae, au, ao, ui, oe, oa. Lange vokalar og diftongar kan òg vere nasale, og dei blir skrivne î, ê, â, ô, û, âi, âe, âu, âo, ûi, ôe, ôa.
Konsonantane er pulmoniske eller velariske. Dei pulmoniske blir uttalte med luft frå lungene og blir skrivne slik, ortografisk og i IPA-transkripsjon:
b, p
|
d, t
|
g, k
|
–
|
|
[p]
|
[t]
|
[k]
|
[ʔ]
|
|
ts
|
kh
|
|
|
|
[tsʰ]
|
[kxʰ]
|
|
|
s
|
x
|
h
|
|
|
[s]
|
[x]
|
[h]
|
m
|
n
|
|
|
|
[m]
|
[n]
|
|
|
|
r
|
|
|
|
|
[ɾ]
|
|
|
Konsonantane [p], [t] og [k] kan skrivast anten b, d og g eller p, t og k, og valet fortel om vokalen som kjem etter, har ein låg eller høg tone.
Khoekhoe har tjue velariske konsonantar – også kalla klikk-lydar – her attgitt ortografisk og i IPA-transkripsjon:
ǀg
|
ǁg
|
!g
|
ǂg
|
|
[kǀ]
|
[kǁ]
|
[k!]
|
[kǂ]
|
ǀkh
|
ǁkh
|
!kh
|
ǂkh
|
|
[kǀʰ]
|
[kǁʰ]
|
[k!ʰ]
|
[kǂʰ]
|
ǀn
|
ǁn
|
!n
|
ǂn
|
|
[ŋǀ]
|
[ŋǁ]
|
[ŋ!]
|
[ŋǂ]
|
ǀh
|
ǁh
|
!h
|
ǂh
|
|
[ŋ̊ǀʰ]
|
[ŋ̊ǁʰ]
|
[ŋ̊!ʰ]
|
[ŋ̊ǂʰ]
|
ǀ
|
ǁ
|
!
|
ǂ
|
|
[kǀˀ]
|
[kǁˀ]
|
[k!ˀ]
|
[kǂˀ]
|
Khoekhoe er, som alt nemnt, eit tonespråk.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006
Først publisert: 02.11.2011
Sist oppdatert: 13.02.2017